Hopp til innhold

Macron: – Utelukkar ikkje å sende soldatar til Ukraina

Ukraina ber om meir støtte for å vinne krigen mot Russland. Bakkestyrkar skal vere eitt av alternativa.

Frankrike sin president Emmanuel Macron

President Emmanuel Macron utelukkar ikkje meir støtte til å sende europeiske soldatar til Ukraina.

Foto: GONZALO FUENTES / AFP

President Emmanuel Macron arrangerte denne veka eit møte med europeiske leiarar, for å diskutere korleis Ukraina kan hjelpast.

Macron held fast ved at eit russisk nederlag er naudsynt for Europa sin tryggleik.

Alle moglege formar for støtte blei difor diskutert.

– Det er inga semje på dette stadiet om å sende bakkestyrkar. Men ingenting bør utelukkast. Vi vil gjere det som trengst for at Russland ikkje skal vinne, seier Macron som hadde samla leiarar frå rundt 20 europeiske land i Paris.

Gravferd til 27 år gamal mann i Ukraina 26. februar

Ein ukrainsk mann kastar jord under gravferda til 27 år gamle Yehor Voloshyn måndag. Voloshyn blei drepen i strid nær byen Avdijivka 21. februar.

Foto: Alex Babenko / AP

Ein tenesteperson i Det kvite hus har ifylgje Reuters ingen planar om å sende styrkar til Ukraina.

Frå same kjelde blir det sagt at det ikkje ligg føre planar om å bidra med Nato-styrkar i krigen.

Endra meining

På ein pressekonferanse antyda Macron at fleire vil kunne støtte eit bakkestyrke-alternativ.

– Mange som sa «aldri, aldri» var dei same som sa «aldri stridsvogner, aldri fly, aldri langtrekkande missil» for to år sidan.

Les også Tegnet Putin i 40.000 peniser: – Reiser ikke til Russland med det første

En ung kvinne sitter foran et stort portrett av Vladimir Putin hjemme i leiligheten sin. Portrettet er tegnet i form av over 40.000 bittesmå peniser.

Etter at Ungarn godkjente Nato-søknaden til Sverige denne veka, er landet no kort tid unna medlemskap i forsvarsalliansen.

Statsminister Ulf Kristersson (Moderaterna) avviser at svenske styrkar vil bidra til Nato-styrkar i Ukraina.

– Det er ikkje aktuelt i heile tatt akkurat no, seier han til SVT.

– Stor vilje

Jonas Gahr Støre (Ap) seier møtet i Paris viser samhald og vilje til å hjelpe.

– Dette møtet stadfestar kor sterkt samhaldet er og at vilja til å støtte Ukraina framleis er stor, seier statsministeren til NTB etter møtet.

Emmanuel Macron og Jonas Gahr Støre

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) var ein av 20 deltakarar på møtet Frankrike sin president Emmanuel Macron hasteinnkalla til.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

Han meiner samlinga er eit sterkt signal, ikkje berre til dei allierte, men òg til Russland.

– Vi legger stor vekt på samarbeid og koordinering med partnarar og allierte. Det er ein viktig føresetnad for å finne gode og effektive måtar å framleis støtte Ukraina på, legger Støre til.

Milliardar til ammo-kjøp

Nederland sin statsminister Mark Rutte kunngjorde på møtet at landet vil bidra med 100 millionar euro, dryge 1,1 milliardar kroner, til eit tsjekkisk initiativ for å kjøpe ammunisjon til Ukraina.

Tsjekkia sin statsminister Petr Fiala seier at rundt 15 land har vist interesse for initiativet.

Statsminister Mette Frederiksen frå Danmark påpeikar at det ligg mykje ammunisjon på lager rundt om i Europa som er meir til nytte i Ukraina.

– Her og no er det viktigaste at denne store gruppa er samd om å kjøpe og donere meir ammunisjon. Vi skal sjå på kva som ligg på lagra som kan sendast av garde med ein gong, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt

USAs president Joe Biden under den årlige korrespondentmiddagen i Det hvite hus.

Biden spøkte med egen alder og kom med stikk mot Trump

Lørdag hadde amerikanske journalister sin årlige korrespondentmiddag med president Joe Biden. Utenfor var det store demonstrasjoner mot krigen i Gaza.