Zoe Stephens

Ei gågate i Pyongyang, kort tid før pandemien.

Iallfall ifølge fotografen, som er ein britisk 29-åring.

Zoe Stephens

Millionar har sett videoane hennar som framsnakkar Nord-Korea.

Men det er mykje ein ikkje ser,

som store sosiale forskjellar og menneskerettsbrot.

«Tryggare enn i Liverpool»

Britiske Zoe er TikTok-guide til Nord-Korea: – Eg seier alltid det er tryggare enn Liverpool

«Blunk to gongar dersom dei held deg som fange.»

Denne kommentaren går igjen over heile TikTok-brukaren til Zoe Stephens (29).

Briten frå Liverpool blir ofte skulda for å lage propaganda for eitt av dei strengaste diktatura i verda.

Samtidig har 3,5 millionar menneske trykt «liker» på videoane hennar.

«Eg elskar at du gir oss verkeleg innsikt i korleis det er å vere nordkoreansk», skriv ein.

«Liva deira ser så fredelege og lukkelege ut», skriv ein annan.

I Nord-Korea har ein ingen ytringsfridom, ingen pressefridom, og folk får ikkje bevege seg fritt sjølv innanfor landegrensene.

Stephens seier til NRK at ho har vore der fleire enn 30 gongar sidan 2016 og driv med marknadsføring for eit av turistselskapa. På TikTok snakkar ho om livet i «eremittriket».

Videoane viser ein samtale med ei grensevakt og nasjonale seremoniar, men også folk som dansar i parken og barn som leikar på badeland.

– Mange folk spør meg om det å besøke Nord-Korea er trygt, og eg må seie at så lenge du følger reglane, er det eit av dei tryggaste landa du kan reise til.

– Eg seier alltid at det er tryggare enn Liverpool i Storbritannia, i det minste.

– Men ikkje alle følger reglane. Har du nokon gong vore nervøs for turistane du var ansvarleg for?

– Ja, det har skjedd nokre gongar, seier ho, men legg til at den strengaste straffa dei fekk, var å skrive eit brev og be om orsaking for den dårlege oppførselen. Då hadde ein turist bretta ei avis med statsleiar Kim Jong-un sitt bilete på, og kasta ho i søpla.

Det er heilt feil å skildre Nord-Korea som eit trygt land, seier Nord-Korea-ekspert Lina Yoon i Human Rights Watch.

Zoe Stephens jobbar som turistguide for Koryo Tours i Nord-Korea.

Stephens har publisert eit intervju med det som skal vere ei nordkoreansk grensevakt i den demilitariserte sona mellom nord og sør.

Ho kallar det for «eit av dei mest undertrykkande landa i verda» og seier det nektar folket sitt «alle grunnleggande rettar og fridommar».

Stephens si første reise til Nord-Korea var med Young Pioneer Tours. Dette var kort tid etter at amerikanske Otto Warmbier blei arrestert under ei reise med det same selskapet.

Warmbier er eit kjent eksempel på kor gale det kan gå.

22-åringen blei arrestert av nordkoreansk politi i 2016, skulda for å stele ein propagandaplakat frå hotellet han budde på. For dette blei han dømd til 15 år i straffekoloni.

Hans neste møte med omverda skulle bli etter eitt og eit halvt år, då familien blei tilsendt den medvitslause kroppen hans. Kort tid seinare var Warmbier død.

Meir frå Yoon og kommentarar frå Amnesty International kan du lese lenger nede i saka.

NORTHKOREA-USA/STUDENT Otto Frederick Warmbier, a University of Virginia student who was detained in North Korea since early January, is taken out of North Korea's top court after being sentenced, in Pyongyang, North Korea

Foreldra til Otto Warmbier seier han blei systematisk torturert då han var i fangenskap i Nord-Korea.

