Hopp til innhold

Politiet leitar etter klassekamerat

Politiet i Aurora og FBI seier dei ikkje lengre leitar etter moglege medsamansvorne til den mistenkte kinodrapsmannen, men prøvar likevel å spore opp ein gamal klassekamerat av han.

Politiet i Aurora konfiskerer ting frå leilegheita til den mistenkte drapsmannen

ETTERFORSKAR: Politiet i Aurora konfiskerer ting frå leilegheita til den mistenkte drapsmannen som angiveleg var åleine om massakren.

Foto: JEREMY PAPASSO / Reuters

Talsmann for FBI, Dave Joly, seier at dei ikkje lengre leitar etter andre mistenkte etter massakren under kinopremieren i Aurora, Colorado fredag kveld.

Colorado Shooting Dan Oates

INGEN TVIL: Politisjef Dan Oates seier det ikkje er tvil om at drapsmannen var åleine. Likevel leitar dei etter tidlegare kjente av den mistenkte.

Foto: Ted S. Warren / Ap

– Det er absolutt ingen tvil om at denne fyren handla åleine, skal politisjef i Aurora, Dan Oates ha sagt ifølgje nyheitsbyrået Associated Press.

Politiet har no sikra leilegheita og byrja å konfiskere laptopar og anna bevis frå heimen til den mistenkte drapsmannen.

Leitar etter ein klassekamerat

Etter at ein TV-kanal i Denver rapporterte at politiet leitte etter fleire mistenkte, uttalte politisjefen seg og avkrefta ryktene.

Samtidig stadfesta han at politiet likevel snakkar med folk for å spore opp ein tidlegare klassekamerat av den mistenkte drapsmannen.

– Vi prøvar å spore opp ein klassekamerat av han, men det er alt dette er, seier Oates.

Har uskadeleggjort bombeleilegheita

Det er den 24 år gamle James Eagen Holmes som er mistenkt for å vere mannen som drap 12 menneske og skada 70 personar, då filmen «Batman» hadde premiere i byen Aurora i Colorado.

LES: Dette er den mistenkte

LES: Politiet: Han er lite samarbeidsvillig

Politiet vil ikkje seie kva dei trur motivet hans var. Holmes hadde montert ei rekke bombefeller med snubletråd og andre innretningar i leilegheita si, som ville ha gått i lufta dersom nokon hadde teke seg inn utan å vere forsiktig.

LES: Drapsmannens leilighet er sikret

Ved hjelp av bomberobot greidde politiet å uskadeleggjere innretningane, og natt til søndag norsk tid hadde politiet klart å fjerne alle sprengladingane i leilegheita.

Kinogjengarar er skeptiske

Massakren på kinoframsyninga i Colorado har sett ein støkk i andre kinogjengarar i USA, og kinosalane har reagert med å sette inn ekstra vakthald.

Åtaket som skjedde under premieren på den nye Batman-filmen, gjorde at 27 år gamle Charlott Kimbell i Illinois var på vakt då ho skulle sjå same filmen.

– Eg kjem nok til å sitte heilt bakerst i dag, langt vekke frå utgangsdørene, fortalte ho i framkant av kinoen i Illinois, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Sjå bilegalleri her

SISTE NYTT

Siste nytt