Hopp til innhold

Sør-Sudan forbyr utanlandsk arbeidskraft

Styresmaktene i Sør-Sudan gir ordre om å erstatte alle utanlandske arbeidarar i landet med sørsudanarar. – Dette vil lamme naudhjelp i ein kritisk periode for Sør-Sudan, seier Norsk Folkehjelp.

SSUDAN-UNREST

Ein sørsudansk soldat får hjelp av ein lege frå FN-operasjonen UNMISS. Om styresmaktene får det som dei vil, så skal alle som jobbar i Sør-Sudan vere lokalt tilsette, og ikkje utlendingar slik som denne legen.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

Meldinga frå styresmaktene stod skriven i fleire aviser i dag.

– Alle ikkje-statlege organisasjonar, private bedrifter, banker, forsikringsselskap, telekommunikasjonsselskap, oljeselskap og hotell som opererer i Sør-Sudan er gitt ordre om å seie til alle utanlandske arbeidarar som jobbar hos dei at dei må slutte å jobbe frå 15. oktober, heiter det i utsegna.

Organisasjonar og bedrifter vert bedne om å leggje ut annonsar for dei stillingane som vert ledige, slik at dei kan bli «fylt opp av kompetente sørsudanarar».

– Grunn til uro

Dette skal også omfatte hjelpeorganisasjonar, som det er mange av i landet. Norsk Folkehjelp er ein av dei største bistandsaktørane av dei alle i Sør-Sudan og har vore i landet sidan 1986. Organisasjonen har rundt 800 sørsudanske og rundt 30 utanlandske tilsette.

Liv Tørres i Norsk Folkehjelp

– Vil kunne lamme heile landet i ein kritisk fase, seier Liv Tørres, som er generalsekretær i ein av dei største bistandsorganisasjonane i Sør-Sudan, Norsk Folkehjelp.

Foto: Farid Ighoubah / NRK

– Det er i høgaste grad grunn til uro. Om styresmaktene går vidare med dette vil det lamme naudhjelp i ein periode der Sør-Sudan vert omtalt frå FN si side som verdas verste matvarekrise. Me snakkar om fire millionar menneske som treng hjelp, seier generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Liv Tørres.

I går skreiv radiokanalen Radio Tamazuj på Twitter at styresmaktene i landet ber alle organisasjonar om å sparke utanlandske tilsette. I dag vart bønna altså gjort om til ein ordre.

Laster Twitter-innhold

Forstår uroa for arbeidsløysa

Tørres forstår styresmaktene sin tanke om å få fleire folk i landet ut i arbeid, og seier at Norsk Folkehjelp har fokus på å ha mange lokalt tilsette, og at dette også er noko dei jobbar mot. Ho trur likevel at regjeringa sin framgangsmåte slår heilt feil ut.

– Me skjønner sørsudanarane sine behov for å tenke nasjonalisering og behov for å fleire inn i arbeidsmarknaden. Det er hårreisande høg arbeidsløyse og fattigdomsproblem knytt til det, men dette er ikkje måten å løyse det på, seier Tørres.

– Kva følger vil det ha om de må trekke ut dykkar 30 tilsette?

– Om me må trekke ut desse 30 utanlandske tilsette, så vil det bidra til å avgrense kraftig den operasjonen me har gåande på bakken i dag. Det vil igjen bety omfattande konsekvensar for dei sivile og veldig redusert naudshjelpsinnsats til dei som treng det mest, seier Tørres.

Ho meiner heller ikkje at det er nok kompetanse i Sør-Sudan til å ta over dei oppgåvene som må gjerast.

Det er uvisst kva følger dagens utsegn vil få for alle dei FN-tilsette som er i landet. FN-styrken UNMISS vart inntil i sommar leia av Hilde Frafjord Johnson, og har hausta kritikk etter at det braut ut ei ny konflikt i Sør-Sudan.

Blodig konflikt

Det er landets president Salva Kiir, og tidlegare visepresident Riek Machar, som speler hovudrollene i konflikten. Kiir kasta i desember Machar ut av regjeringa, og sidan då har det vore kampar mellom tilhengjarar av dei to politikarane. Mange har blitt tvungne til å legge ut på flukt på grunn av kampane.

FN og den regionale samarbeidsorganisasjonen IGAD har i ettertid prøvd å få til fred i det unge landet, som også tidlegare har gått gjennom fleire tiår med frigjeringskrig frå Sudan. Ei våpenkvile vart signert i slutten av førre månad, etter at tre tidlegare avtaler hadde blitt brutt etter berre få timar.