Hopp til innhold

Lovar heilag krig om dødsdømd kristen kvinne blir benåda

Fleire hundre menneske deltok i demonstrasjonar i den pakistanske byen Lahore med truslar om heilag krig dersom den kristne kvinna Asia Bibi blir benåda.

Fleire hundre demonstrerte mot benåding av kristen kvinne i Lahore.

Det var høg temperatur under demonstrasjonen mot benåding av den kristne kvinna i Lahore.

Foto: K.M.Chaudary / Ap

Asia Bibi er dømd til døden for blasfemi.

Den kristsne kvinna Asia Bibi er dømd til døden for blasfemi.

Foto: STR / Ap

Asia Bibi er dømd til døden for blasfemi, etter at ho ifølgje fleire nabokvinner hadde uttalt seg nedsetjande om Muhammed, grunnleggjaren av Islam. Sjølv nektar ho å ha sagt noko blasfemisk, men nabokvinnene fekk støtte i skuldingane frå ein lokal imam.

LES OGSÅ: Kvinne dømt til døden for blasfemi

LES OGSÅ: Paven ber om benådning av kristen kvinne

Internasjonalt press

Det har vore eit sterkt internasjonalt press mot Pakistan for å setje kvinna fri, men pakistanske styresmakter har hittil berre sagt at Asia Bibi ikkje kjem til å bli avretta.

Det internasjonale kravet om benåding har vekt harme i Pakistan. Blant anna har den viktigaste sunnimuslimske alliansen i landet bede regjeringa ikkje gi etter for presset, der blant andre pave Bendikt XVI har engasjert seg. Også den norske regjeringa har uttrykt uro over dommen.

Etter fredagsbøna i dag marsjerte fleire hundre demonstrantar gjennom gatene i Lahore med krav om at den kristne fembarnsmora ikkje må benådast. Det vart ropt slagord om jihad, heilag krig, mot styresmaktene om ho skulle bli sett fri.

Ein av arrangørane, Qari Yaqub, sa at det ville bli landsomfattande uro og fullt anarki dersom regjeringa benådar den kristne kvinna.

Store motsetnader

Demonstrantane lovde heilag krig mot benåding.

Demonstrantane lovde heilag krig mot styresmaktene dersom den kristne kvinna blir benåda.

Foto: K.M.Chaudary / Ap

Konservative muslimar og liberale politikarar står sterkt mot kvarandre i denne saka, Liberale politikarar støttar det vestlege kravet om benåding, medan dei fleste imamar går inn for å oppretthalde straffa.

Pakistan har enno ikkje avretta nokon etter blasfemi-paragrafen. Dei fleste som er døMde til døden for blasfemi har fått gjort om straffa til fengsel.

Asia Bibi vart arrestert i juni 2009 etter at ho kom i krangel med ei gruppe muslimske kvinner under arbeid ute. Dei muslimske kvinnene nekta å drikke vatn som Asia Bibi hadde henta. Dei meinte det var ureint sidan ho var kristen.

Dette fekk Bibi til å spørje kvinnene kva Muhammed hadde gjort for dei, samstundes som ho viste til at Jesus døydde på krossen slik at menneska skulle bli frelste frå synd.

Dette var blasfemi, meinte kvinnene, og melde frå til ein lokal imam. 8. november i år vart ho dømd til døden.

Ventar på høgsterett

Asia Bibi har anka saka si til høgsterett. Menneskerettsaktivistar i Pakistan seier at dette er første gong at ei kvinne er dømd til døden for blasfemi.

President Asif Ali Zardari vil truleg ikkje ta stilling til spørsmålet om benåding før saka har vore behandla i pakistansk høgsterett.

Berre tre prosent av dei rundt 167 millionar innbyggjarane i Pakistan er ikkje-muslimar. Pave Benedikt XVI har sagt at kristne ofte blir utsette for vald og diskriminering i landet.

Fleire hundre deltok i demonstrasjonen mot benåding av kristen kvinne i Lahore.

Demonstrantane kom med sterke åtvaringar mot å benåde Asia Bibi.

Foto: K.M.Chaudary / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt