Miss Japan slår tilbake etter rasehets

Ho er halvt afroamerikansk, og halvt japansk. Miksen er vakker, men uvanleg. I Japan vil mange ikkje ha Ariana Miyamoto som Miss Japan, men no slår ho tilbake.

CORRECTION-JAPAN-LIFESTYLE-BEAUTY-RACISM

Det er ingen tvil om at Ariana Miyamoto er vakker, men miksen av japanske og afroamerikanske genar er ikkje godt nok for å bli Miss Japan, meiner mange i Japan.

Foto: TORU YAMANAKA / Afp

– Eg var førebudd på kritikken. Eg ville ha loge om eg sa at det ikkje er sårande. Eg er japanar. Eg reise meg og bukkar når eg tek telefonen, har Ariana Miyamoto sagt ifølgje britiske Daily Mail.

Får kritikk på sosiale medium

Ho har måtte tole mykje kritikk etter at ho gjekk av med sigeren i konkurransen om kven som skal få representere Japan i Miss Universe-konkurransen.

På sosiale medium har fleire skrive at sigeren burde gå til ein «rein japanar» og ikkje ein såkalla «hafuu», som på japansk betyr «halv», eller «miksa etnisitet».

Miyamoto har ei japansk mor, men faren er frå USA og med afrikansk opphav. Slikt er ikkje normalt i Japan, der 98 prosent av folket er heilt etnisk japanske, og sjølv om Miyamoto utvilsamt er vakker, så har utsjånaden gitt ho mykje pes.

JAPAN-BEAUTY/MULTIRACIAL Miss Universe Japan Miyamoto works out at a gym in Tokyo

Trening må til, for ein vinn ikkje Miss Universe ved å ligge på latsida. Og Ariana Miyamoto vil gjere alt for å vinne for sitt heimland.

Foto: TORU HANAI / Reuters

– På skulen kasta folk søppel på meg, har Miyamoto fortalt CNN.

Melde seg på etter at ven tok sjølvmord

Men Miss Japan meiner også at mobbinga har gjort ho psykisk sterkare. Og etter kvart vart ho så sjølvsikker at ho bestemte seg for å bli med i missekonkurransen.

Det skjedde etter at ein ven, som også var japanar med fleire etnisitetar, tok sitt eige liv.

– No har eg fått ein flott plattform der eg kan formidle mine meiningar som den første svarte Miss Universe Japan, har Miyamoto sagt etter sigeren var sikra.

– Ho ser ikkje japansk ut

Men på gata i Japan er det framleis ein del murring. Ikkje fordi ho ikkje er vakker, eller for dum til å representere Japan, men fordi ho ikkje er 100 prosent japansk av etnisitet.

– Nei, ho ser ikkje japansk ut ei gong, seier Ishiko Komagawa til CNN.

– Halvparten av ho er ikkje 100 prosent japansk. Om nokon skal bli kåra til Miss Japan, så burde begge foreldra vere japanske, seier skuleeleven Tomoki Nogami.

Kven som blir Miss Universe vert ikkje kjent før i januar, men fram til då vil Miyamoto førebu seg for å representere heimlandet. For ho let seg ikkje stanse av kritikken.

– Eg vil fortelje verda at sjølv ein halv-japanar kan representere Japan, seier Miyamoto.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt