Hopp til innhold

Navalnyj arrestert på veg til «ulovleg» møte

Moskva (NRK): Den russiske opposisjonsleiaren Aleksej Navalnyj vart arrestert i dag tidleg, då han forlèt bustaden sin for å reise til Nizjnij Novogorod for å halde ein tale.

Alexej Navalny, russisk opposisjonspolitikar.

Alexej Navalnyj vart arrestert igjen i dag.

Foto: Evgeny Feldman / AFP

Navalnyj rakk å leggje ut ei melding om arrestasjonen på Twitter. Her fortel han at han vart arrestert i inngangspartiet til huset sitt i Moskva og at dei fraktar han til ein stad der han skal forklare seg.

Navalnyj var på veg til jernbanestasjonen, der han skulle reise vidare til Nizjnij Novogorod. Her skulle han etter planen halde ein tale klokka 18 lokal tid. Han sit no i avhøyr ved ein politistasjon i bydelen Avtozavodskij i Moskva.

– Ulovleg møte

Kira Jarmysj, pressetalskvinne for Alexej Navalny.

Kira Karmysj er pressetalskvinne for opposisjonspolitikaren Alexej Navalnyj.

Foto: Morten Jentoft / NRK

Styresmaktene i Nizjnij Novgorod opplyser at dei har forbode møtet Navalnyj skulle halde tale på, men at støttespelarane hans hadde trassa forbodet og oppmoda han til å kome likevel.

Ein talsmann for politiet i Moskva seier til det russiske nyheitsbyrået Interfax at Navalnyj vart arrestert som følgje at gjentekne oppmodingar til å vere med på ulovlege arrangement. Navalnyj skriv på Twitter at Kreml ser på hans møte med veljarane som ein stor trussel.

– Dei ser til og med på det som ei fornærming, fordi ingen går deira eigne arrangement utan å få betalt for det. Dei har lenge sagt at opposisjonen ikkje har støtte ute i regionane, og no får dei vondt av å sjå støtta vi har der, skriv han vidare.

– Vanleg praksis

NRK møtte Navalnys pressetalskvinne Kira Jarmysj utanfor politistasjonen der han er til avhøyr. Ho seier at politiet i løpet av kort tid må avgjere om dei skal fengsle han eller ikkje. Ho fortel at dei opphavleg hadde fått løyve til å halde møtet i Nizjnij Novgorod i dag, men så vart dei bedne om å flytte det til ein annan stad i byen.

Folk famfor politistasjon i Moskva.

Journalistar og støttespelarar har samla seg utanfor politistasjonen i Moskva dit Alexej Navalnyj vart teken etter arrestasjonen.

Foto: Morten Jentoft / NRK

– Dette er vanleg praksis. Dei ber oss flytte møta våre til stader som ikkje er så sentrale, det er taktikken deira, seier ho til NRK. Ho trur arrestasjonen i dag handlar vel så mykje om eit planlagt møte i St. Petersburg 7. oktober, som dei også har fått beskjed om å halde på ein usentral stad.

Kira Jarmysjn fortel at dette møtet blir ei stormønstring av den politiske opposisjonen i Russland.

Aleksej Navalnyj – ubehagelig urokråke eller reell utfordrer til Putin?

Demonstrasjoner og terror i Russland – hvor støtt står makten?

Domfelt for svindel

Navalnyj er fleire gonger tidlegare arrestert av russisk politiet. Han har også sona for å ha organisert ulovlege demonstrasjonar. Han har skulda russiske styresmakter for korrupsjon, og han har varsla at han vil stille ved presidentvalet neste år.

Det får han truleg ikkje, sidan han er domfelt for svindel. Sjølv seier han at dommen er basert på fabrikkerte bevis.

SISTE NYTT

Siste nytt