Arrestasjonen kom etter nær halvtanna døgn med høgdramatikk både inne i og utanfor presidentbustaden i det mest fornemme stroket i Beograd. Trass i at han vart tvungen til å gå av som president i september, har han halde fram med å bu i presidentbustaden, godt vakta av sine eigne tryggingsfolk.
Statskupp
Den tidlegare så mektige presidenten er sikta for korrupsjon og maktmisbruk. Det er også klart at siktinga kan bli utvida til også å gjelde planar om å gjennomføre eit statskupp.
Den serbiske justisdepartementet seier at det vart funne detaljerte planar for eit væpna opprør i Serbia i villaen, saman med store mengder våpen. I villaen fann politiet to pansra personellkøyrety, tre maskinpistolar, ein rakettdriven granatkastar, to øskjer med handgranatar, 20 ulike typar pistolar og store mengder ammunisjon.
Saman med Milosevic inne i villaen før han vart arrestert var også fleire væpna livvakter, pluss kona, ei dotter og nokre politiske støttespelarar.
Våpenarsenalet i presidentbustaden var ikkje stort nok til å gjennomføre eit kupp, men spørsmålet er kor stor støtte milosevic eigentleg har i hæren. Det synest klart at høgtståande militære hindra ei rask pågriping av Milosevic fredag kveld, og det var ei tid frykt for eit væpna oppgjer mellom element frå hæren og politiet.
Ingen konflikt
I dag seier representantar for både hæren og dei nye demokratiske makthavarane i Jugoslavia og Serbia at det ikkje er nokon konflikt mellom dei. Dette står i kontrast til situasjonen laurdag kveld då president Vojislav Kostunica appellerte til hæren om å forlate området i og rundt Milosevic sin bustad.
Hæren såg ikkje til å ville følgje ordrer frå Kostunica, og det kunne lett ha kome til kamphandlingar.
Vi veit framleis lite om kupplanane som skal vere funne i villaen der Milosevic meir eller mindre har forskansa seg dei siste månadene. Er mektige offiserar i hæren delaktige i planen? Det er vanskeleg å tenkje seg at Milosevic ville prøve å organisere eit kupp utan å ha mektige støttespelarar.
Sosialistpartiet, der Milosevic framleis er leiar, er det største og best organiserte politiske partiet i Serbia. Her har han framleis brei støtte, men det store spørsmålet er og blir om han verkeleg har sterk støtte i det militære maktapparatet.
Dramatikk
Dei dramatiske 36 timane fram til Slobodan Milosevic overgav seg tidleg søndag morgon, viste tydeleg at den politiske uroa ikkje er over. Eks-presidenten nekta først å gi seg. Han vifta med våpen, og trua med å ta livet av seg sjølv og familien dersom politiet prøvde å ta han med makt.
Vi veit enno ikkje detaljert kva som skjedde inne i huset i tida før Milosevic gav opp, men at det var stor dramatikk er heva over tvil. Nokon Milosevic hadde tillit til, greidde å overtale han til å gi opp.
Truleg innsåg Milosevic at president Kostunica og hans regjering korkje kunne eller ville gi opp forsøket på å arrestere han. Prestisjenederlaget ville blitt for stort for dei nye makthavarane, og til slutt ville det bli naudsynt å setje hardt mot hardt. Det kunne lett ha enda i eit blodbad.
Haag-domstolen
Slobodan Milosevic er etterlyst av krigsforbrytardomstolen i Haag, men ingen ventar ei snarleg utlevering. Styresmaktene i Beograd understrekar at Milosevic er arrestert for brot på serbiske lover, ikkje på grunn av ytre press.
Advokaten til Milosevic krev at han blir sett fri frå varetekt, men vedgår at han ikkje trur han vil vinne fram. Den tidlegare presidenten risikerer opp til 15 års fengsel dersom han blir funnen skuldig i korrupsjon, og for å få han underslått statlege pengar. Han kan haldast i varetekt i inntil seks månader.
Om han i tillegg blir dømt for å ha planlagt statskupp, kan straffa bli endå høgare. Det store spørsmålet er om dei nye makthavarane i Serbia og Jugoslavia vil utlevere Milosevic til domstolen i Haag.
Dei fleste observatørar reknar med at det vil skje, men at det vil ta tid. No snakkar dei fleste om ei utlevering i løpet av året.
Berre dei mest trufaste tilhengjarane hans trur no at den 59 år gamle eks-diktatoren har ei politisk framtid i Jugoslavia.