Nabil Abu Rudeineh, ein nær medarbeidar av den alvorleg sjuke palestinske presidenten, sa i natt til nyheitsbyrået Reuters at legane ved militærsjukehuset i Paris der Arafat er innlagd, utelukkar at han lir av ein livstruande sjukdom.
Rudeineh avviser at det er snakk om leukemi eller andre livstruande sjukdomar Arafat lir av, og seier at han heilt sikkert kjem til å bli frisk igjen.
Berre nokre få timar før gjekk fjernsynskanalen CNN ut og melde at Yasir Arafat har leukemi, og at han også var så mentalt svekt at også hans medarbeidarar hadde innsett at han ikkje var i stand til å halde fram som palestinarane sin øvste leiar.
Ein annan av Yasir Arafat sine medarbeidarar, Mohammad Rachid, seier også at undersøkingane har påvist at den palestinske presidenten ikkje har leukemi. Han seier også at Arafat etter det han veit har sove mykje betre enn han har gjort tidlegare i veka. Han et, og greier å halde på maten, seier han.
Samstundes seier Frankrikes utanriksminister, Michel Barnier, at han har fått forsikringar frå israelske styresmakter om at Yasir Arafat vil få vende tilbake til Ramallah etter at han blir utskriven frå det franske sjukehuset.
Yasir Arafat vart sendt til eit militært sjukehus i Paris fredag, etter at helsetilstanden hans hadde forverra seg sist torsdag. Hans eigne legar har stadfesta at han lir av ein blodsjukdom, som anten kan vere kreft, ein virusinfeksjon eller ei blodforgifting.