Hopp til innhold

Nord-Korea bryt stilla om forsvunnen amerikansk soldat

Dei nordkoreanske styresmaktene hevdar Travis King (23) har søkt tilflukt i Nord-Korea eller eit anna land grunna «umenneskeleg behandling og rasediskriminering» i USA.

Travis King

SPRANG OVER GRENSA: 23-åringen har ikkje gitt lyd frå seg sidan han kryssa grensa til Nord-Korea. Ifølge CNN verva King seg til militæret i 2021.

Foto: Travis King

King, ein meinig i det amerikanske militæret, la på sprang over grensa då han var med på ei sivil omvising av grenseområdet mellom Sør- og Nord-Korea.

Til no har ikkje Nord-Korea villa kommentere saka. Men det statlege nyheitsbyrået KCNA sa seint i går kveld at dei også meiner han gjorde det med vilje, og med dette braut den nordkoreanske lova.

Koreas War Anniversary

Slik ser grenseområdet ut mellom nord og sør, sett frå den sørkoreanske sida.

Foto: Dita Alangkara / AP

– I løpet av etterforskinga tilstod Travis King at han hadde bestemt seg for å kome til Nord-Korea fordi han hadde vonde kjensler om umenneskeleg behandling og rasediskriminering i det amerikanske militæret, skreiv dei ifølge Reuters.

– Han uttrykte også ei vilje til å søke asyl i Nord-Korea eller eit tredjepartsland, og sa han var illusjonslaus om det urettvise amerikanske samfunnet.

Human Rights Watch skildrar Nord-Korea som «eit av dei mest undertrykkande landa i verda» og seier det nektar folket sitt «alle grunnleggande rettar og fridommar».

Forholdet mellom USA og Nord-Korea har vore særskilt spent den siste tida, blant anna grunna eit aukande tal våpentestar frå nordkoreansk side.

Les også Hvor er den amerikanske soldaten som stakk til Nord-Korea?

TRAVIS KING: På en TV-skjerm på jernbanestasjonen i Seoul, Sør-Korea, snakkes det om den amerikanske soldaten Travis King som krysset grensen inn til Nord-Korea.

«Fokuserte på å få han trygt heim»

King er no fullstendig i hendene på eit regime som ser på USA som ein dødeleg fiende.

Som medlem av militæret, kan han sitje på verdifull etterretningsinformasjon for nordkoreanarane.

Rapporten inneheldt ingen informasjon om King sin helsetilstand eller skjebne, melder The New York Times.

Der står ingenting om Nord-Korea vil gi han asyl, eller om dei vil sende han til eit anna land – berre at etterforskinga held fram.

North Korea US

Eit bilete av Travis King ved sidan av bestefaren hans, som AP intervjua sist månad.

Foto: Morry Gash / AP

Styresmaktene i USA har sagt at dei trur King kryssa grensa med vilje, og har derfor ikkje klassifisert han som ein krigsfange enno.

Pentagon seier at dei heller ikkje kan verifisere det som KCNA hevdar at King har sagt.

– Vi er fokuserte på å få han trygt heim, seier oberstløytnant Martin J. Meiners, og la til at dei skal ta i bruk «alle tilgjengelege kanalar» for å få det til.

Ein gong i tida fekk amerikanske soldatar tilbod om opphald i Nord-Korea som politiske avhopparar, skriv The New York Times.

Men sivile amerikanarar skulda for å ta seg inn i landet på ulovleg vis, eller å bryte lova på andre måtar, har tidlegare blitt dømde til arbeidsleirar. Eitt eksempel på dette i nyare tid er Otto Warmbier.

South Korea North Korea US

Sørkoreansk TV viste bilete av Joe Biden og Kim Jong-un 22. juli.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Dette er første gongen sidan Koreakrigen slutta i 1953 at ein amerikansk soldat har vore i nordkoreansk varetekt, melder CNN.

Det skal også vere første gongen ein amerikansk soldat held til i landet sidan 80-talet.

Var uroa for King si mentale helse

I eit intervju med ABC News tidlegare i august, fortel King sin onkel, Myron Gates, at han blei utsett for rasisme medan han tenestegjorde i militæret.

Gates meinte at King ikkje høyrdest ut som seg sjølv etter ei periode i fengsel. Dette var i 50 dagar under tenesta i Sør-Korea, grunna skuldingar om vald.

– Eg spurde han: «Er du ok?» Og han sa: «Nei, dei prøvar å drepe meg». Han sa ting som at dei var rasistiske. Det gjorde at det verka som at noko var på ferde med han, sa Gates.

North Korea US Soldier

Gates fortel at familien var uroa for King også før han forsvann.

Foto: Morry Gash / AP

Også mor Claudine Gates fortalde til avisa at King ringde henne midt på natta.

– Han sa: «Eg er ikkje den militærsoldaten de vil at eg skal vere».

– Han skreik det høgt fleire gongar, og så blei telefonen plutseleg lagt på, og dei tok han med til sjukehuset.

King blei lauslaten i juli, og skulle eigentleg bli sendt heim til USA. Men han kom seg aldri på flyet. Fleire amerikanske soldatar skal ha eskortert han heilt til tryggingskontrollen.

Ein annan onkel, Carl Gates, har hevda til the Daily Beast at King hadde «brote saman» etter at eit sju år gammalt søskenbarn døydde tidlegare i år.

SISTE NYTT

Siste nytt