Hopp til innhold

Arresterer Bashir og lover nyval i Sudan

Sudans forsvarsminister seier hæren har teke over makta og at president Omar al-Bashir er arrestert. Samtidig lover han nyval innan to år. Men ein av dei som leier demonstrasjonane seier det ikkje er nok.

X00514

I ein TV-tale lover Sudans forsvarsminister å innføre demokrati i landet innan to år. Ministeren var sjølv ein del av Bashir sitt regime.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Ministeren lover i talen at dagens regime skal bort, at det vil bli eit militært regime som tek kontroll i ein overgangsperiode over to år. Denne prosessen skal føre fram til eit demokratisk val, seier forsvarsministeren.

X01806

Sudans president er arrestert, opplyser landets forsvarsminister i ein TV-tale i dag.

Foto: Mohamed Nureldin Abdallah / Reuters

Reuters: Demonstrantane er framleis ikkje nøgde

Eit demokratisk val har også vore eit av hovudkrava som demonstrantane har hatt dei siste månadane. Dei har vore veldig misnøgde med Omar al-Bashirs autoritære regime, og også med det faktum at Sudans økonomi har vore veldig dårleg over lang tid.

Ministeren seier at det no vert erklært nasjonal våpenkvile, og det har tidlegare blitt bedt om at folk ikkje startar å plyndre og øydeleggje offentleg eigedom.

Reuters opplyser at dei har snakka med ein av hovudarkitektane bak demonstrasjonane, som seier at dei ikkje er nøgde med talen til forsvarsministeren. Dei varslar at dei vil fortsette demonstrasjonane, og oppmodar folk til å bli sittande framfor forsvarsdepartementet i Khartoum.

AFP_1FK087

Full jubel blant demonstrantane i dag. No har presidenten blitt kasta.

Foto: AFP

Stengde grenser og luftrom

Forsvarsministeren, Awad Mohamed Ahmed Ibn Auf, tilhøyrde sjølv Bashir sitt regime, og vart sett inn som forsvarsminister i februar. Tidlegare har han leia landets militære etterretningsarbeid, og også vore diplomat. Dagens revolusjon er med andre ord inga full utskifting av det sittande regime.

No tyder mykje på han har skaffa seg kontroll over militæret, og dermed sit med mykje av kontrollen over Sudan akkurat no. Fleire soldatar har dei siste dagane gått demonstrantane i forsvar, og det har gått rykte om full splid i hæren.

Trur ikkje på endring for folk i Sudan

Sudan-ekspert ved PRIO, Øystein Rolandsen, seier det er langt frå sikkert at dette militære regimet klarer å halde på makta. Og livet til folk i Sudan vil ikkje endre seg stort i det siste, meiner han.

– Dette er eit militærkupp. Det er eit militært regime som tek over eit diktatorisk maktapparat. Om dei kjem til å styre nevneverdig forskjellig frå Bashir, det får me sjå. Det blir interessant å sjå kva som blir reaksjonane til nabolanda, FN og verda for øvrig. Det er lite som tilseier at livet til den jamne sudaner vil bli snudd på hovudet frå første dagen hæren tek over, seier Rolandsen.

Sudan har no stengd både luftrommet og landegrensene, og det er erklært unntakstilstand i tre månader framover. Mange politikarar som har vore ein del av Bashir sitt regime er no fengsla.

Forsvarsministeren seier også at landets grunnlov er oppheva.

Det var tidlegare i dag at dei første meldingane om Bashir sin avgang kom. Det skjedde etter mange månader med store demonstrasjonar. Det var ei kraftig auke i matprisar som sette verkeleg fyr på misnøya som lenge har vore under overflata i Sudan.

SISTE NYTT

Siste nytt