Hopp til innhold

Melde frå om valdtekt - blir sjølv straffa

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei kvinne i Somalia må sjølv sona i fengsel etter å ha meldt frå til politiet om at tryggingssoldatar skal ha valdteke henne.

Ein domstol i hovudstaden Mogadishu har dømt den 27 år gamle kvinna til eitt års fengselsstraff.

Dommarane legg til grunn medisinske prov som talar for at kvinna ikkje blei valdteken av soldatar i tryggingsstyrkane, slik kvinna sjølv hevdar.

Freelance-journalisten Abdiaziz Abdinuur, som intervjua kvinna om valdtekta, men som likevel ikkje har publisert intervjuet, er også dømd til eitt år innanfor fengselsmurane.

– Politisk motivert

– Me dømer henne for å ha krenkja statlege institusjonar ved å hevda at ho vart valdteken, sa dommar Ahmed Adan i retten tysdag.

Kvinna får utsetja soninga i eitt år, fordi ho har eit lite barn å ta seg av,

– Ho skal tilbringa eitt år i fengsel etter at ho er ferdig med ammeperioden, la dommaren til.

Mange innbyggjarar i Mogadishu reagerer tysdag med sinne og vantru på dommen, ifølgje ein BBC-reporter som er i byen.

Menneskerettsgrupper meiner dommen er politisk motivert, fordi det skadar styresmaktene sitt omdøme og personar tilknytta tryggingsstyrkane blir funne skuldige i valdtekt.

Den USA-stasjonerte organisasjonen Human Rights Watch meiner saka viser at «prioriteringane til den nye somaliske regjeringa er latterlege».

Presidenten vil ikkje blanda seg

Direktøren i Komiteen for vern av journalistar (CPJ), Joel Simon, har sendt eit skriv der han oppmodar presidenten i landet til å gripa inn.

Det kjem ikkje på tale, seier president Hassan Sheikh Mohamud til Al Jazeera.

– Dette er den einaste regjeringa som har vist seg dedikert i arbeidet med å betra livsforholda for kvinner i Somalia (..). Eg har ikkje mandat til å gripa inn i rettssystemet. At eg blandar meg inn vil ikkje bidra til ein sterkare rettsstat i landet, uttalar presidenten til den arabiske TV-kanalen.

– Krenkingar og falske prov

Det var den somaliske fjernsynsstasjonen Universal TV som den 6. januar rapporterte om at væpna, uniformerte menn hadde valdteke ei kvinne i ein leir.

Same dagen fortalde Al Jazeera om at valdtekter utført av tryggingsstyrkar i leirane for internt fordrivne grupper i Mogadishu er utbreitt.

Det angivelege valdtektsofferet blei tiltalt for å ha krenkja eit statleg organ, leggja fram falske prov, simulera lovbrot og for å fremja feilaktige skuldingar.

Journalisten var tiltalt for å ha krenkja eit statleg organ og for å ha oppfordra kvinna til å leggja fram falske bevis i retten. Mannen har sete varetektsfengsla sidan den 10. januar og vil bli overført til soning med det same.

Ektemannen til kvinna og to andre personar som blei arresterte i samband med saka fekk i dag gå fri. Ektemannen blei arrestert fordi han støtta kona si i valdtektsskuldingane.

SISTE NYTT

Siste nytt