Hopp til innhold

Malta krev hjelp frå EU for å ta imot tysk skip med migrantar

Malta vil ta imot eit tysk skip med over 200 migrantar om bord, men berre dersom andre EU-land bidrar med hjelp. No tilbyr Frankrike, Tyskland og Portugal å ta imot migrantar.

Det tyske skipet Lifeline

HÅP: Fem dagar etter at skipet Lifeline redda over 200 menneske i Middelhavet er det mykje som tyder at skipet får legge til kai på Malta.

Foto: Hermine Poschmann / AP

Det tyske skipet Lifeline plukka torsdag førre veke opp 234 flyktningar og migrantar i Middelhavet. Skipet, som vert drifta av ein tysk hjelpeorganisasjon, har blitt nekta å legge til kai i Italia.

Tysdag sa den italienske statsministeren Giuseppe Conte at Malta hadde sagt ja til at skipet kunne legge til kai der. Conte sa også at Italia vil ta imot nokre av flyktningane og migrantane om bord som eit kompromiss.

Etter fråsegna frå Conte, presiserte derimot Maltas statsminister Joseph Muscat at Malta tek imot nokre av migrantane på vilkår om at andre EU-land hjelper til.

Migranter om bord på Lifeline

TRONGT: Migrantane om bord på det tyske skipet Lifeline måtte vente fem dagar før Malta sa ja til å la dei kome i land.

Foto: Felix Weiss / AP

Tilbyr hjelp

Tysdag ettermiddag kunngjorde både lokalstyresmaktene i Berlin og styresmaktene i Portugal at dei vil ta imot nokre av dei.

Også den franske presidenten Emmanuel Macron har sagt at Frankrike kan ta i mot nokre av migrantane om bord på Lifeline.

Men det tyske skipet er ikkje det einaste skipet som har blitt nekta å setje i land migrantar dei har redda i Middelhavet.

Det danske skipet Alexander Maersk låg forankra utanfor Sicilia i over tre dagar før dei fekk legge til kai og setje av dei over hundre migrantane som var om bord.

Tidlegare i juni vart også det franske redningsskipet Aquarius nekta å legge til kai i Italia. Til slutt fekk skipet kome til den spanske hamnebyen Valencia.

Flyktninger om bord på Lifeline

VENTAR: Dei 234 migrantane har vore om bord på det tyske skipet Lifeline sidan torsdag 21. juni.

Foto: Hermine Poschmann / AP

– Ignorerte instruksar

Statsministeren i Italia meiner skipet Lifeline og dei andre skipa har seg sjølve å takke for situasjonen dei hamnar i. Kapteinen «ignorerte instruksar frå italienske styresmakter», heiter det i fråsegna frå Statsministerens kontor.

Italia har nemleg bede hjelpeorganisasjonar om ikkje å plukke opp migrantar i Middelhavet, men overlate dette til den libyske kystvakta.

Malta og Italias avgjerd om å avvise båtar med migrantar har kasta Europa ut i politisk krise om handteringa av dei fleire tusen migrantane som kjem til Europa frå Afrika, Midtausten og Asia.

SISTE NYTT

Siste nytt