Hopp til innhold

NATO trekkjer seg ut av Libya

NATO avsluttar måndag sin operasjon i Libya og oppmodar det nye regimet til å byggja eit demokrati med menneskerettane som fundament.

NATO trekkkjer seg ut av libya

NATO meiner dei har utført oppdraget sitt i Libya. Frå og med måndag er det opp til det libyske folket sjølve å byggja landet på ny etter 42 år under diktatoren Muammar Gaddafi.

Foto: Abdel Magid al-Fergany / Ap

Like etter eks-diktatoren Muammar Gaddafis død den 20.oktober kunngjorde NATO at dei ville trekkja seg ut av Libya den 31.oktober.

Dei nye styresmaktene i Libya har bede NATO om å forlenga den militære operasjonen i landet, blant anna fordi dei treng hjelp til å hindra Gaddafi-tilhengarar i å flykta til utlandet.

Det nordatlantiske rådet, det øvste organet i NATO, har likevel valt å setja sluttstrek for operasjonen den 31. oktober, som planlagt.

– Mest vellukka i NATO si historie

Forsvarsalliansen har sidan den 24. mars handheva flyforbodsona over Libya og beskytta sivile mot overgrep opg krigshandlingar.

Operasjonen blir formelt avslutta klokka 23.59 lokal tid måndag.

I ei pressemelding frå NATO fredag førre veke, seier generalsekretær Anders Fogh Rasmussen at tida er inne for å avslutta «Operation Unified Protector», som er namnet på NATO-operasjonen i Libya.

Ifølgje NATO sjølv, er Libya-oppdraget eit av dei mest vellukka oppdraga som NATO har gjennomført.

– Me har oppfylt det historiske mandatet frå FN som gjekk ut på å verna om det libyske folket, handheva flyforbodsona og våpenforbodet. Operasjonen er ein av dei mest suksessfulle i historia til NATO, seier Fogh Rasmussen.

NATO understrekar likevel at Libya har ei stor oppgåve framfor seg med å byggja eit nytt demokratisk land basert på forsoning, menneskerettar og ein rettssstat.

– Men verda støttar dei (folket i Libya; journ.anm.) og NATO står klare til å hjelpa med å styrkja sikkerheita og forsvarsinstitusjonane i landet dersom det er nødvendig og ønskeleg, opplyser Fogh Rasmussen.

Clinton: – Må samla nasjonen

Hilary clinton

Utanriksministeren i USA, Hilary Clinton.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp

Også utanriksministeren i USA, Hilary Clinton poengterer at Libya har store utfordringar i vente.

Dei som no skal ta over styringa i landet, må samla nasjonen, seier ho i eit intervju med Washington Post.

– Dei må finna ut korleis dei kan oppnå forsoning mellom ulike politiske og religiøse grupper. Dei må sameina alle stammane og finna ei løysing på konflikten som alltid har eksistert mellom aust og vest, mellom Benghazi og Tripoli, uttalar Clinton.

SISTE NYTT

Siste nytt