Nok ein varslar med opplysningar om Trump og Ukraina

Ein varslar til har snakka med den amerikanske generalinspektøren og gitt opplysningar om kontakten mellom president Donald Trump og den ukrainske presidenten. Det stadfester advokaten hans søndag.

3550a6f3-2b8d-46b6-b106-da8113cd4bd0

President Donald Trump har prøvd å få Ukraina til å granske Joe Biden.

Foto: Manuel Balce Ceneta / Manuel Balce Ceneta

Advokat Mark Zaid var søndag gjest i programmet «This Week» på TV-kanalen ABC. Der stadfesta han at mannen, som er tilsett i etterretningsapparatet, har snakka med generalinspektør Michael Atkinson om Trump.

Mark Zaid representerer den første varslaren, som fortalde om at Trump la press på presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj, for å granske Joe Biden. Zaid seier i ABC-programmet at han no også representerer den andre varslaren.

– Førstehands kjennskap til saka

Vedkommande har førstehands kjennskap til saka, seier Zaid.

New York Times, som hadde snakka med to anonyme kjelder, skreiv fredag at ein ny varslar vurderte å stå fram, og la seg avhøyre i Kongressen.

Laster Twitter-innhold

På same måte som den første varslaren, var også denne mannen uroa for den kontakten Trump hadde med Ukraina.

Zaid seier til ABC at han ikkje veit om mannen han no representerer, er den same som New York Times snakka med.

Nancy Pelosi og Adam Schiff

Leiar for Representanthuset, Nancy Pelosi og Adam Schiff, leiar i etterforskingskomiteen i Representanthuset.

Foto: Mandel Ngan / AFP

Zaid sin kollega seier til NBC News søndag at han representerer fleire varslarar.

– Eg kan stadfeste at mitt firma og mitt team representerer fleire varslarar i samband med rapporten som blei sendt inn til generalinspektøren for etterretningstenestene 12. august, seier advokat Andrew Bakaj til NBC News.

Kan bli riksrettstiltale

Det første varselet om at Trump brukte stillinga si til å presse Ukraina til å innleie etterforsking av politiske motstandarar, førte til gransking med sikte på riksrettstiltale mot Trump.

Biden er inntil vidare favoritt til å bli Demokratane sin presidentkandidat neste år.

Trump og Det kvite hus har prøvd å undergrave den første varslaren sitt truverd ved å vise til at han berre bygde på informasjon frå andre.

Trump har sagt at den som har gitt informasjon om kontakten hans med Ukraina, nærast må reknast som spion, og han har vist til kva ein i gamle dagar brukte å gjere med spionar og forrædarar.

Hvem er hovedaktørene i varslersaken mot Trump?

USAs president Donald Trump kan bli stilt for riksrett etter en samtale med Ukrainas president. Se oversikten over de involverte.

SISTE NYTT

Siste nytt