Hopp til innhold

Tidlegare ukrainsk forsvarsminister til NRK: – Offensiven kan starte når som helst

Den ukrainske offensiven kjem til å bli mange mindre angrep, ikkje ein fellesstart for soldatar. Det seier den tidlegare ukrainske forsvarsministeren Andriy Zagorodnyuk i eit eksklusivt intervju med NRK.

– Nei, den ukrainske offensiven har enno ikkje starta, seier Zagorodnyuk kontant.

Han var ukrainsk forsvarsminister frå 2019-2020. No er han rådgivar for ukrainske styresmakter. Han er også tilsett ved Center for defense strategy.

Andriy Zagorodnyuk

KAN SKJE I MORGON: Andriy Zagorodnyuk er tidlegare ukrainsk forsvarsminister. Han seier at den ukrainske motoffensiven kjem til å bestå av mange mindre angrep.

Foto: Centre for defence strategies

Han påpeikar at det ukrainske motangrepet mot dei russiske okkupasjonsstyrkane neppe blir slik mange forventar.

– Gjennomføringa av offensiven kjem ikkje til å bli superdramatisk som på film. Det blir ikkje veldig stort. Det blir heller ei kjede med hendingar, og ikkje berre i ei retning, seier den tidlegare forsvarsministeren til NRK.

Alle journalistar vil gjerne vite når den lenge varsla offensiven kjem i gang frå ukrainsk side. Den ukrainske rådgivaren meiner at det ikkje blir lenge å vente no.

– Offensiven kan skje i morgon, i overmorgon, eller når som helst no.

Zagorodnyuk seier at kampar og uro som skjer i russiskokkuperte område i Ukraina og i på russisk side av grensa, har eit viktig formål. Nemleg å dra russiske styrkar bort frå frontlinja og svekkje høvet deira til å forsvare seg der.

Video skapar forventningar

I eit klipp som er sendt ut av det ukrainske forsvarsdepartementet, hysjar fleire soldatar mot kamera. Men når startar offensiven?

– Planar elskar stilla. Det kjem inga startannonsering, skriv departementet til slutt.

Bodskapen er tydeleg: Ikkje fortel kvar vi er og kvar vi skal. Snart skjer det kanskje noko.

Donetsk

NYE ANGREP: Ukrainske styrker angrip russiske stillingar i Donetsk. Biletet er frå ein video som ukrainske militære styresmakter offentleggjorde i går.

Foto: Reuters

Sidan dei aller første vårteikna dukka opp på slagmarka, har ein spekulert om den komande offensiven.

No seier den ukrainske presidenten at dei kan slå til. Men detaljane er like hemmelege som før.

– For å vere ærleg kan dette skje på mange måtar, men vi skal gjennomføre ein offensiv, og vi er klare, sa Zelenskyj i ein tale laurdag.

Framleis er det nokre ting ein kan seie sikkert. NRK har snakka med ein militærekspert og ein desinformasjonsekspert om kva vi kan vente oss i tida som kjem.

– Ikkje avsløre informasjon

– Det første og viktigaste med den ukrainske videoen er nok å auke operasjons- og informasjonssikkerheita til dei ukrainske styrkane.

Det seier Eskil Grendahl Sivertsen som arbeider med påverkingsoperasjonar ved Forsvarets forskingsinstitutt, FFI.

Eskil Grendahl Sivertsen, FFI

OM VIDEO: Eskil Grendahl Sivertsen arbeider med påverkingsoperasjonar ved Forsvarets forskingsinstitutt og seier at overraskingsmomentet er viktig.

Foto: Forsvarets Forskningsinstitutt

Han peiker på at ukrainarar som observerer dei ukrainske styrkane ikkje må avsløre sensitiv informasjon om kvar dei er, kor mange dei er og kva slags militært utstyr og våpen dei har.

– Jo større overraskingsmomentet er, jo større er sjansen for å lykkast med ein offensiv når han kjem, seier eksperten.

Han meiner det og er viktig å gjere russarane nervøse og mest mogleg slitne før offensiven byrjar. Dei skal ikkje vite kvar, når eller korleis offensiven vil gjennomførast.

Vidare kan videoen bidra til å halde oppe den ukrainske kampmoralen og forsvarsviljen både militært og sivilt. Mange kjenner nok at snart må noko skje, og her får ein klart inntrykk av at no er det kommande.

– Dessutan er det viktig å halde oppe støtta hos alle Ukrainas støttespelarar som har donert våpen, utstyr og pengar. Det blir knytt store forventningar og mykje håp til at ein ukrainsk motoffensiv snart må komme – og bli vellykka, seier Grendahl Sivertsen.

– Ikkje usannsynleg at den har starta

Russland seier måndag at ukrainarane starta ein storoffensiv i Donetsk fylke i helga som var, men leid store tap utan å rykke fram. Opplysingane er ikkje bekrefta frå noko anna hald.

Russiske militære myndigheter hevder at denne videoen viser et stort ukrainsk angrep som skal bli slått tilbake i Donetsk.

PÅSTANDAR: Russiske militære styresmakter hevdar at denne videoen viser et stort ukrainsk angrep som skal ha bli slått tilbake i Donetsk. Det er ikkje stadfesta kor den er frå eller når den er tatt opp.

Tormod Heier er forskingsleiar ved Stabsskulen i Forsvaret, og er professor i militær strategi og operasjonar. Han meiner den ukrainske offensiven kan ha starta allereie.

– Det er ikkje usannsynleg at ein større ukrainsk motoffensiv har starta, for det er noko vi har gått og venta på i månadsvis.

– Dersom det er ein offensiv på gang, så er heile den ukrainske nasjonen no inne i ei skjebnestund, for no står heile Ukraina sin territorielle suverenitet på spel.

Tormod Heier

AVGJERANDE: Tormod Heier ved Stabsskulen i Forsvaret seier at dersom ein offensiv er på gang, så står svært mykje på spel for Ukraina.

Foto: ISMAIL BURAK AKAKN / NRK

Dersom dei ikkje lukkast, meiner han, vil dei risikere å miste ein god del av territoriet sitt for alltid.

Likevel er det noko i meldinga om «storoffensiven» i Donetsk som skurrar, ifølge Heier.

– Når russarane skriv at det er seks brigadar som har angripe, og dei har blitt stansa, då byrjar eg å lure på om dette er tull, da. Usant.

– Russarane har ikkje nokre defensive styrkar som er egna til å stanse ein slik panser-knyttneve som då ville trenge seg gjennom på Russland sitt mest sårbare frontavsnitt. Men det er ikkje det same som å seie at det ikkje har skjedd noko.

Ukraina avviser

Ukrainske militære styresmakter nektar i ettermiddag for dei russiske meldingane om at dei har sett i gang ein offensiv.

– Kvifor offentleggjer russarane informasjon om ein motoffensiv? Fordi dei treng å avleie merksemda frå nederlaget rundt Bakhmut, seier Ukrainas viseforsvarsminister Hanna Maliar på meldingsappen Telegram ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Ho påpeikar også at ukrainske styrkar har gått over til det som blir kalla «offensive handlingar» på nokre område langs frontlinja.

Den ukrainske futanriksministeren seier ifølge Reuters at landet nå har nok våpen til å sette i gang motoffensiven. Han meiner også at offensiven vil gi den sigeren Ukraina trenger for å bli med i Nato.

Meiner Russland lyg konsekvent

Grendahl Sivertsen seier at i krig vil du halde korta tett til brystet når det gjeld kva du skal gjere, når, og kva kapasitetar du har. Du vil at motparten skal vere dårlegast mogleg førebudd på å kunne forsvare seg. Ein må heile tida kunne overraske, det er heilt sentralt her for å oppnå måla sine.

Russisk kanon

KAMPAR: Det russiske forsvarsdepartementet har offentleggjort dette biletet av ein russisk sjølvdreven kanon i Ukraina.

Foto: AP

– Det overordna biletet her er at både Ukraina og Russland driv med villeiing som ein sentral del av krigføringa, påpeikar eksperten.

Han viser til at Russland heile tida lyg konsekvent, og at det Ikkje er mogleg å ha tillit til russiske kjelder.

– Men ikkje alt er løgn. Av og til kan det komme noko som er sant. Men om påstandane om offensiven er sanne, er umogleg å vite.

Det kan hende russarane ønskjer å sende ein melding til ukrainarane om at offensiven ikkje går så bra. Det kan hende dei vil sende ein beskjed til den russiske befolkninga om at den russiske hæren har slått tilbake den ukrainske offensiven.

Kan vere eit «narretiltak»

Dei siste månadane har ukrainarane halde korta sine svært tett til brystet. Dermed vil verda truleg ikkje høyre det frå dei når støyten kjem.

Ukrainske kjøretøy

FØREBUING: Ukrainske militære køyretøy nær grensa til Russland.

Foto: Reuters

Heier meiner det er kjempeviktig at det russiske militæret ikkje får innsyn i korleis dei tenker, for at dei skal klare å halde offensiven gåande når den først har starta.

– Det her kan vere ei medviten ukrainsk villeiing der ein gjennomfører eit skinnangrep for å tiltrekke seg russisk merksemd og russiske reservar og forsterkingsstyrkar.

Men soldatane og stridsvognene og dronane dei i så fall møter på der, kjem ikkje til å vere hovudstyrken, seier han vidare.

– Denne frontlinja er jo cirka tusen kilometer lang, og det er usannsynleg at russarane med 200.000 inne i Ukraina og 300.000 på utsida av dei ukrainske grensene, klarar å ha full kontroll og setje opp eit veldig sterkt ugjennomtrengeleg forsvar.

Ukraina-kart 05.06.2023
Foto: “INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 05.06.2022)
Foto: “INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 05.06.2022)

– Slik sett kan ein sjå på det som ei første fase av ein ukrainsk offensiv der den startar med såkalla narretiltak.

Spesielt viktig for Ukraina i tida som kjem, meiner Heier vil vere først og fremst å få kontroll på området kring kjernekraftverket i Zaporizjzja.

Utover dette trur han dei vil prioritere å kutte av tilgangen til Azovhavet, slik at russarane ikkje kan bruke landskorridoren dei treng for å frakte jamlege forsyningar til Krim-halvøya.

SISTE NYTT

Siste nytt