Hopp til innhold

Ny republikansk kampanje mot Trump

Motstanden mot president Donald Trump aukar i det republikanske partiet. Ein tidlegare kommunikasjonssjef i Det kvite hus lanserer no ein ny kampanje for å hindre at Trump vinn valet.

Anthony Scaramucci

Anthony Scaramucci var kommunikasjonssjef i Det kvite hus. No kjempar han for at Donald Trump ikkje skal få fire nye år som president.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Namnet er Anthony Scaramucci. Den profilerte finansmannen var kommunikasjonssjef i Det kvite hus i 11 dagar. Så fekk han sparken.

No er han ein av mange republikanarar som kjempar for å hindre at Donald Trump skal få ein presidentperiode til.

Kunngjering neste veke

– Vi arbeider med noko vi kallar Repair 45 (The Republican Political Alliance for Integrity and Reform). Vi vil kunngjere dette initiativet neste veke, fortel Scaramucci i eit videomøte med norske journalistar.

Med på laget har han blant andre Olivia Troye, som har bakgrunn som rådgjevar for visepresident Mike Pence. Ho var også med i «White House Coronavirus Task Force».

Olivia Troye kritiserer Trump i ny video.

Vil stemme på Biden

I slutten av juli rydda ho kontoret, og sa ho ville stemme på Joe Biden, Donald Trump sin motkandidat frå Demokratane.

I ein fersk video frå Republicans Voters Against Trump kjem ho med sterk kritikk av Trump si handtering av koronapandemien.

– Eg trur fleire av dei som arbeider i Det kvite hus kjem til å trekkje seg, og ta til motmæle mot Trump si regjering. Eg arbeider for at det skal skje, seier Scaramucci.

Donald Trump har lenge vore under angrep frå sine eigne. Kampanjen The Lincoln Project blir styrt av republikanarar som meiner Trump ikkje må få ein ny periode i Det kvite hus. Det er minst fire slike grupper i USA.

Laster Twitter-innhold

No varslar altså ein tidlegare sentral medarbeidar nok eit initiativ. Før han blei kommunikasjonssjef, var Scaramucci ein del av Trump-kampanjen, og han sat i teamet som hadde ansvar for overgangen mellom Obama og Trump.

Når han no lanserer Repair 45, har Scaramucci allereie vore med på å støtte The Lincoln Project økonomisk.

Video frå The Lincoln Project.

– Trump er sint på meg

– Dersom vi kan få med oss 3 - 4 prosent av republikanarane, er det slutt. Noko av ironien i det som skjer, er at Trump samlar ei stor mengde amerikanarar. Men han fører oss saman mot seg sjølv, seier Scaramucci.

Scaramucci har skifta syn på kva retning landet tar. Han hevdar han kjenner presidenten sine sterke og svake sider, og trur at det plagar Trump.

Anthony Scaramucci om president Trump.

– «Den oransje galningen» er sint på meg. Trump-familien aksepterer ikkje normer, dei bryt aktivt reglane. Det kjennest som nazi-Tysklands demagogi, seier Scaramucci.

Han har også ein klar beskjed til dei som vil at Trump skal få Nobels fredspris.

– Dersom de treng hjelp i samband med Nobels fredspris, så ring meg gjerne. Eg skal få komiteen til å skjerpe seg.

– Ikkje bra for Trump

Eirik Løkke er rådgjevar i tankesmia Civita, og følgjer amerikansk politikk tett.

Portrett i sort/hvitt av Eirik Løkke med briller

Eirik Løkke, rådgjevar i Civita.

Foto: Civita

– Det er definitivt ikkje positivt for Trump at han blir motarbeidd av folk i hans eige parti. Konflikten mellom Republikanarane og Demokratane er blitt så stor at Trump treng alle republikanarar han kan få, han er avhengig av at dei møter opp på valdagen 3. november og stemmer på han, seier Løkke.

– Dei republikanarane som no ikkje vil ha Trump attvald, støttar dei Biden?

– Veldig mange av dei gjer det. Nokre er berre så misnøgde med Trump at dei ikkje greier å stemme på han. Vi må hugse at valet kan bli så jamt at det også blir avgjerande. Så dersom The Lincoln Project, Scaramucci og dei andre som jobbar mot Trump greier å hindre republikanarar i å stemme, kan det slå ut. Det skal lite til, marginane er svært små, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt