Hopp til innhold

Mann alvorleg skada etter bjørneangrep ved norskegrensa

Ein bjørn gjekk til åtak på ein mann i skogen likeved norskegrensa i Jämtland i Sverige. Mannen er alvorleg skada.

Kart Sverige

Angrepet skjedde i eit skogområde berre få kilometer frå norskegrensa.

Foto: SVT

Mannen skal ha vore saman med ein ven då bjørnen gjekk til åtak på mannen, skriv Aftonbladet.

Bjørnen vart avliva umiddelbart etter åtaket.

Kameraten ringte

– Det var kameraten til mannen som ringte direkte til 112 og sa at ein mann var angripen av ein bjørn og at bjørnen var død, seier Stefan Fredrikson ved Järmland-politiet til nyheitsbyrået TT.

Mannen er lagt inn Östersund sjukehus med alvorlege, men ikkje livstrugande skader. Han er i 50-åra og er innbyggjar i den samiske byen Ohredahke.

Lokalt politi skal no etterforske ulukka, og det skal bli gjort obuksjon av bjørnen.

Det har den siste veka vore utstedt fellingstillatelse på ein bjørn i området, men det er uklart om det er den aktuelle bjørnen som angreip mannen.

Svært mykje bjørn

Det skal ha vore svært mykje bjørn i dette området dei siste åra. Lokale styresmakter frykter at talet vil halde fram med å auke.

– Dei siste ti åra har det vore ekstremt mykje bjørn i området. Førre året bevilga lokale styresmakter fellingstillatelse på 11 bjørnarm seuer ordførar Sture Åhrén i Ohredahke til SR.

– Dette er berre starten. Ettersom binnene nettopp har begynt å få unger kan me forvente oss fleire bjørnar, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt