NRK Meny
Normal

Hilde Frafjord Johnson: – Tre år utan pusterom

Hilde Frafjord Johnson har pakka tinga sine og reist frå eit Sør-Sudan som onsdag fylte tre år. Det siste halvåret var vondt, og Johnson fekk kritikk frå fleire kantar. No skal ho slappe av, og kanskje skrive bok.

Hilde Frafjord Johnson

No er ho heime i Noreg, og kan endeleg puste ut. Først skal det slappast av, men etter kvart kan det vere at Hilde Frafjord Johnson kjem med ei bok som skal fortelje hennar oppleving som FN sin representant i dei tre første åra til staten Sør-Sudan.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Måndag 10. mars 2014: Demonstrantar går gjennom Jubas gater. I Sør-Sudans hovudstad ligg frustrasjonen tungt over folket som ser landet sitt falle saman – bit for bit. Frustrasjon har hos mange gått over til sinne, og verst går det utover FN sin representant, spesialutsending Hilde Frafjord Johnson.

Massiv kritikk

South Sudan

Demonstrantar fylte gatene i Juba i mars for å vise si misnøye mot FN og deira representant i landet, Hilde Frafjord Johnson.

Foto: Mackenzie Knowles-Coursin / Ap

«Why Hilda kills people of South Sudan? – Kvifor drep Hilda folket i Sør-Sudan?», står det å lese på eit av skilta. Biletet som akkompagnerer teksten er eit bilete av norske Hilde Frafjord Johnson som peiker med ein pistol.

LES OGSÅ: Vil kaste norsk FN-sjef ut av Sør-Sudan

LES OGSÅ: – Som et korthus som ramlet sammen

– Eg såg på det som skjedde som noko som skjer i konfliktsoner der FN opererer, slik som i Midtausten men også andre stader. Når ein får eit handlingsgang slik som i Sør-Sudan får ein eit behov for å legge skulda på nokon, og då er det alltid enklast å skulde på FN, meiner Johnson.

HØYR JOHNSON BLI INTERVJUA I VERDA PÅ LAURDAG:

Kritikken var massiv og gjorde inntrykk, men den prella også til ein viss grad av.

– Kritikken kom frå begge kantar, både regjering og opposisjonsstyrkane, og då har ein gjort noko riktig. For om ein hadde blitt sett på som ein alliert til berre ei av sidene, så har ein gjort noko gale, seier Johnson trygt heime i Noreg-

Hilde Frafjord Johnson

I tre år har Hilde Frafjord Johnson vore spesialutsending for FNs generalsekretær. Det enda til slutt i krise, og Johnson måtte tole krass kritikk frå fleire partar.

Foto: Bibiana Dahle Piene / NTB scanpix
REGJERINGSSKIFTE

I 2005 gjekk Johnson av som KrF sin utviklingsminister og gav nøkkelen vidare til Erik Solheim frå SV.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

For ho kasta til slutt inn handduken, trass i brei støtte frå FNs Tryggingsråd. Etter månader med valdelege og blodige samanstøytar mellom støttespelarane til president Salva Kiir, og tidlegare visepresident Riek Machar, vart mandatet til FN-operasjonen UNMISS endra frå å vere statsbyggjande, til å bli ein fredstryggjande operasjon. Endring av mandat betyr også endring av leiing, meinte Johnson.

– Betre no enn før

No har ho difor reist frå eit Sør-Sudan i krise.

– Men det er ikkje eit Sør-Sudan i fullt kaos. Det er to ting som no skjer. For det første er det ein forhandlingsprosess på gang, og partane har first til 10. august til å finne ei løysing. Også er det stans i kamphandlingane. Det er nokre trefningar her og der, men ikkje den same konflikten me såg dei første månadane, seier Johnson.

Ho meiner FN klarte å utgjere ein skilnad når situasjonen vart som den vart.

– I krisesituasjonen som oppstod 15. desember vil eg seie at det viktigaste resultatet FN har oppnådd er å opne portane då tusenvis av menneske var i frykt for sine liv, seier Johnson.

LES OGSÅ: Dette er verdens «skjøreste» land

Ho legg til at det som har gjort sterkast inntrykk på ho er dei alvorlege overgrepa og brota på menneskerettane som har skjedd i landet.

– At leiarar i Sør-Sudan har gjort dette mot seg sjølve og sitt folk er for meg heilt uforståeleg. Her må det kome ein prosess der folk vert stilte til ansvar for desse handlingane, meiner Johnson.

– Sør-Sudan kan bli oppløyst

– Kva er løysinga for Sør-Sudan i tida framover?

– Løysinga er fred. Partane må bli einige, og dette er den største testen leiarskapet som regjeringspartiet SPLM står overfor. At dei klarer å sette landet og folket sine interesser først, og sine eigne interesser sist.

– Trur du det er mogleg?

– Det kjem til å vere krevjande, men det er heilt naudsynt om dette landet skal kome på rett kjøl. Om ein ikkje klarer dette, er det stor fare for at me vil få ein stat som fragmenterer og vert oppløyst, seier Johnson.

50 år gamle Johnson skal no ta seg fleire månader fri etter det ho kallar tre månader med konstant krisehandtering.

– Det har faktisk ikkje vore pusterom. No skal eg først og fremst slappe av, lade batteria, samle energi. Og så tek eg nokre månader fri, prøver å skrive ned noko, og kanskje det blir ei bok. Eg er ikkje heilt ferdig med FN endå, og håper det kjem nye sjansar seinare, avsluttar Johnson.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt