Hopp til innhold

Ni kan ha mist livet i flystyrt i USA

Ni menneske er truleg omkomne etter at eit lite passasjerfly krasja inn i ein bygning i byen Akron i Ohio i USA i kveld norsk tid.

Flystyrt i Akron i Ohio.

Ni menneske miste truleg livet då eit lite jetfly styrta inn i ei lågblokk i byen Akron i Ohio i USA i kveld norsk tid.

Foto: Scott Ferrell / Ap

Flyet, ein tomotors business-jet, var på veg til å lande på flyplassen i Akron då det styrta, opplyser eigaren av flyet, Augusto Lewkowicz, til lokale nyheitsmedium. Han fortel at det var ni menneske om bord, blant dei to pilotar. Hittil er to personar stadfesta døde.

Løytnant Bill Haymaker frå Akron Highway Patrol opplyser at ingen som var i bygningen miste livet. Bygningen er ei lågblokk.

Nyheitsbyrået AP melder at ingen var inne i bygningen då flyet styrta, og det var heller ingen heime i nabobygningen. Eit vitne fortel at det er utenkjeleg at nokon om bord kan ha overlevd styrten.

Brannvesenet arbeider på spreng for å sløkkje brannen, og det er innleidd etterforsking av årsaka til styrten.

SISTE NYTT

Siste nytt