Hopp til innhold

Mot semje om gjeldstaket i USA

Den amerikanske finansministeren har varsla «katastrofe» dersom USA treff gjeldstaket 5. juni. No går det mot semje i forhandlingane.

Debt Limit

NYE SAMTALAR: Den amerikanske presidenten og leiaren for Representanthuset er enno ikkje samde om ein økonomisk pakke som skal heve gjeldstaket i USA.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

USA skal kutte offentlege utgifter og heve landet sitt gjeldstak. No nærmar dei seg å bli samde, ifølge medium i USA.

Opphavleg var fristen sett til 1. juni, men fredag kveld endra finansminister Janet Yellen datoen til 5. juni.

Ho seier USA har pengar nok til å betene gjelda si fram til då, skriv Reuters.

Men enno ikkje om kor kutta skal kome.

– Eg meiner ikkje hele byrda skal falle på middelklassen og arbeidarklassen, seier president Joe Biden til pressen.

USAs president Joe Biden i Det hvite hus i går.

USAs president Joe Biden i Det kvite hus i går.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Avtala present Joe Biden og republikanaren Kevin McCarthy nærmar seg einige om går ut på å heve gjeldstaket i to år.

Finansminister i USA Janet Yellen åtvara sist veke at eit eventuelt misleghald ville «generere ein økonomisk og finansiell katastrofe» for USA.

-

Amerikansk finansminister Janet Yellen er tydeleg om at 1. juni er «siste frist» for å heve gjeldstaket.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Amerikansk finansminister Janet Yellen er tydeleg om at 1. juni er «siste frist» for å heve gjeldstaket.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Gjeldstaket er også avgjerande for oss som bur tusenvis av kilometer vekke, dersom partane ikkje skulle lukkast.

Blir det slik at den amerikanske regjeringa ikkje kan betale alle rekningane sine, vil det nemleg ha finansielle ringverknader i resten av verda.

USA-kjennar Hilde Eliassen Restad og økonomiprofessor Kalle Moene forklarar det viktigaste om situasjonen akkurat no.

Kva er eit gjeldstak?

– Kor mykje staten kan ha i gjeld kan vere politisk bestemt, og det er det i USA, fortel Moene.

Kalle Moene

Moene er professor i Økonomi ved Universitetet i Oslo.

Foto: Fjeldstad, Knut / NTB scanpix

Gjeldstaket er altså ei politisk bestemt grense som skal sørge for at staten ikkje brukar meir pengar enn staten tener.

– Skal det bli oppheva, så må dei ha eit politisk fleirtal for dette. Det kan ikkje presidenten administrere sjølv.

Derfor forhandlar Biden no med ei gruppe i det republikanske partiet, som har krav dei vil at han skal oppfylle før dei går med på å heve taket.

– Det er mange ting som er vanskelege å føresjå i amerikansk økonomi for tida.

House Speaker Kevin McCarthy addresses the media after meeting with President Biden on debt ceiling

– Vi har ingen avtale enno, men eg har trua på at vi kan kome fram til ein, sa McCarthy etter møtet måndag.

Foto: SAUL LOEB / AFP

– Vi har ingen avtale enno, men eg har trua på at vi kan kome fram til ein, sa McCarthy etter møtet måndag.

Foto: SAUL LOEB / AFP

– Det ser ut som at polariseringa har gått så langt at ein er villig til å straffe også seg sjølv ved å avgrense presidenten si handlingskraft.

Kvifor har USA det gjeldstaket?

USA har hatt eit gjeldstak heilt sidan første verdskrig, altså i 1917.

– Før det så måtte Kongressen godkjenne kvar gong Finansdepartementet skulle låne pengar, fortel USA-ekspert Hilde Restad.

– Det var fordi dei trengde pengar til å kjempe i første verdskrig.

Dette var ikkje for å avgrense departementet, men heller for å gi det fridom til å styre seg sjølv på ein lettare og meir fleksibel måte.

Tidlegare president Woodrow Wilson held tale til Kongressen i april 1917.

Gjeldstaket i USA blei innført i 1917, slik at Kongressen ikkje trengde å involvere seg i alle vedtaka til Finansdepartementet. Her talar tidlegare president Woodrow Wilson til forsamlinga.

Foto: Anonymous / AP

Gjeldstaket i USA blei innført i 1917, slik at Kongressen ikkje trengde å involvere seg i alle vedtaka til Finansdepartementet. Her talar tidlegare president Woodrow Wilson til forsamlinga.

Foto: Anonymous / AP

Sidan har taket blitt heva 78 gongar. Det er først i nyare tid at det har blitt konflikt kring denne prosessen, ifølge Restad.

– Det er ein ting som ein er nøydd til å gjere. Ein har ikkje noko val fordi det går på USA sitt gode namn og rykte.

– Det betydde før at ein inngår kompromiss for å få det gjort. Men den nye røynda i Washington D.C. på grunn av ei radikalisering av høgresida, er at dei snur på det. Fordi dei veit det er så viktig, så brukar dei det som utpressingsmiddel.

Kven er dei som utfordrar Biden no?

Det er to bolkar i amerikansk politikk som har stilt seg imot Biden og demokratane i denne kampen.

Hilde Restad

Hilde Eliassen Restad følger politikken i USA tett, og har skrive boka Det amerikanske paradokset.

Foto: Martin Holvik

På ei side er dei ein kallar for Libertarians, som er veldig imot statlege utgifter, seier Restad.

På den andre er Trump-fløya, som av og til synest at statleg pengebruk er greitt, så lenge pengane går til dei «rette» amerikanarane.

Likevel:

– Det har vore ei fanesak for delar av høgresida i den amerikanske politikken at staten skal bruke mindre pengar generelt, og at ein ikkje skal ha stor gjeld.

Biden-administrasjonen har så langt gjort ein del endringar for å ha ein meir sjenerøs velferdsstat, fortel ho.

– Ein av dei tinga republikanarane seier at dei ønsker, er at det skal vere strengare krav på ulike velferdsgode.

Transgender Lawmaker Freedom Caucus

Den vesle gruppa innanfor det Republikanske partiet som kallar seg for «Fridomsmøtet» åtvara denne veka at dei kan kome til å blokkere ein avtale mellom McCarthy og Biden.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Den vesle gruppa innanfor det Republikanske partiet som kallar seg for «Fridomsmøtet» åtvara denne veka at dei kan kome til å blokkere ein avtale mellom McCarthy og Biden.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Goda inneber blant anna eit matprogram for fattige, eller stønad til foreldre som har dårleg råd.

Gruppene Biden no forhandlar med vil blant anna krevje at ein må jobbe i eit bestemt tal timar for å ha rett på sosial støtte.

Kva skjer dersom USA ikkje får betalt gjelda si?

– Då er det akkurat som om du skal forsøke å betale rekningane dine, men du har ikkje tilgang til ein bankkonto, seier Moene.

– Du kan ikkje betale det som statsapparatet har plikta seg til. Det gjeld løna til mange statstilsette, å betale rekningar for ting som staten allereie har skaffa seg men enno ikkje har betalt.

Markets Open After Dropping Over 300 Points On Tuesday

Ein har ikkje enno sett store svingingar på marknaden som følge av uvissheit kring gjeldstaket i USA.

Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFP

Ein har ikkje enno sett store svingingar på marknaden som følge av uvissheit kring gjeldstaket i USA.

Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFP

Moene meiner dette i så fall vil skape store komplikasjonar for den amerikanske økonomien, og deretter elles i verda.

Det er likevel ikkje noko han trur kjem til å skje. Han tolkar forhandlingane ein ser no som «spel for galleriet».

– Dersom det skulle gå for langt så er det ei katastrofe, men det har også sjølvsagt opposisjonen i USA forstått. Dei veit om dette.

– Eg trur dei aller fleste store aktørar her reknar med at dette går seg til og fører til eit kompromiss, og at det derfor ikkje er så store reaksjonar frå dei på marknaden.

Les også Inga semje om heving av gjeldstaket i USA

APTOPIX Biden Debt Limit

Kan forhandlingane få andre konsekvensar?

New York Times meldte i helga at usemja om gjeldstaket allereie har hatt økonomiske konsekvensar for USA.

Uvissa kring fristen 1. juni kan føre til ein ustabil økonomi og høgare renter når amerikanske styresmakter skal ta opp lån frå private aktørar, ifølge avisa.

-

McCarthy og Biden var tilbake på forhandlingsbenken måndag, men blei ikkje samde i løpet av ein dag.

Foto: SAUL LOEB / AFP

McCarthy og Biden var tilbake på forhandlingsbenken måndag, men blei ikkje samde i løpet av ein dag.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Det siste kjem av at ein er mindre sikker på at ein får pengane att når ein gir lån til den amerikanske staten, seier Moene.

– Då blir det som regel at ein krev ein kompensasjon for dette, altså at ein må ha ei høgare betaling for å låne ut pengar til den amerikanske staten.

– Då blir det dyrare for staten å oppnå lån. Eg trur ikkje den effekten er veldig sterk, men den kan sjølvsagt vere til stades.

Restad trur dramaet som no spelar seg ut seg på forhandlingsbenken kan skape andre forventningar til kva ein kan forhandle om i Kongressen framover.

-

Eit busstopp i Washington D.C. viser gjelda til USA, 22. mai 2023.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Eit busstopp i Washington D.C. viser gjelda til USA, 22. mai 2023.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

– Dersom ein no har etablert ein ny presedens i USA for at ein kan halde gjeldstaket som gissel, er det veldig uheldig så lenge du ikkje har to ansvarlege partar, seier Restad.

Ho meiner at det ofte ender opp slik at Demokratane «tek ansvaret» når motparten set seg på bakbeina i forhandlingar som dette.

– Det at dette er ei så stor sak er endå eit bevis på at USA er inne i ein ustabil periode, der ein ikkje heilt veit kvar ein har dei. Det er sjølvsagt veldig farleg for dei som er avhengige av USA.

– USA si relative makt er på veg ned. Det her er ein sånn type ting som berre akselererer prosessen.

SISTE NYTT

Siste nytt