Hopp til innhold

Minst ti drepne i israelsk angrep i Gaza

Palestinske styresmakter seier minst ti menneske er drepne og 79 skadde etter israelske angrep mot Gazastripa fredag. I løpet av natt til laurdag er også ei stor mengd rakettar sendt frå Gazastripa mot Israel.

Røyk og ild over Khan Yunis på Gazastripen natt til 6. aug 2022

Røyk og eld på Gazastripa natt til 6. august.

Foto: YOUSSEF MASSOUD / AFP

Til saman er ti menneske drepne i luftangrepet mot Gaza fredag. Det seier helsestyresmaktene på Gazastripa til den israelske avisa Haaretz.

Ein talsperson for det israelske forsvaret anslår at 15 medlemmar av gruppa Islamsk Jihad vart drepne i angrepet. Dei kallar angrepet for førebyggjande, og at angrepa er retta mot terroristar.

Det er med andre ord varierande informasjon om dødstala.

I løpet av natt til laurdag har det kome meldingar om at luftvernsirener går i Israel, og Islamsk Jihad hevdar at dei har sendt 100 rakettar frå Gazastripa mot Israel. Det skriv nyheitsbyrået AFP.

Arrestasjonar på Vestbreidda

Samtidig seier den israelske hæren at dei har arrestert 19 medlemmar av Islamsk Jihad på Vestbreidda, melder AFP.

Dei seier tryggingsstyrkar gjorde arrestasjonane under eit raid fleire stadar i det okkuperte området i morgontimane laurdag.

Opptrappinga vi no ser på Gazastripa kjem etter at Israel arresterte eit sentralt medlem av Islamsk Jihad tidlegare denne veka. Det har ført til auka spenningar, og israelske styresmakter seier dei har frykta hemnåtak frå palestinsk side.

– Folk ventar på nye angrep

– Alle ventar ein krig. Me sit på sosiale medium og har kontakt med kvarandre. Me forventar ein krig, men ber for fred, seier Anja Riiser, som leiar Norsk Folkehjelp sitt arbeid på Gaza.

Ho fortel om ein hektisk dag, som no har blitt til ein stille kveld.

– Akkurat no er det heilt stille. Det har vore mykje trafikk. Folk har gjort innkjøp, fordi ein ventar eskalering. No går sola ned og det er heilt stille. Folk sit heime og ventar på angrep, seier Riiser

Tre menn er leie seg, og klemmar kvarandre. Den eine mannen gråter masse.

Kjenslene var mange i Gaza etter angrepet i dag.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

Ho seier at ho nyleg har fått informasjon av fleire luftangrep frå Israel i kveld. Dette er informasjon som vert stadfesta av fleire nyheitsbyrå fredag kveld.

– Eg snakka med naboane mine. Borna deira er heilt i sjokk. Dette er små barn som hugsar korleis det var for 15 månader sidan, seier Riiser, og viser til dei mange angrepa mot Gaza i mai i fjor.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt følger med på situasjonen, og kjem i kveld med eit utsegn.

– Eg er sterkt uroa for eskaleringa i og rundt Gaza. Eg oppmodar alle involverte om å redusere spenningane, vere tilbakehaldne og beskytte sivilbefolkninga, skriv Huitfeldt i eit utsegn som er sendt via Utanriksdepartementet si kommunikasjonsavdeling.

Trugslar frå Israels statsminister

Statsminister i Israel, Yair Lapid, og forsvarsminister Benny Gantz, møttest før angrepet, for å få ei orientering om tryggingssituasjonen i Gaza.

– Til våre fiendar, og til leiarar i Hamas og Islamsk Jihad, så seier eg tydeleg – de har avgrensa med tid igjen, skal Gantz ha sagt i starten av møtet, ifølgje Haaretz.

– Mi regjering kjem ikkje til å tillate at terrororganisasjonar set agendaen på Gazastripa og trugar israelske borgarar, seier Lapid ifølge Haaretz.

Fredagens angrep mot Gaza kjem etter ei spent veke som starta med at Israel fengsla ein av Islamsk Jihad sine kommandørar. Denne arrestasjonen aukar frykta i Israel for hemnangrep frå Gaza.

Islamsk Jihad er mot eksistensen av staten Israel, og har stått bak fleire rakettar i retning Israel og utført sjølvmordsangrep.

Røyk stig opp frå Gaza by

Røyk stig opp frå Gaza by. Folk i Gaza ventar fleire angrep i dagane som kjem.

Foto: Hatem Moussa / AP

Publisering av GPS-koordinat skaper frykt

Det er ingen stadar i Gaza kor folk føler seg trygge, hevdar Riiser. Ho seier at folk som ho snakkar med på Gaza fryktar at Israel no kan angripe stader som dei tidlegare ikkje ville ha angripe.

Denne frykta har oppstått fordi Israel tidlegare denne veka publiserte GPS-koordinat over stader kor dei meiner Hamas har bygd tunnelar. Fleire av desse koordinatane ligg nær bygg som sjukehus, skular og universitet.

Avisa The Times of Israel er blant dei som har omtalt GPS-koordinatane tidlegare. Det er ikkje kjent at skular, universitet eller sjukehus er treft av israelske luftangrep.

Ei kvinne blir ført ut på ei båre. Ho er ein av dei skadde etter eit israelsk luftangrep mot Gaza.

Minst 40 personar skal vere skadde etter det israelske luftangrepet mot Gaza.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Etter angrepet i dag sende Islamsk Jihad ut ei melding, der dei stadfestar at ein av gruppa sine leiarar, Tayseer al-Jabari 'Abu Mahmud, er drepen.

I ettertid har dødstalet stige til minst ti døde, og i tillegg skal minst 79 personar vere skadde. Ei av dei drepne er ei fem år gamal jente, hevdar jihadistgruppa.

– Ikkje ferdige endå

Islamsk Jihad sin generalsekretær viser ingen teikn til at gruppa kjem til å gje seg, trass angrepet på deira eine leiar.

– Dette er ein dag der målet er å sigre, og våre fiendar må forstå at det kjem til å bli krig utan at nokon overgir seg, seier Ziad al-Nakhala.

Fredagens angrep er ein del av ein offensiv som har fått namnet «Dawn Rising», der målet er å slå ned på Islamsk Jihad.

– Me er ikkje ferdige endå, seier ein talsperson for den israelske hæren, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Ein person vart frakta ut på båre frå staden der isralekse rakettar traff.

Mange har møtt opp for å hjelpe til i hjelpearbeidet etter det dødelege angrepet.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Riiser seier at Gaza har vore stengd i fire dagar no, og at folk førebur seg på ei vidare eskalering i tida som kjem.

Israel forsvarar åtaket

Den israelske ambassaden i Oslo forsvarar det israelske åtaket mot Gaza by fredag der åtte menneske vart drepne, mellom dei kommandanten Tayseer al-Jabari i Islamsk Jihad.

– Dette var naudsynt for å nøytralisere trusselen mot israelske innbyggjarar og samfunnet langs Gazastripa, skriv ambassaden i ein e-post.

Israelske styresmakter seier at landets styrkar arbeider målretta for å ramme jihadistar, og at åtaket fredag ramma einingar som førebudde rakettåtak mot Israel.

SISTE NYTT

Siste nytt