NRK Meny
Normal

Mann dømd for Facebook-utsegn

Ein egyptisk mann er dømd til tre års hardt arbeid for å ha publisert krenkjande utsegn om islam på nettsamfunnet Facebook.

Egyptaren Ayman Yusef Mansur er dømd til straffearbeid av ein domstol i Kairo, melder nyheitsbyrået MENA.

I rettsavseiinga står det at mannen "med vilje audmjuka islam og angreip religionen med fornærmingar og hån på Facebook".

I august blei den kjende egyptiske bloggaren Asmaa Mahfouz pågripen og avhøyrt for å ha vanæra det egyptiske militæret på Facebook. Ho blei seinare sleppt fri mot kausjon, ifølgje BBC.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt