Jordskjelvet som råka Lombok i Indonesia søndag, gjorde store øydeleggingar. Dødstala har stige i dagane etter skjelvet, og over 150.000 menneske er skadde. Dei siste døgna er tusenvis av turistar evakuerte frå ferieøyane i jordskjelvområda.
Ein av dei er Oda Marie Nilsen. Sjukepleiaren var på ferie på Gili-øyane utanfor Lombok då skjelvet kom. Saman med anna helsepersonell og frivillige var ho med å etablere eit feltsjukehus som kunne ta seg av dei som var skadde i skjelvet.
– Det var ein kaotisk situasjon. Vi hadde ikkje straum, mat og vatn, det var lite medisinsk utstyr tilgjengeleg. Og det var mange som trong hjelp, seier ho til NRK
Saman med andre sjukepleiarar og legar, var Oda Marie Nilsen med å etablere eit mellombels feltsjukehus for å hjelpe dei mange skadde etter jordskjelvet.
Foto: Oda Marie NilsenEtterlyser informasjon
Oda Marie Nilsen var på ferie på Gili-øyane då jordskjelvet råka Indonesia søndag. Ho skulle ønske den norske ambassaden hadde vore meir imøtekomande då ho tok kontakt for å få informasjon om situasjonen.
Foto: Privat / FacebookBåde Nilsen og dei ho reiste saman med kom seg uskadde frå skjelvet. Men dei såg mange som var hardt skadde.
Nilsen var i kontakt med den norske ambassaden etter skjelvet. Først morgonen etter, og seinare då natt til tysdag kom seg om bord ein båt som skulle ta henne til Bali. Ho meiner ambassaden ikkje møtte dei på ein god nok måte.
– Eg forstår at det er vanskeleg å planlegge, og at situasjonen var kaotisk. Men vi fekk veldig lite informasjon, og eg skulle ønske dei kunne spørje oss om vi hadde det bra, om vi hadde det vi trong, som pengar og pass. Det var mange som fekk skadar etter skjelvet, så det hadde kjenst tryggare om vi hadde fått spørsmål om vi var ok.
Ber nordmenn registrere seg
Pressetalsperson Guri Solberg i UD ber nordmenn som skal på ferie i utlandet om å registrere seg. Då blir det lettare å gi informasjon når det skjer alvorlege hendingar.
Foto: UDUtanriksdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei forstår at jordskjelvet har ført til vanskelege situasjonar for dei som er råka. Samtidig er slike situasjonar utfordrande for UD, skriv pressetalsperson Guri Solberg.
– Utanrikstenesta kan ikkje kommentere enkeltsaker, men på generelt grunnlag er det ofte kaotisk og lite tilgjengeleg og stadfesta informasjon i ein tidleg fase under ei krise.
Ho oppmodar nordmenn om å registrere seg hos UD i tenesta reiseregistrering.no når dei reiser til utlandet.
– Då kan vi sende ut informasjon dersom det skjer alvorlege hendingar. Det blei sendt ut melding til registrerte norske borgarar i etterkant av jordskjelvet på Lombok.