Hopp til innhold

Macron-forslag om å gi Russland garantiar, får slakt

Eit forslag frå Frankrikes president om at Russland treng tryggingsgarantiar i byte mot å gå med på fredsforhandlingar i Ukraina, får skarp kritikk frå fleire land.

Ei eldre kvinne med trillebag går på gata i den ukrainske byen Bakhmut i Donetsk. Bildet er tatt søndag 4. des. 2022

Ei eldre kvinne med trillebag går på gata i den ukrainske byen Bakhmut i Donetsk der det har vore harde kampar dei siste dagane.

Foto: YEVHEN TITOV / AFP

Både Ukraina og dei baltiske landa som deler ei lang grense mot Russland, avviser tanken som Frankrikes president Emmanuel Macron lufta i eit intervju på den franske TV-kanalen TF1.

Han sa ifølgje Reuters at Europa må førebu tryggleiken sin i framtida og tenke over korleis Russland skal møtast for å få landet til forhandlingsbordet.

Macrons utspel har vekt harme i Ukraina.

President Volodymyr Zelenskyj og Macron har snakka ofte saman i dei ni månadane som krigen har vart. Dei har diskutert diplomatiske løysingar.

Men Zelenskyj avviser Macrons forslag om kompromiss.

– Kva verda treng, er tryggingsgarantiar frå Russland, ikkje omvendt, seier ein nær rådgivar til presidenten, Mykhailo Podoljak, ifølgje Reuters.

– Ikkje seriøst

USAs viseutanriksminister Victoria Nuland seier at kravet frå Russland om at russisk-annekterte område skal anerkjennast, viser at Putin «ikkje er seriøst interessert» i forhandlingar.

Victoria Nuland i Kyiv 3. desember 2022

USA sin viseutanriksminister Victoria Nuland avviste Macron sitt forslag kontant då ho snakke med journalistar i Kyiv.

Foto: Roman Gritsyna / AP

Ho sa dette i helga etter å ha møtt president Zelenskyj i Kyiv.

Finsk nei

Også Finlands tidlegare statsminister Alexander Stubb er kritisk. Han seier han er «fundamentalt usamd» med Macron.

– Dei einaste tryggingsgarantiane vi bør fokusere på, er dei ikkje-russiske. Russland må først garantere at dei ikkje skal angripe andre, skriv han på Twitter.

Litauens tidlegare utanriksminister, Linas Linkevicus, seier at Russland har tryggingsgarantiar så lenge dei ikkje angrip, annekterer eller okkuperer naboland.

– Viss nokon ønsker å lage ein ny tryggingsarkitektur som tillèt ein terrorist-stat å halde fram med metodane sine for undertrykking, så bør dei tenke på ny. Dette går ikkje, skriv han Twitter.

– Ja, på vilkår

I Kyiv seier Davyd Arakhamia som sit i nasjonalforsamlinga, og som deltok i dei førre forhandlingane med Russland i Istanbul, at Ukraina er meir enn villig til å gje Russland garantiar, på visse vilkår:

  • Reis frå territoriet vårt
  • Betal for skadane
  • Straff alle krigslovbrytarar
  • Gje frå dykk atomvåpen

– Etter det er vi klare til å sette oss ned ved forhandlingsbordet og snakke om garantiar, seier han.

En kvinne bærer vannkanner langs en snødekt gate i Kyiv

Ei kvinne ber vasskanner etter å ha henta regnvatn i ei snødekt gate i Kyiv.

Foto: John Leicester / AP

Zelenskyj: Ukraina må overleve vinteren

I Ukraina ber president Volodymyr Zelenskyj folk halde ut, for å komme seg gjennom vinteren.

– Fienden har eit stort håp om å bruke vinteren mot oss, til å gjere det kaldt og vanskeleg, som del av terroren, sa han søndag kveld i ein TV-tale.

– Vi må gjere alt vi kan for å overleve vinteren, uansett kor vanskeleg det er, sa han.

Han seier at å halde ut denne vinteren betyr å halde ut alt. Russland har ein fordel med rakettar og artilleri, påpeikte han.

– Men vi har noko som okkupanten ikkje har, og ikkje kjem til å få: Vi beskyttar heimen vår, og det gir oss den største moglege motivasjonen, understreka han i talen.

Presidenten seier at ukrainarane kjemper for fridom og for å forsvare sanninga.

– For å overleve vinteren, må vi vere meir uthaldande og foreint enn nokon gang før, seier han.

Skader etter russiske bomber i den ukrainske byen Bakhmut i Donetsk, der det foregår harde kamper. Bildet er fra 4. desember 2022

I den ukrainske byen Bakhmut i Donetsk er skadane store etter russiske bomber. Dette bildet er tatt søndag.

Foto: YEVHEN TITOV / AFP

Søndag sa USAs etterretningssjef, Avril Haines, i eit foredrag på Reagan-senteret i California, at krigen i Ukraina går for halv maskin for tida. Ho sa at dei ukrainske styrkane vil fokusere på å bygge seg opp og førebu ein ny offensiv til våren, noko ho meiner Russland ikkje er førebudd på.

Les meir Venter lågare tempo i Ukraina-krigen i vinter

To ukrainske soldater nær fronten i Øst-Ukraina.

På søndag opplyste det britiske forsvarsdepartementet at dei har fått tilgang til ei ny meiningsmåling frå Kreml som viser at støtta til krigen er i ferd med å falle i Russland.

Russland skulda søndag Storbritannia for å spreie desinformasjon.

SISTE NYTT

Siste nytt