Hopp til innhold

Forsvarsminister i Storbritannia går av etter skuldingar om seksuell trakassering

Forsvarsminister i Storbritannia, Michael Fallon, går av etter skuldingar om seksuell trakassering. For 15 år sidan skal han ha rørt ein kvinneleg journalist på kneet.

Michael Fallon
Foto: Tolga Akmen / AFP

Onsdag kveld gjekk Michael Fallon, forsvarsminister i Storbritannia, frå si stilling etter den siste tids skuldingar om å ha seksuelt trakassert ein kvinneleg journalist.

I ein avisartikkel tidlegare denne veka vart det hevda at Fallon hadde rørt journalisten Julia Hartley-Brewer‏ på kneet i 2002.

Fallon vedgår at oppførselen hans ikkje har vore bra i fortida.

– Eg aksepterer at eg tidlegare ikkje har levd opp til dei høge standardane som vi krev av våre militære styrker som det er mi ære å representere, skriv Fallon i oppseiinga.

– Eg har reflektert over min posisjon og seier difor opp som forsvarsminister.

Hartley-Brewer har lenge sagt at ho rekna seg som ferdig med saka.

– Eg er ikkje eit offer og eg ønsker ikkje å ta del i denne saka som eg meiner har blitt ei heksejakt, seier ho.

Laster Twitter-innhold

Ber folk roe seg

65 år gamle Fallon har vore forsvarsminister sidan 2014, men har vore medlem av det britiske parlamentet sidan 1983. I 2002 tok han Julia Hartley-Brewer på kneet på ein konferanse for det konservative partiet.

– Eg forklarte roleg og høfleg til han at dersom han gjorde det ein gong til kom eg til å slå han i fjeset, sa Hartley-Brewer på Twitter.

– Han trekte tilbake handa og det var slutten på saka.

Hartley-Brewer har gått langt i å be folk om å roe seg og ikkje lage noko stor sak ut av hendinga

– Medisinsk undersøking i dag tidleg og, ja, begge knea mine er intakt. Skjerp dykk, folkens, sa Hartley-Brewer på Twitter i går.

Laster Twitter-innhold

Ikkje noko ny hending

Ifølge BBC skal ikkje Fallon ha sagt opp på grunn av nokon ny eller spesifikk hending. Han seier at han støttar statsminister Theresa Mays engasjement for å ta påstandar om seksuell trakassering frå politikarar på alvor.

Michael Fallon og Søreide i Bodø i dag

Michael Fallon og tidlegare forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i Bodø i fjor.

Foto: Martin Steinholt / NRK

Tidlegare i dag sa May at dei kom til å handle der det var skuldingar og bevis på seksuell trakassering.

Dei siste dagane har fleire framståande personar unnskylda seg for tidlegare oppførsel. Det heile starta i byrjinga av oktober då filmprodusenten Harvey Weinstein fekk sparken frå fleire verv. Dette førte til at både framståande personar og vanlege folk gjekk ut med sine historier om å bli seksuelt trakassert, gjennom den såkalla MeToo-kampanjen. Skodespelar Kevin Spacey vart denne veka skulda for å prøve å presse skodespelar Anthony Rapp til sex i 1986.

SISTE NYTT

Siste nytt