Varanasi er ein av dei mest heilage byane for hinduane, som utgjer folkefleirtalet i India. Indiske politi oppgir at minst 21 menneske er drepne, og at over 60 er skadde. Tilstanden skal vere alvorleg for minst 22 av dei skadde.
Eksplosjonane fann stad i løpet av 45 minutt frå klokka 13.30 til 14.15 norsk tid, mellom klokka 18 og 18.45 lokal tid.
10 vart drepne i tempelet, medan dei 11 andre miste livet i dei to eksplosjonane på jernbanestasjonen.
Fullsett tempel
Den første eksplosjonen skjedde i eit fullsett tempel. Her er minst seks menneske drepne, og mange er skadde. Kvar tysdag er det ei stor bønnesamling i Sankat Mochan-tempelet, og då er det vanlegvis fleire tusen menneske i tempelet.
Den andre eksplosjonen fann stad på jernbanestasjonen i byen 10 minutt etter eksplosjonen i tempelet. Det er uklart om eksplosjonen skjedde om bord på eit tog, eller om det skjedde på sjølve stasjonen.
Den tredje eksplosjonen skal ha skjedd i ein fullpakka kupè på eit tog like før avgang til New Delhi.
Ganges
Sankat Mochan-tempelet ligg nydeleg til ved elva Ganges i Varanasi i delstaten Uttar Pradesh, og blir besøkt av fleire hundre tusen pilegrimar kvart år.
Det var tydelege spor etter bombeeksplosjonen i hindu-tempelet i Varanasi. (Foto: AP/Scanpix)
Norske Elin Nilsen oppheld seg i Varanasi saman med kjærasten sin. Ho kan fortelje at det er svært kaotisk i byen, og at folk der snakkar om at det har vore fem eksplosjonar.
Politiet har berre stadfesta tre eksplosjonar, ein i det store hindu-tempelet og to på jernbanestasjonen i byen. Men det er funne minst to andre bomber, og desse vart uskadelegggjorde, opplyser politiet.
Kraftig
Politisjefen i Varanasi, Navneet Sikera, seier til nyheisbyrået AFP at eksplosjonen i tempelet var svært kraftig.
Politiet reknar med at det er snakk om bombeeksplosjonar.
Indias statsminister Manhohan Singh fordømde i kveld bombeeksplosjonane på¨det sterkate, samstundes som han bad folk om å halde seg rolege. Det er innført høgste tryggingsninvå over heile landet.
Ingen har teke på seg ansvaret for eksplosjonane i Varanasi, men ytterleggåande muslimar har tidlegare stått bak angrep i området.
Denne vesle jenta var ei av over 60 skadde i eksplosjonane i Varanasi. Minst 15 miste livet. (Foto: AP/Scanpix)
Det oppstod kaos utanfor tempelet etter eksplosjonen. (Foto: RTV/Scanpix)
Ein fotograf i arbeid inne i tempelet etter eksplosjonen. (Foto: RTV/Scanpix)