Hopp til innhold

Löfven går av som statsminister

Sveriges statsminister ville ikkje lyse ut nyval, og vel å gå av. – Den vanskelegaste politiske avgjerda eg nokosinne har tatt, seier Löfven.

Sveriges statsminister Stefan Löfven

GÅR AV: Stefan Löfven frå Socialdemokraterna meiner eit nyval er det siste Sverige trenger no.

Foto: Erik Simander / TT

– Vi må ta ansvar for å løyse denne situasjonen. Eit ekstraval er ikkje best. Eg har bestemt å gå av.

Det sa Sveriges statsminister Stefan Löfven under eit pressetreff måndag formiddag. Der kunngjorde han at han ber om å gå av som statsminister etter mistillitsvoteringa førre veke.

– Landets beste må gå først, understreka han.

Löfven seier han bestemte seg i helga etter at han førre veke prøvde å finne støtte til ei ny regjering med Socialdemokraterna, noko han ikkje lykkast med. Han kallar det «den vanskelegaste politiske avgjerda han nokosinne har tatt».

– Eg er overtydd om at dette er det beste for landet, gjentok han.

Felt av mistillitsforslag

Førre veke stemte eit fleirtal i den svenske Riksdagen at dei ikkje har tillit til Stefan Löfven som statsminister.

– Med eitt år igjen til ordinært val og med omsyn til den ekstraordinære situasjonen er i, med den pågåande pandemien med dei utfordringane det vil medføre, er ikkje eit ekstraval det som er best for Sverige, sa Stefan Löfven.

Stefan Löfven

Löfven seier han framleis er villig til å leie ei ny regjering.

Foto: Anders Wiklund/TT / Anders Wiklund/TT

– På det grunnlaget har eg bede talmannen om å få gå av som statsminister, la han til.

Talmannen får ansvaret

Löfven fekk frist på ei veke på å bestemme kva han ville gjere, anten gå av eller lyse ut nyval. No skal talmannen i Riksdagen, tilsvarande Noregs stortingspresident, ta arbeidet vidare.

– No får talmannen innleie arbeidet med å føreslå ein statsminister som blir godkjent av Riksdagen. Regjeringa held fram med å styre riket vidare som ei overgangsregjering, sa Löfven.

Talmann Andreas Norlén vil no høyre med dei andre partileiarane kven som kan samle støtte til eit regjeringsapparat.

Det er fire statsministerkandidatar, og for å få fleirtal må dei ha støtte frå 175 mandat i Riksdagen. Dersom alle fire statsministerkandidatane får fleirtalet mot seg, må det haldast nyval innan tre månadar.

Med andre ord kan det bli nyval i september. Talmannen har ingen frist på å finne ei styringsdyktig regjering, men han har sagt at det i så fall skal gjerast så snart som mogleg.

– Politisk krise

Bakgrunnen for mistillitsfellinga er regjeringas forslag om å gjere endringar i utleigelova, mellom anna at utleigarar kan ta det dei vil for å leige ut bustadar.

Löfven gjekk til knallhardt angrep på dei som bestemte seg for å felle han.

– Å kaste Sverige inn i ein politisk krise i den situasjonen vi er i, er ikkje ansvarleg. Det er ikkje det det svenske folket ventar seg frå politikarane.

Meinte nyval var truleg

SVTs innanrikspolitiske kommentator Elisabeth Marmorstein meinte alt tyda på at det blei eit nyval.

Statsminister Stefan Löfven (S) under et hasteinnkalt pressetreff sammen med Centerpartiets partileder Annie Lööf.

Annie Lööf frå Centerpartiet vil verken samarbeide med Vänsterpartiet eller Sverigedemokraterna, noko som gjorde situasjonen vanskeleg for Löfven.

Foto: NTB

I så fall var Löfven avhengig av støtte frå Vänsterpartiet i sitt regjeringsalternativ. Han har også støtte frå Centerpartiet, men Centerpartiet har lova sine veljarar at dei ikkje vil gå i regjering med Vänsterpartiet.

Dersom det skulle skrivast ut nyval no, viser eit snitt av meiningsmålingane at høgresida kan få eit fleirtal beståande av Moderaterna, Kristdemokraterna og Sverigedemokraterna.

Ved sist riksdagsval i 2018 tok det fire månadar å danne ei regjering. Löfven har tidlegare uttalt at dette er det siste landet trenger midt i ein pandemi.

SISTE NYTT

Siste nytt