Hopp til innhold

Ny vår i Sudan, eller nok ein lang vinter?

Ståande oppå ein bil midt i folkehavet har Alaa Salah blitt symbolet på demonstrasjonane i Sudan. Nå har det skjedd store omveltingar, men demonstrantane krever meir.

Alaa Salah

Alaa Salah har blitt eit symbol for demonstrasjonane i Sudan. Med poesi har ho mobilisert demonstrantar frå eit biltak i Khartoum. At det er ei kvinne som taler framfor ei stor folkemengde representerer også noko nytt i Sudan.

I dag kom det oppsiktsvekkande nyheiter på løpande band frå Sudan. Omar al-Bashir si tid som president er over. Han er arrestert, og det er også ei lang rekke regimevennlege politikarar.

Ein forsvarsminister ser ut til å ta leiarrolla i kuppet og lovar demokratisk val innan to år, men demonstrantane er ikkje nøgde av den grunn.

For dei som står bak kuppet og har fjerna Bashir er også del av hans regime. Omveltingane i Sudan er store, men representerer ikkje nødvendigvis noko nytt.

Det meste er i ein unntakstilstand i Sudan akkurat no. På Twitter og Snapchat flaumar det over av videoar som viser jublande folkemassar. Samtidig tvinger det seg fram eit stort spørsmål: Kva no, Sudan?

AFP_1FK0LZ

Det er jubel som pregar bileta som kjem frå Sudan i dag.

Foto: AFP

– Blir ikkje snudd på hovudet

Då Bashir skulle velje ny forsvarsminister i februar peika han på mannen som i dag annonserte at Bashir er arrestert. Forsvarsministeren representerer altså både det førre og det nye regimet i Sudan.

Øystein Rolandsen

Øystein Rolandsen, seniorforskar ved PRIO, trur ikkje dei som har tatt makta i dag nødvendigvis vil skape stor endring i Sudan.

Foto: PRIO

– Dette er eit militært regime som tek over eit diktatorisk maktapparat. Om dei kjem til å styre nemneverdig forskjellig frå Bashir, det får me sjå. Det blir interessant å sjå kva som blir reaksjonane til nabolanda, FN og verda elles. Det er lite som tilseier at livet til den jamne sudanar vil bli snudd på hovudet frå første dagen hæren tek over, seier Sudan-ekspert ved PRIO, Øystein Rolandsen.

Han meiner det er langt frå sikkert at det militære regimet vil klare å konsolidere makta, og at det er vanskeleg å seie kva som eigentleg finst av opposisjon i landet som har vore eit diktatur i 30 år.

Nabolanda har ulike erfaringar

Sudan har fleire naboland som dei siste åra har erfaring med regimeskifte.

Om sudanarane ser mot Etiopia i aust kan dei sjå optimisme og ein president som har teke landet i ein meir demokratisk retning. Men om dei ser mot sør kan dei sjå eit krigsherja Sør-Sudan der to rivaliserande kamphanar har øydelagd alt. Og i nord har verken Libya eller Egypt endra seg til det betre etter at folket kasta regimet.

– No bør det kome eit utsegn om at Sudan styrer i ein demokratisk retning. Og om ikkje det utsegna kjem, og me ender opp med eit nytt militær- og etterretningsregime, så trur eg det blir trøbbel og demonstrasjonar også framover. Det er heilt sikkert, seier Gunnar Sørbø, sosialantropolog ved Christian Michelsens Institutt til NRK.

Gunnar Sørbø

Gunnar Sørbø ved Christian Michelsens Institutt trur ikkje demonstrantane vil gje seg om det no ender opp med å bli eit nytt autoritært regime i Sudan.

Foto: CMI / CMI

Opprøret i Sudan har eigentleg vart i mange år, sjølv om nordmenn knapt har høyrt om det. Bak revolusjonen står fagrørsler, ungdomsforeiningar og grupper som representerer legar, tannlegar, lærarar og andre som har viktige roller i Sudan.

– Akkurat no er det ein grunnvoll der folk seier at nok er nok. Militærregimet er nøydd til å lytte til folk. Dei kan ikkje fortsette som før med korrupsjon og eit sterkt maktapparat som er knytt inn i økonomien, seier spesialrådgjevar i Kirkens Nødhjelp, Odd Evjen.

– Det skjer neppe noko mirakel

No er spørsmålet om dei nye kreftene faktisk klarer å få på plass eit demokratisk val, slik dei seier at dei vil.

Tomm Kristiansen

Tomm Kristiansen meiner det finst folk rundt Bashir som har demokratiske idear og fredelege hensikter.

Foto: Ole Kaland / NRK / Ole Kaland

– Sudan har ein sjanse til å kome seg inn i det anstendige selskap av afrikanske statar. Al-Bashir har representert dei gamle autoritære tradisjonar. Der finst folk rundt ham som har demokratiske idear og fredelege hensikter. Det såg me under fredsforhandlingane med Sør-Sudan i 2005, seier NRKs tidlegare Afrika-korrespondent, Tomm Kristiansen.

Kristiansen, som tidlegare har jobba som rådgjevar for Sør-Sudans president Salva Kiir, meiner at det er lite som tyder på at alt kjem til å bli snudd opp ned i Sudan.

– Det kjem neppe nokre mirakel, slik det har gjort i nabolandet Etiopia. Khartoum har ein tradisjon for gamle menn frå hæren, seier Kristiansen.

Tredobla brødprisar vart bensinen på bålet

Ved hjelp av sosiale medium, song og debatt har demonstrantane mobilisert støtte mot eit stadig meir lukka sudansk regime. Demonstrasjonane har stort sett vore rolege, og få liv er gått tapt dei siste månadane.

Å halde demonstrasjonane fredelege har også vore eit viktig poeng for demonstrantane, som også i dag oppmodar folk til å ikkje plyndre eller øydelegge offentleg eigedom.

AFP_1FK087

Store folkemassar har vore ute i gatene i fleire sudanske byar dei siste månadane. Det har stort sett gått fredeleg for seg, og nokre medium melder om så mange som 600.000 demonstrantar framfor presidentens residens i dag.

Foto: AFP

Det var dei galloperande matprisane før jul som vart bensinen på bålet, og sidan den gong har demonstrantane vist at dei vil ha endring. Dei var leie etter årevis med korrupsjon og ein stadig dårlegare økonomi, der over 70 prosent av statens inntekter skal ha gått til å styrke militæret.

– Sudan er i økonomiske vanskar. Det har vore ein tradisjon for å subsidiere ein rekke varer, slik som sukker, bensin og mjøl til å bake brød. Dette har blitt kutta i, noko som har skapt misnøye, seier Øystein Rolandsen, som også viser til borgarkrigane i Sør-Sudan og Darfur som årsaker til misnøye.

X01806

Omar al-Bashir har regjert i Sudan i 30 år. Han tok makta gjennom eit kupp. No ser det ut til at han sjølv er kasta ned frå sjefsstolen.

Foto: Mohamed Nureldin Abdallah / Reuters

Barrikaderte viktig tomt

Sjølv ikkje tåregass og skotveksling klarte å fjerne dei mange som i helga barrikaderte inngangen til tomta der forsvarsdepartementet, etterretninga sitt hovudkvarter og presidentens residens ligg.

The Africa Report skriv at 600.000 i dag står utanfor denne viktige tomta i hovudstaden Khartoum. Det talet fortel litt om kva folkerørsle det er snakk om.

Kva framtida inneheld for Sudan er uklart. Det kan bli eit nytt regime som liknar på det gamle, det kan bli eit blodig oppgjer, men det også bli eit demokratisk val og den spede starten på noko nytt i Sudan.

SISTE NYTT

Siste nytt