Hopp til innhold

Mista begge hendene - no har han fått nye

Åtte år gamle Zion Harvey sjarmerte alle då han deltok på ein pressekonferanse der hans to nye hender vert vist fram. No skal den blide guten endeleg oppnå draumen om å få kaste ein fotball.

Double Hand Transplant-Child

Åtte år gamle Zion Harvey var i særs godt humør då han møtte pressa for å vise fram sine to nye hender.

Zion Harvey

Han har levd i seks år utan hender, og blitt van med å gjere mykje med sine to stumpar. No har Zion Harvey endeleg fått nye hender.

Foto: CBS

Då Zion Harvey var to år gamal mista han begge hender og føter på grunn av ein alvorleg koldbrannsinfeksjon. Etter omfattande operasjonar har han no fått transplantert på nye hender, som den yngste personen nokosinne.

– Eg vil takke for at eg har fått hjelp gjennom desse vanskelege tidene, sa Zion på dagens pressekonferanse ifølgje nyheitsbyrået AP.

Måtte finne donor

40 legar og sjukepleiarar var i sving for å feste Zions nye knoklar til hans eksisterande skjelett. Ved hjelp av stålplater og skruar har dei klart det utrulege, og kirurgar har sørga for at vener, musklar og nervar også fungerer slik dei skal.

Operasjon

Det var ein omfattande operasjon som måtte til. Her får Zion festa på ei av dei to hendene som han har fått frå ein donor på omtrent same alder, og med tilnærma same hudfarge.

Foto: CBS

Det vart brukt mykje krefter på å leite etter ein donor til Zion, som både hadde same storleik på henda og same type hudfarge. Men dei klarte å finne ein passande donor, og no kjem henda til Zion til å vekse i takt med den åtte år gamle guten.

Legane trur Zion no vil nå mange av dei måla han har sett seg, mellom anna ønsket om å få kaste ein amerikansk fotball.

Har også fått ny nyre

Han har også starta å spele videospel, skrive og ete. Hans er framleis beinlaus, men har protesar som gjer til at han kan gå og leike med andre på tilnærma normalt vis.

Sjukehuset i Philadelphia, som står bak operasjonen, trur Zion er den yngste som nokon gong har gått gjennom ein liknande operasjon. Dei seier at Zion no må ta medisinar resten av livet for å unngå at kroppen avviser hans nye hender.

Men legane trur guten vil klare å takle medisineringa sidan han allereie har fått liknande medisinar etter at han fekk sett inn ei nyre som mora donerte bort til han.

SISTE NYTT

Siste nytt