Hopp til innhold

Minnast Beslantragedien

Tårer og sinte opprop. Russland markerer i dag at det er 3 år sidan 332 personar døydde etter gisseltragedien på ein skule i Beslan.

Minnemarkering i Beslan.

Folk tenner lys for Beslanoffera under ei minnemarkering.

Foto: EDUARD KORNIYENKO / REUTERS

Over 3000 sørgjande samla seg ved ruinane av skulen der 1000 barn og vaksne vart tekne som gislar 1. september 2004.

Sjå også: Minnes Beslan

Sørgjande gut ved kyrkjegarden i Beslan.

Sørgjande gut ved kyrkjegarden i Beslan.

Foto: EDUARD KORNIYENKO / REUTERS

To dagar etter at dramaet byrja, låg 332 gislar døde igjen, over halvparten av dei barn, etter at styresmaktene bestemte seg for å storme skulebygningen.

Dei fleste døydde i kaoset som oppsto under storminga av bygget.

Les også: – Ingen feil under Beslan-aksjonen

Les også: Beslan-mødre krever svar

I dag vart det spela sørgjemusikk og klokker kimte mens dei sørgjande heldt levande lys og l ned blomar ved den utbrende skulebygningen.

Minnemarkering i Beslan.

Minnemarkeringa vart halden i det øydelagde skulebygget i Beslan.

Foto: EDUARD KORNIYENKO / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.