Hopp til innhold

Machetedrama på flyplass: – Alle var vettskremde

Ein mann i 60-åra gjekk laus på tryggingsvaktene på flyplassen i New Orleans med insektspray og machete fredag kveld. Ei kvinneleg tryggingsvakt vart skoten og såra av politiet.

En sikkerhetsagent får behandling og passasjerer evakueres etter at en mann gikk til angrep med en machete på en flyplass i New Orleans, USA.

NEW ORLEANS: Her vert passasjerane evakuerte etter machetedrama fredag kveld.

Den dramatiske hendinga starta då den 62-år gamle mannen vart utfordra med spørsmål av ein tryggingsvakt som skulle sjekke flybilletten og passet hans i ein kontroll.

Mannen tok plutseleg opp insektspray og spraya vakta i andletet før han sneik seg gjennom passkontrollen.

Bagen fylt med heimelaga bomber

To andre tryggingsvakter, ei kvinne og ein mann, prøvde å stanse han. Men gjerningsmannen var rask med å spraye den mannlege vakta med innsektsprayen, før han trakk fram machete og retta det mot begge vaktene. Han skal også ha hatt seks heimelaga brannbombe med seg i ein bag.

– Den mannlege tryggingsvakta som vart spraya med insektmiddel prøvde å beskytte seg sjølv med bagasje som han fekk tak i, seier politimeister Jefferson Parish Newell Normand.

Blod på gulvet etter machetedrama

Blod på golvet etter machetedramaet på flyplassen i New Orleans fredag kveld.

Foto: EVN

Politiet skaut tryggingsvakta

Men vakta skulle ikkje få sleppe unna så lett. 62-åringen sprang nemleg etter han gjennom ein metalldetektor, før politiet til slutt klarte å skyte gjerningsmannen tre gonger. Han vart treft i andletet, i leggen og i halsen.

Ved eit uhell vart også den kvinnelege tryggingsvakta skoten av politiet medan ho sprang frå gjerningsmannen. Men skadane skal vera av mindre omfang opplyser politiet.

Gjerningsmannen derimot vart sendt til eit sjukehus like ved flyplassen, og skal vera alvorleg skadd. Har dermed ikkje vore i stand til å bli avhøyrd. Politiet veit derfor ikkje kva slags motiv mannen hadde for åtaket.

– Det verka ikkje som om han prøvde å koma seg på eit fly, seier Normand.

Mannen skal tidlegare ha vore arrestert eit par gonger for mindre alvorlege lovbrot.

– Alle var vettskremde

Farah Stockman var på flyplassen og seier at ho såg folk springe av garde for å gøyme seg i det ho var på veg ut av toalettet.

– Alle skreik og såg etter plassar dei kunne gøyme seg. Mannen min bad meg om å halde meg der eg er. Det var berre mange, mange menneske som var vettskremde på ein flyplass, utan å vite kva som eigentleg skjedde, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt