NRK Meny
Normal

Akutt behov for hjelp i Sør-Sudan – millionar trua av svolt

– Verdssamfunnet må gjere noko straks med situasjonen i Sør-Sudan. Vi kan stå framfor ein omfattande svoltkatastrofe, seier Martha Rubiano Skretteberg, generalsekretær i hjelpeorganisasjonen Caritas.

Hjelpesenter i Juba i Sør-Sudan.

Dei mange interne flyktningane som kjem seg til Juba får ofte hjelp, men i resten av landet er det verre.

Foto: CHARLES LOMODONG / Afp

Skretteberg har nyleg kome heim frå ei reise i Sør-Sudan, og ho kan fortelje at det er eit stort behov for mat i det borgarkrigsherja landet. Det er 1,7 millionar internt fordrivne menneske i landet, og dei fleste har teke vegen til hovudstaden Juba.

Krisa i Sør-Sudan har vore lite framme i media dei siste vekene, når verda si merksemd har vore retta mot ebola-utbrotet i Vest-Afrika og terrororganisasjonen IS si framrykking i Irak og Syria. Men krisa i landet har ikkje vorte mindre, snarare verre.

caritas

Martha Rubiano Skretteberg saman med sørsudanske flyktningar.

Foto: Caritas

I Juba er det oppretta store flyktningleirar, der dei aller fleste er kvinner og born. Mennene er anten drepne eller så er dei med i ei av dei over 80 væpna gruppene som opererer i den ferske staten.

Caritas Norge

Over 80 væpna grupper

Dei fleste flyktningane kjem frå dei nordlege provinsane Øvre Nilen, Unity og Jonglei, områda som er verst ramma av den blodige borgarkrigen. Denne krigen går i hovudsak føre seg mellom Dinkaene, stammen til president Salva Kiir Mayardit, og Nuere, der tidlegare visepresidenten Riek Machar kjem frå.

I tillegg til desse største væpna gruppene frå Dinka og Nuere kjem altså over 80 andre væpna grupper, alle med basis i ulike stammar.

Skretteberg kan fortelje at dei to landa Sudan og Sør-Sudan truleg er det området i verda med flest våpen i forhold til folketalet. Det er ofte så enkelt at dei som har våpen greier å skaffe seg mat. Det gjer at dei væpna gruppene ikkje har noko problem med rekrutteringa.

Noko av det verste, seier ho, er å sjå at dei væpna gruppene rekrutterer born heilt nede i åtteårsalderen. Når born har valet mellom å svelte og å gå inn i ei væpna gruppe, så er ikkje valet for dei så vanskeleg.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Sør-Sudan forbyr utanlandsk arbeidskraft

LES OGSÅ: – 3,9 millioner går sultne i Sør-Sudan

Internasjonal våpenhandel

Slik bur folk i leirane i Sør-Sudan.

Det er ikkje uproblematisk å bu under slike kummerlege forhold i regntida.

Foto: Martha Rubino Skretteberg / Caritas

– Det internasjonale samfunnet har eit ansvar for å gjere noko med den internasjonale våpenhandelen. Det er eit paradoks at Sør-Sudan fløymer over av våpen, medan innbyggjarane har for lite mat, seier ho.

Matmangelen er prekær, fortel Skretteberg. Ho reknar med at rundt 1,5 millionar menneske opplever akutt matmangel i Slør-Sudan i dag. Underernæring er alt eit stort problem i landet, og verre kan det bli. Utsiktene for 2015 er kritiske.

– Vi har nådd mange, men hjelpeapparatet kjem ikkje fram til alle. Vi har sørga for nok mat til rundt 500.000, men det er likevel ikkje nok. Det største problemet er likevel mangel på langsiktige løysingar, seier Martha Rubino Skretteberg.

Dei tre provinsane i nord, Øvre Nilen, Unity og Jonglei, er sterkt utsette for både flaum og tørke. Dei manglar ikkje berre mat til å greie seg under naturkatastrofar og kriser, men også til dagleglivet i meir normale tider.

LES OGSÅ: – 3,9 millioner går sultne i Sør-Sudan

LES OGSÅ: Hilde Frafjord Johnson: – Tre år utan pusterom

Arbeider på grasrota

Mor og barn i Sør-Sudan.

Sjølv om nauda er stor er aldri smilet langt unna.

Foto: Martha Rubino Skretteberg / Caritas

– Det er regntid i Sør-Sudan fram til desember. Faren er at dei ikkje har klart å opparbeide seg eit matlager som varer når tørketida set inn, Dette og svikt i fredsprosessen kan bety ny hungersnaud i Sør-Sudan. Vi i Caritas arbeider på grasrota. Det er nødvendig å sørgje for at dei har frø slik at dei kan så korn. Vi må hjelpe dei til å skaffe landbruksutstyr og fiskeutstyr, slik at innbyggjarane kan skaffe seg den maten dei treng. Samtidig med at vi hjelper mot naud, må vi også tenkje langsiktig og setje inn ressursar slik at sjølvforsyningsgraden aukar, seier den colombianskfødde generalsekretæren i Caritas.

Ho peikar også på kor viktig det er få i gang ein marknadsmekanisme, slik at det er mogleg å få til velfungerande lokalsamfunn.

Caritas er den katolske kyrkja sin hjelpeorganisasjon, og på verdsbasis er dei ein av dei største. Dei er også ein av dei aller støraste hjelpeaktørane i Sør-Sudan. Dette har sin bakgrunn i at det er godt over tre millionar katolikkar i landet, slik at organisasjonen har gode kontaktar over heile landet, heilt nede på grasrota.

– Det er viktig å ikkje gjere same tabben som i Haiti etter jordskjelvkatastrofen der. Då forsvann hjelpearbeidarane etter at den akutte krisa var over, og innbyggjarane vart ståande åleine når dei skulle byggje opp igjen samfunnet. Vi må bli verande der til dei grunnleggjande strukturane samfunnet treng for å utvikle seg, fungerer, seier ho.

LES OGSÅ: Dette er verdens «skjøreste» land

LES OGSÅ: – Sør-Sudans president ville henrette sine kritikere

Får ikkje fram hjelpa

Skretteberg fortel at over 100 humanitære organisasjonar opererer i Sør-Sudan, men problemet er at dei ikkje får fram hjelpa til heile landet på grunn av dei lovlause tilstandane dei over 80 væpna gruppene sørgjer for. Det er sterk mistru mellom dei ulike grupperingane, og mykje direkte hat.

Det var stor optimisme då Sør-Sudan vart ein sjølvstendig stat i 2011. Noreg var eitt av landa som engasjerte seg i nasjonsbygginga, men optimismen er no snudd til ei djup pessimisme.

Motsetnadene og mistrua mellom folkegruppene har utvikla seg frå vondt til verre, trass i forhandlingar på topplan, og at det vart til og med skrive under ein fredsavtale mellom dei to største grupperingane.

Martha Rubino Skretteberg i Caritas.

Martha Rubiano Skretteberg er generalsekretær i Caritas i Noreg.

Foto: bent Tandstad / NRK

– Problemet er at mistrua og hatet rundt om i landet ikkje har blitt borte, sjølv om det har vore forhandla fram ein avtale i Juba. Det er heilt nødvendig at lokale leiarar på alle nivå blir trekte med i nye forhandlingar, seier Martha Rubino Skretteberg.

LES OGSÅ: Hvor langt rekker verdens tålmodighet med Sør-Sudan?

– Treng hjelp no

Ho møtte mange sterke lagnadar under besøket i Sør-Sudan. I flyktningleirane var det flest kvinner og born ho møtte, og mange av dei var også sterkt prega av hatet og mistrua som gjennomsyrer samfunnet.

– Det var ei kvinne som jobba på eit hotell i Juba. På eine veggen hang det eit bilete av president Salva Kiir. Der er han som drap mannen min, sa ho og peikte på biletet av presidenten, minnest Skretteberg.

Ho meiner det er viktig at verdssamfunnet gir ein rask respons på det som skjer i Sør-Sudan.

– Tidsfaktoren er avgjerande. Menneska der treng hjelp no, seier Martha Rubino Skretteberg til slutt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt