Hopp til innhold

Löfven slår tilbake: Uansvarleg å kaste Sverige ut i ei politisk krise

Eit fleirtal i den svenske Riksdagen varslar at dei ikkje har tillit til Stefan Löfven si regjering. Måndag skal det stemmast over eit mistillitsforslag.

Sveriges statsminister Stefan Löfven

MISTILLIT: Sveriges statsminister Stefan Löfven kan bli felt av eit fleirtal i Riksdagen måndag.

Foto: Pool / Reuters

Det er fleirtal i den svenske Riksdagen for å fella regjeringa til statsminister Stefan Löfven, melder Sveriges Television.

Vänsterpartiet starta prosessen ved å erklære at dei ikkje lenger har tillit til Löfven.

Det same seier Sverigedemokraterna, som dermed sørgde for nok stemmer til å setje i gang den formelle prosedyren fram mot eit mistillitsforslag i Riksdagen.

Også Kristdemokraterna og Moderaterna stiller seg bak forslaget, som dermed ser ut til å ha fleirtal i Riksdagen.

Socialdemokraterna sit i regjering saman med Miljøpartiet. Dei styrer ved hjelp av støtte frå Centerpartiet og Liberalerna. Dei to siste inngjekk i januar ein avtale om å støtta den økonomiske politikken til regjeringa.

Löfven: Uansvarleg

På ein pressekonferanse i ettermiddag gjekk Löfven til knallhardt motangrep mot dei som vil felle han.

– Å kaste Sverige inn i ein politisk krise i den situasjonen me er i, er ikkje ansvarleg. Det er ikkje det det svenske folket ventar seg frå politikarane, seier Löfven.

Löfven vil ikkje svare på om han vil lyse ut nyval eller ikkje når mistillitsforslaget etter planen får fleirtal måndag i neste veke.

– Vi får sjå kva som hender på måndag. Etter det har eg ei veke på meg til å finne ut kva eg skal gjere, seier statsministeren og peiker på utfordringane landet står overfor.

– Vi er framleis i ein pandemi. Vi er i ei økonomisk krise. Eg vil finne ut av kva som er best for Sverige.

Usemje om endringar i utleigelov

Bakgrunnen for mistillitsforslaget er eit forslag frå regjeringa om å gjera endringar i utleigelova, mellom anna at utleigarar kan ta det dei vil for å leiga ut bustadar.

Vänsterpartiet gav regjeringa tysdag ein frist på 48 timar til å innleia forhandlingar med leigebuarforeininga.

Trass i møte mellom regjeringa og partane i bustadmarknaden, blei det mistillitsforslag mot Löfven og regjeringa hans.

– Regjeringa har så langt, når fristen er ute, ikkje oppfylt krava våre, sa partileiar Nooshi Dadgostar torsdag.

Ho sa at mistillitsforslaget skal leggjast fram i tide til å behandla før Riksdagen tek sommarferie.

Löfven avviser at regjeringa vil tillate marknadspris for bustader.

– Me kjem aldri til å akseptere marknadsleige. Det har det heller aldri vore snakk om. Det finst ikkje noko regjeringsforslag om dette, seier Löfven.

Löfven seier de berre har hatt ein utgreiing som har vore på høyring og seier at dei enno ikkje har hatt ein politisk diskusjon om kva slags forslag som skal leggast fram.

– Difor er dette forhasta. Diskusjonane har nett begynt. At Vänsterpartiet då vil stille mistillitsforslag, det er uansvarleg, seier han.

På spørsmål om kvifor han ikkje i staden legger saka om leigemarknaden bort, seier Löfven:

– Me brukte fire månader på å danne regjering. Den byggjer på januaravtalen mellom fire parti. At ein part no går vekk frå avtalen... Slik fungerer det ikkje. Ein avtale er ein avtale, seier Löfven med tilvising til Vänsterpartiet.

Ikkje nøgd med handteringa til regjeringa

Löfven seier på si side at dei har investert mykje i velferd, bustadar og politi under hans siste statsministerperiode.

– Eg vil halda fram å føra politikken som eg veit er bra for landet, men eg veit at vi har mange utfordringar føre oss. Eg har tenkt til å halda fram og ta kampen som Sverige treng å ta, seier han under ein spørjetime i Riksdagen torsdag.

Partileiar i Kristdemokraterna, Ebba Busch, viser til regjeringas handtering av kriminalitet, arbeidsløyse og det ho skildrar som ei helsekrise i Sverige. Det skriv SVT.

Partileiar i Kristdemokraterna, Ebba Busch.

Partileiar i Kristdemokraterna, Ebba Busch.

Foto: Henrik Montgomery/tt / NTB

– Kristdemokraterna (KD) vil stemma for å fella Löfven-regjeringa, seier Busch.

Ho legg til at dei no ser at det er sjanse for å oppretta ei ny regjering.

– Vi har allereie stemt nei til Stefan Löfven fleire gongar. Sjølvsagt vil vi gjera det igjen, skriv Moderat-leiar Ulf Kristersson på Facebook.

Har fleirtal om forslaget – skal røystast over måndag

Minst 175 av nasjonalforsamlinga sine 349 medlemmar må stemma for mistillitsforslaget for at det skal gå gjennom.

Sverigedemokraterna, Vänsterpartiet, Moderaterna og Kristdemokraterna har til saman 181 representantar.

Mistillitsforslaget skal røystast over måndag klokka 10, ifølge presidenten i Riksdagen.

Löfven har vore statsminister i sju år.

Nytt val er eit alternativ

Det store spørsmålet er kva som skjer vidare, meiner politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

– Eit alternativ er at det går mot eit nyval i Sverige i haust, altså at Löfven bestemmer det, seier han.

Viss han kunngjer eit nytt val, som må gjerast innan ei veke etter måndagens mistillitsrøysting, vil presidenten i Riksdagen starta prosessen med å danna ei ny regjering. I mellomtida vil Sverige i så fall bli styrt av ei overgangsregjering, skriv Expressen.

Eit argument mot den løysinga er at Sverige då vil mangla ei aktiv regjering under pandemien. Ifølge kjelder Expressen har snakka med taler det for at det blir eit nytt val til hausten.

Politisk kommentator i SVT Elisabeth Marmorstein seier Löven etter dagens pressekonferanse set Vänsterpartiet under hardt press.

– Han spør om dei verkeleg vil kaste landet ut i ei regjeringskrise, samstundes set han ikkje døra på gløtt og hjelper dei med å finne ein veg ut av dette, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt