Hopp til innhold

Desperat folkemengd møtte dei norske legane i Nord-Gaza: – Dei var heilt utsvoltne, ville i blikket

Då legeteamet til Norwac kryssa inn i nordlege Gaza laurdag, blei dei jaga av folk som trudde det var mat i bilane, fortel leiaren til NRK.

– Folk angreip bilen og kolonnen vår. Dei trudde vi kom med mat. Dei var heilt utsvoltne, ville i blikket, desperate.

Geir Stray Andreassen leiar det norske legeteamet til Norwac (Norwegian Aid Committee) som kryssa inn i Nord-Gaza laurdag ettermiddag.

Videoar frå staden viser folk som hamrar på vindauga og klatrar på bilen. Ei rute har bresta, og ein av bilane punkterte på vegen.

Ein gut prøvar å kome inn i ein av Norwac sine bilar. Videoen er teke kort tid etter at dei kryssa inn i nordlege Gaza.

– Vi måtte berre gasse på og køyre vidare. Det ville vore farleg å stoppe, seier Andreassen vidare.

– Ein høgtalar på taket ropte beskjedar om at vi berre hadde medisinar i bilen, ikkje mat. Det skulle få folkemengda bort frå bilen.

Etter det umiddelbare sjokket, er alle fire komne fram i god behald til al-Awda sjukehuset i Beit Hanoun. Der skal dei bu og arbeide dei neste to vekene.

Einaste team på al-Awda

Dei norske legane er eitt av berre to team i den nordlege delen av Gazastripa, og det einaste som held til på al-Awda.

Teamet kryssa først inn i Gaza gjennom Rafah-grensa onsdag 3. april.

Dei prøvde å ta seg til sjukehuset på fredag, men måtte avbryte på grunn av tryggingssituasjonen. Kolonnen vende tilbake til Rafah same dag.

Norwac før avreise

Etter planen skal desse fire hjelpe til i Gaza i to veker framover. Men Ikea-posane er fylte av medisinsk utstyr, medisinar og mat til dobbelt så lenge.

Foto: Norwac

Både Andreassen og kollega Odd Arild Ågedal har jobba i Gaza fleire gongar før. Denne gongen kjente dei ikkje igjen landskapet rundt seg.

Førstnemnde fortel:

– Det var som om nokon hadde sloppe ei atombombe der.

Dette kartet, basert på informasjon frå Faktisk 5. april, viser dei 10 sjukehusa i Gaza som er delvis i drift (blå), det eine som er i minimal drift (lys blå) og dei som ikkje er i drift (raude).

– Heilt grotesk

300.000 menneske er rekna å vere igjen i nordlege Gaza, der nauda er aller størst som følge av Israel si krigføring i Gaza.

Utsikta frå al-Awda-sjukehuset, der det norske legeteamet held til.

Slik var utsikta frå al-Awda-sjukehuset då Andreassen kom fram laurdag ettermiddag.

Foto: Geir Stray Andreassen / NRK

I tillegg til ernæringsutfordringane er det mange som er kronisk sjuke i tillegg til dei som blir skadde i angrep.

– Dette er ein helsesituasjon som er heilt grotesk og vi veit ikkje korleis vi kan handtere den, fortel dagleg leiar i Norwac, Erik Fosse, til NRK.

– Det hjelper ikkje om det kjem inn fleire lastebilar her og der. Det einaste som kan redde barna i Gaza no, det er våpenkvile umiddelbart.

Toppetasjen på sjukehuset

I øvste etasje ligg barneavdelinga. Slik ser den ut etter seks månader med krig.

Foto: Geir Stray Andreassen / Norwac

Får hjelp av Verdas helseorganisasjon

Fleire hjelpeorganisasjonar har også nølt med å sende inn folk med mat og anna naudhjelp.

Dette spesielt som følge av det israelske angrepet måndag kveld, som drap sju hjelpearbeidarar frå World Central Kitchen.

Reisa til det norske legeteamet blei koordinert av Norwac via Verdas helseorganisasjon (WHO) i samråd med egyptiske og israelske styresmakter.

Erik Fosse

Fosse fortel at NORWAC har blitt kontakta av massevis av norsk helsepersonell som ønsker å hjelpe til med arbeidet i Gaza.

Foto: Synne Sørenes

– Situasjonen er at samfunnet har brote heilt saman. Sjukehusa er flyktningleirar og ikkje sjukehus. Det gjer dei veldig vanskelege å drive, seier Fosse, som sjølv var i Gaza for to månader sidan.

– Vi skrapar på overflata, men samtidig jobbar vi døgnet rundt. Så dei vi klarar å hjelpe, hjelper vi, men det monnar lite.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Palestina
34.568
Siste uke:
306
Israel
1460
Sist oppdatert: 1.5.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Les også Israels hær: – En alvorlig tabbe

Sju av World Central Kitchens hjelpearbeidere ble drept i et israelsk angrep første april, 2024.

Vil ha norske legar til stades ut 2024

Norwac jobbar med å få fleire legeteam inn i Gaza, og ønsker å ha folk til stades der i puljar minst fram til nyttår.

Fosse fortel at dei har fått mykje respons frå norske helsearbeidarar sidan dei starta med dette arbeidet.

– Vi har erfarne spesialistar i alle dei faga vi treng no på lang tid framover og blir stadig kontakta av folk som vil bidra. Det synest eg er veldig rørande og flott.

Han seier det også er ein omfattande prosess å velje ut personell som er rusta til å utføre arbeidet på bakken.

– Det blir skote over alt og du har bakgrunnstøyet heile dagen og natta frå bombing, hus som ristar, pasientar som kjem inn på sjukehusa med store skadar som ein må handtere. Så dette er også ganske psykisk krevjande.

Er du interessert i meir frå Utanriks? Høyr den nye podkasten frå redaksjonen her:

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.