Hopp til innhold

Minst 26 omkom i bygningskollaps

26 menneske er funne omkomne etter at ein seks etasjar høg bygning kollapsa i Beirut i Libanon i natt. Minst ni er framleis sakna.

Mange omkom i bygningskollaps i Beirut.

Ein av dei omkomne er henta ut av ruinane av den kollapsa bygningen i Beirut.

Foto: Hussein Malla / Ap

Det budde om lag 50 menneske i bustadblokka, som i hovudsak husa utanlandske arbeidarar. Men ei 15 år gammal libanesisk jente er også blant dei omkomne, melder BBC .

Blant dei omkomne er sju libanesarar, seks sudanarar, to frå Filippinane og to frå Egypt.

Bygningskollaps i Beirut i Libanon.

Redningsarbeidet er svært vanskeleg, og det er lite håp om å finne fleire overlevande.

Foto: Hussein Malla / Ap

General Raymond Khattar, president i Røde Kors i Libanon, opplyser at 12 menneske er skadde, ingen av dei alvorleg. Åtte menneske kom seg ut av bygningen før det rasa fullstendig saman. Bygningen låg i bydelen Ashrafiyeh.

Lite håp for dei sakna

Redningsarbeidarar har jobba på spreng i heile dag, men i kveld blir det opplyst at det er lite håp om å finne fleire overlevande i ruinane.

Eit augevitne fortel til ein lokal fjernsynsstasjon at kollapsen var som eit jordskjelv. Det er uklart kva som var årsaka til bygningskollapsen, men sprekkar i fasaden kan ha blitt verre som følgje av kraftig regn. Andre teoriar er at stor byggjeaktivitet i nærleiken kan ha svekt fundamentet til bygningen.

Det er mistanke om at bygningen, som folk i nabolaget karakteriserer som "svært nedslite" var sett opp ulovleg, eller at det var påbygd med fleire etasjar utan at det var søkt om løyve.

Avhøyrt av politiet

Ei kjelde seier at eigaren av bygningen skal ha bede dei som budde der om å flytte ut, fordi bygget var i så dårleg stand. Innanriksminister Marwan Charbel opplyser at eigaren blir avhøyrt av politiet.

Dette er eit stort problem i fleire byar i Libanon og andre arabiske land. Det har blant anna vore fleire slike bygningskollapsar i den egyptiske hovudstaden Kairo dei siste åra.

Bygningskollaps i Beirut.

Redningsarbeidarane brukar både gravemaskinar, kraner og sine eigne hender i søket etter dei sakna.

Foto: Hussein Malla / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Baby overlevde to døgn i ruinene

LES OGSÅ: 43 døde i sammenrast hus

SISTE NYTT

Siste nytt