Hopp til innhold

Mange sivile drepne i bombeangrep i Syria

Minst 25 menneske, mange av dei kvinner og born, vart drepne då det som truleg var russiske krigsfly bomba ein travel marknadsplass i den opprørskontrollerte byen Idlib i Syria i dag. Minst 45 skal vere drepne i angrep i Aleppo-området.

Bombeangrep i Idlib.

Ein såra gut er berga ut av ruinane etter bombeangrepet mot Idlib i dag.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / Afp

Fleire bygningar vart øydelagde i angrepet mot Idlib, og det er framleis menneske nedgravne i ruinane, opplyser representantar for sivilforsvaret til nyheitsbyrået Reuters. Minst 90 menneske er såra.

Både hjelpearbeidarar og andre seier at det truleg var russiske fly som gjennomførte bombeangrepet i dag. Fleire område i byen vart ramma v angrepa, men det gjekk verst utover den fullsette marknadsplassen.

– Grev etter overlevande

Bombing i Idlib.

Mange sivile vart ramma i bombeangrepet mot Idlib i dag.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / Afp

Ein fotograf frå AFP fortel om menneske som grev i ruinane av øydelagde bygningar etter overlevande, og at det er mange born blant dei såra. Mange bygningar og bilar vart fullstendig øydelagde.

Det har vore fleire angrep mot Idlib dei siste vekene.

Det er ein koalisjon av ulike islamistiske brigadar som har kontrollen i dette området, blant andre Jaish al Fateh (Erobrings-hæren). Fleire titals menneske er drepne i desse angrepa.

Angrepa i dag skjer berre timar etter at Russlands utanriksminister Sergej Lavrov og hans amerikanske kollega John Kerry annonserte at det er semje om våpenkvile i borgarkrigen i Syria frå etter solnedgang måndag.

Aleppo Media Center opplyser i kveld til nyheitsbyrået AP at minst 45 menneske er drepne i intense luftangrep mot Aleppo by og området rundt. Syria Observatory for Human Rights opplyser til AP at talet på drepne i Aleppo-provinsen i dag er 69, og at 13 av dei var born og tenåringar.

Lavrov kom med vodka og pizza til journalister

Mat og medisinar

Det fell saman med starten på den islamske høgtida Eid al-Adha. Våpenkvila vil også opne for livsviktige leveransar av mat og medisinar

Fleire opprørsgrupper har sagt at dei støttar ei våpenkvile, og at dei har lova å distansere seg for den mektige Al Qaida-tilknytte gruppa Fatah al-Sham, som tidlegare gjekk under namnet Nusrafronten, og Den islamske staten IS.

Bombeangrep i Idlib.

Mange bygningar og bilar vart totalt øydelagde i bombeangrepet.

Foto: AMMAR ABDULLAH / Reuters
Bombeangrep i Idlib.

Røyken ligg tett i Idlib etter at krigsfly bomba ein marknadsplass i byen.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / Afp

Også den syriske regjeringa seier at også dei vil etterleve våpenkvila.

Om det viser seg at våpenkvila held i ei veke, skal USA og Russland starte eit militært samarbeid og i fellesskap kjempe mot IS og Fatah al-Sham.

Idlib

SISTE NYTT

Siste nytt