Foto: KYODO / Reuters

«Sjølvsensur»

Det er svært uvanleg å sjå noko slags videoar frå innsida av Nord-Korea, spesielt frå nokon som ikkje er nordkoreansk.

Mange av turistvideoane ein finn på YouTube, har titlar som «eg besøkte Nord-Korea og overlevde!»

Det er ingen tvil om at mystikken sel. Det militariserte samfunnet har framleis lukka grenser som følge av koronapandemien. Politikken veit omverda lite om.

Likevel – møter ein framande på gata under ei omvising i Pyongyang, hevdar Stephens ein kan snakke med dei som kven som helst andre i verda.

Volleyballkamp mellom turistar og Nord-Koreanarar i Pyongyang.

Stephens har publisert dette biletet frå det ho seier var ein spontan volleyballkamp mellom turistar og lokale.

Foto: Zoe Stephens

– Hald deg unna sensitive samtaletema som religion, politikk og slikt. Men også, dersom du vil snakke om desse tinga, så er det greitt, så lenge du viser respekt.

– Det viktigaste å hugse på er at dei er vanlege folk, så når du først møter dei, går du ikkje inn og tek dei i handa og seier: «Hei, så kva synst du om atomvåpenprogrammet?»

Samtidig er ho tydeleg på at ho sjølv-sensurerer. Kritiserer ho styresmaktene eller viser noko ho ikkje har lov til, får ho ikkje besøke landet meir.

– Medan eg kan forstå til ei viss grad at noko av innhaldet kan bli sett på som propaganda, vil eg utfordre folk til å tenke gjennom sin eigen definisjon av propaganda og kva andre land sine propagandamateriale dei tek innover seg.

A North Korean woman prepares a meal in her house at the Soksa-Ri collective farm in an area damaged by summer floods and typhoons in South Hwanghae province

Det er store skilnader mellom vanlege folk sin livsstil i Pyongyang og på den nordkoreanske landsbygda.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

Stephens meiner det er etisk rett å snakke positivt om turisme i Nord-Korea, fordi «det gjer meir godt enn skade».

– Er det etisk rett å reise til eit land og filme fattigdomen? Er det etisk rett å besøke dei fattige plassane, filme dei og vise det på sosiale medium?

«Nøytrale vestlege observatørar»

Vladimir Tikhonov er professor i Korea-studiet ved Universitetet i Oslo og har sørkoreansk pass.

Han seier at brukarane til dei som er tilsette i Koryo Tours, er kjente i akademiske kretsar for å presentere «glansbilete» av Nord-Korea.

-

Zoe og kollegaar på Mansu Hill.

Foto: Zoe Stephens

For å halde på ein slik posisjon som ein av få vestlege turistselskap i Nord-Korea, må ein ha regjeringa i landet på si side, ifølge Tikhonov.

– I det minste må du vise at du er ein slags medspelar, at du sympatiserer med Nord-Korea. Du må vise forståing, og du må til ei viss grad også dele ståstaden til regimet. Det ser ut som om det er nettopp det desse videoane gjer.

– Det er eigentleg det regimet treng, at dei folka som kan oppstå som nøytrale, altså «dei nøytrale vestlege observatørane», seier noko positivt om landet utan å høyrast ut som vanleg regimepropaganda.

Turisme er også lette pengar for landet, seier han. Nord-Korea har ikkje så mange inntektskjelder og tener godt på at vestlege betalar i dyre dommar for å reise dit.

Reisene som Koryo Tours arrangerer, varierer i pris frå 8500 til nesten 15.000 kroner per person. Dei som reiser, får ikkje vandre vekk frå gruppa si og må følge strenge reglar.

-

Tikhonov skildrar Nord-Korea som eit utviklingsland med «veldig brutalt diktaturregime, veksande kapitalisme og store sosiale forskjellar».

Foto: KIM WON JIN / AFP

Det er ikkje nødvendigvis gale å følge med på brukarar som denne, meiner Tikhonov, så lenge ein tek inn informasjon frå forskjellige hald.

– Ver vennleg å ta alt som dei seier på engelsk med ei klype salt.

– Det er veldig bra å stille spørsmål til det som blir skrive i norske og amerikanske aviser også, det bør ein gjere. Men også still spørsmål til alle glansbileta.

Amnesty og Human Rights Watch: – Skjuler svolt, vald og isolasjon

Jae-Hoon Choi jobbar for Amnesty i Seoul og forskar på Nord-Korea.

Forskaren har intervjua kring 450 nordkoreanske avhopparar. Nokre av desse flykta frå landet nyleg, andre for fleire år sidan.

Han seier dei fortel om å bli banka opp eller å ha sett andre bli banka opp av offentlege tenestefolk. Andre fortel om tortur og mishandling medan dei var i fengsel.

Choi meiner til NRK at historia som Stephens presenterer, er skadelege fordi det dei viser oss er feil.

Zoe Stephens under Mass Games i Nord-Korea.

Stephens i Koryo Tours sin reklamevideo om arrangementet Mass Games i Nord-Korea.

Foto: Zoe Stephens / Privat

– Videoane viser eit nytt og fantastisk bilete av Nord-Korea som dei elles aldri hadde sett eller sett føre seg. Dei fleste viser berre ei positiv side, særskilt kulturen og det vakre daglege livet til menneske i Pyongyang.

– Ein bør vere klar over at dei som lever i Pyongyang er «dei heldige utvalde» i Nord-Korea. Aldri misforstå dette rike livet til borgarar i Pyongyang, som berre utgjer 10 prosent av alle som bur i Nord-Korea, som eit eksempel på korleis folk i heile Nord-Korea har det.

Yoon frå Human Rights Watch er einig i at videoane ikkje fortel heile sanninga og til tider er fullstendig feil.

– Når folk reiser til Nord-Korea, anten det er journalistar eller nokon som Zoe som er student, føler eg det alltid er viktig å vere tydelege om fakta.

– I Nord-Korea finst det ingen ytringsfridom, det finst ingen rørslefridom. Tilreisande har berre lov til å besøke visse område, og dei har berre lov til å møte ein viss type menneske. Å skjule det gir eit veldig feil inntrykk av realiteten i Nord-Korea.

Menneska vi ser på bilete frå Pyongyang er nøye utvalde av styresmaktene, seier Jae-Hoon Choi i Amnesty.

Menneska vi ser på bilete frå Pyongyang er nøye utvalde av styresmaktene, seier både Amnesty og Human Rights Watch.

Foto: KIM WON JIN / AFP

Ifølge Yoon kan ikkje dei som er fødde og bur i Nord-Korea, seie noko offentleg om korleis dei opplever tilværet sitt grunna «frykt for å bli straffa».

-

Lina Yoon samlar inn informasjon om Nord-Korea gjennom intervju med både vaksne og barn som har flykta derifrå.

Foto: Privat

Dette gjeld særskilt dei som bur i Pyongyang, seier ho.

– Ein har eit slags politisk kastesystem, der styresmaktene sitt syn på enkeltmenneske sin lojalitet til styresmaktene, så vel som inntrykket ein har av forfedrane deira, bestemmer kva gruppe ein høyrer til.

– Dei mest lojale er dei som er i Pyongyang. Dei får dei største fordelane. Dersom du blir fødd til ei mindre lojal gruppe, blir du sendt til fjerntliggande område i nordlege provinsar som er fattigare, ikkje har nokon naturlege ressursar og er svært kalde.

Som følge av dette, kan ein vere sikker på at dei som Stephens snakkar med i videoane sine sjølvsensurerer, meiner Yoon.

– Dei er alltid redde for å seie noko feil, fordi dei kan bli utstøytte og sende ut på landsbygda, der dei ikkje har dei same fordelane som dei nyt i Pyongyang.