Hopp til innhold

Inga semje om heving av gjeldstaket i USA

Det blei inga semje mellom demokratar og republikanarar om heving av gjeldstaket i natt, men dei lovar å halde fram med samtalane.

APTOPIX Biden Debt Limit

INGEN AVTALE: Leiar for Representanthuset Kevin McCarthy og president Joe Biden møttest natt til tysdag.

Foto: Alex Brandon / AP

President Joe Biden og leiar for Representanthuset, Kevin McCarthy møttest natt til tysdag ansikt til ansikt for første gong på fleire månader,

På ein pressekonferanse etterpå sa McCarthy at han og Biden ikkje er blitt samde om gjeldstaket, men at dei skal halde fram samtalane.

– Eg syntest vi hadde ein produktiv samtale. Vi har ingen avtale enno, men eg har trua på at vi kan komme fram til ein, sa McCarthy.

Han la til at han og Biden kjem til å snakke saman kvar dag fram til ei semje om gjeldstaket er i hamn.

I forkant av møtet sa Biden at han var optimistisk, og at han trudde dei ville gjere framsteg.

 Kevin McCarthy

På ei pressekonferanse etter møtet sa McCarthy at samtalen med Biden hadde vore produktiv, men at ein avtale framleis ikkje er på plass.

Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP

Må stoppe betalingar

Snart blir den amerikanske regjeringa tvinga til å slutte å betale nokre av rekningane sine, med mindre gjeldstaket blir heva innan pengane renn ut.

Dette trur ein kjem til å skje så tidleg som 1. juni.

Denne fristen blir krevjande å møte, sa finansminister Janet Yellen til NBC i går.

Biden og republikanske Kevin McCarthy, som leier Representanthuset i USA, har denne veka forhandla om ein økonomisk pakke som hevar gjeldstaket.

Til no har Republikanarane nekta med mindre den inneber å kutte føderale utgifter.

Republican members of Congress speak about debt ceiling negotiations in Washington

Leiar for Representanthuset Kevin McCarthy talte til det republikanske partiet om gjeldstaket 17. mai.

Foto: NATHAN HOWARD / Reuters

Inntil vidare verkar det likevel som at investorane har tru på at den amerikanske økonomien held seg stabil.

Det var raude tal på marknaden fredag, då dei republikanske leiarane i Kongressen sette forhandlingane på pause, men børsen gjekk ikkje vesentleg ned.

Men sjølv om partane blir samde før neste torsdag, kan uvissa i seg sjølv føre til kaos på marknaden, skriv New York Times.

Uvissa har allereie gjort det dyrare for styresmaktene i USA å ta ut lån. Kjem ein tett på fristen utan noko teikn til løysing, er det grunn til å tru at det blir endå dyrare.

SISTE NYTT

Siste nytt