Hopp til innhold

Ni år gammal jente drepen med kniv

Ei ni år gammal jente er død etter at ho vart stukken med kniv av ein 45 år gammal mann i eit bustadområde utanfor den svenske byen Uppsala i ettermiddag.

Politimann i Bålsta utanfor Uppsala.

Ein politimann i arbeidet utanfor bygningen der drapet på ei ni år gammal jente skjedde i ettermiddag.

Foto: Håkan Wikström / SVT

Det var ved 15.30-tida at niåringen og ei vaksen kvinne vart stukne med kniv av 45-åringen i Bålsta ved Uppsala. Mannen er arrestert og ført bort av politiet, og politiet opplyser i kveld at han er sikta for drap og drapsforsøk.

Politiet har ikkje sagt kva relasjon det er mellom knivmannen og offera, men Aftonbladet melder at 45-åringen var far til den drepne jenta. De såra kvinna skal vere mor til jenta.

Uvisst skadeomfang

Den såra kvinna blir behandla på Akademiska sjukhuset i Uppsala, men det er uklart kor alvorleg såra ho er.

Angrepet skal ha skjedd inne i ein einebustad, og ifølgje SVT skal mannen trua ytterlegare to personar med det som blir kalla ein knivliknande gjenstand. Politiet seier dei vil prøve å avhøyre mannen i løpet av kvelden.

– Akkurat no er det mykje som er uklart, både om omstenda rundt det som skjedde og motivet. Av omsyn til etterforskinga kan vi ikkje gi fleire opplysningar no, sa pressetalsmann ved politiet i Uppsala, Christer Nordström, til SVT tidlegare i kveld.

– Eit sjokk

– Dette er ufatteleg. Eg veit kven dei er, men forstår det ikkje, seier ei kvinne, som vil vere anonym.

Ein annan nabo seier at nabolaget dette skjedde i normalt er svært roleg, og at meldinga om knivdramaet kom som eit sjokk.

Bålsta ligg i Håbo kommune aust i Sverige.

bålsta

SISTE NYTT

Siste nytt