Hopp til innhold

Leivningar etter nazi-offer funne i Strasbourg

Leivningar etter jødar som vart drepne i gasskammer under krigen, er funne ved eit rettsmedisinsk institutt i den franske byen Strasbourg, opplyser lokale styresmakter til nyheitsbyrået AFP.

Minnesmerke over offera etter nazilegen August Hirst.

Det er sett reist eit minnesmerke over dei jødiske offera på ein kyrkjegard i Strasbourg.

Foto: CHRISTIAN LUTZ / Ap

Det var i 1943 at lika av 86 jødar, som møtte døden i eitt av Nazi-Tyskland sine mange gasskammer, var sende til Strasbourg, der den illgjetne professoren August Hirt hadde laga ei makaber samling av døde menneske. Lika vart oppbevarte i tankar fylte med sprit. Nokre av dei var intakte, andre var i delar.

Lagt i fellesgrav

Etter frigjeringa av Strasbourg i november 1944 vart «samlinga» oppdaga. August Hirt vart arrestert, og dei døde menneska vart seinare lagde i ei massegrav på Cronenbourg-kyrkjegarden, etter at dei var obduserte.

9. juli i år fann historikaren Raphael Toledano ut at det framleis låg menneskerestar igjen på det rettsmedisinske instituttet, meir enn 70 år etter. Saman med den noverande direktøren ved instituttet, Jean-Sebastien Raul, greidde han å identifisere fleire av kroppsdelane som vart funne.

Bevismateriale

Det viste seg at det var ein rettsmedisinar som etterforska krigsbrotsverka til August Hirt, som etter krigen hadde teke vare på kroppsdelane som bevismateriale. Sidan vart dei truleg gløymde.

Dei lokale styresmaktene i Strasbourg seier dei vil overlate leivningane til det jødiske miljøet i byen, som vil sørgje for at dei blir gravlagde saman med dei andre offera i Cronenbourg.

August Hirt sjølv tok livet sitt i juli 1945, før han skulle møte for Nürnberg-domstolen.

SISTE NYTT

Siste nytt