Hopp til innhold

Leiaren for Moderaterna går av

Leiaren for det svenske høgrepartiet Moderaterna, Anna Kinberg Batra, går av. Det sa ho på ein pressekonferanse i formiddag. Halvparten av fylkeslaga i partiet har kravd at ho trekkjer seg.

Lederen av svenske Moderaterna, Anna Kinberg Batra, trekker seg som partileder.

Leiaren for Moderaterna, Anna Kinberg Batra, varslar at ho går av.

– Eg tok avgjerda i går kveld, ut frå ei samla vurdering, sa Batra då ho møtte pressa. Situasjonen no er blitt slik at vi ikkje greier å fokusere på politikken. Debatten handlar om meg i staden for politikken vår, sa ho.

– Når det ikkje er mogeleg å kunne presentere politikken, går det heller ikkje an å bli sitjande. Då kan eg ikkje gjere ein god jobb. Eg har ikkje angra ein dag på at eg tok på meg jobben som partileiar. Men eg ser at det er vanskeleg å bli ståande i denne jobben i den situasjonen vi har no, sa ho. Ansvaret er mitt, la ho til.

Massivt krav om avgang

To fylkeslag til – Jämtland och Östergötland – slutta seg i går kveld til opprøret mot partileiaren. Dermed hadde til saman elleve fylkeslag stilt krav om at ho skulle trekkje seg.

Uroa i det svenske opposisjonspartiet kjem etter lang tid med dårlege meiningsmålingar. Det har ikkje blitt betre etter at partiet i januar opna for samtalar med det innvandringskritiske partiet Sverigedemokraterna.

18 prosent oppslutning

På pressekonferansen i dag forsvarte ho avgjerda om å ha dialog med Sverigedemokraterna.

– Å søkje støtte for politikken sin i heile Riksdagen, det angrar eg absolutt ikkje på, sa ho.

Ho sa også at problema i partiet ikkje er løyste sjølv om ho no trekkjer seg. Ho oppfordra alle i partiet til å slutte opp om den som blir vald som hennar etterfølgjar.

Ei meiningsmåling i mai viste at Moderaterna hadde lågare oppslutning enn Sverigedemokraterna – berre 18 prosent.

Moderaterna-leder Anna Kinberg Batra går av.

Anna Kinberg Batra har akkurat annonsert at ho går av som leiar for Moderaterna. Ho møtte pressa på partikontoret i Stockholm i formiddag.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB scanpix

Ville ikkje gå

Også Moderaterna sin ungdomsorganisasjonen har sagt at dei ikkje har tillit til partileiaren. Men så seint som onsdag sa Anna Kinberg Batra at ho ikkje ville gå.

– Eg arbeider hardt, og vil ikkje trekkje meg. Eg er vald for å leie partiet, og sørgje for at Sverige får ei ny regjering. Det är Stefan Löfven som ska bytast ut, sa Anna Kinberg Batra på ein pressekonferanse.

Men ho vedgjekk at ho ikkje er nøgd med oppslutninga på meiningsmålingane.

– Eg trur ikkje at nokon i partiet er nøgde med stoda no. Det er ikkje eg heller. Men eg er stolt over dei politiske forslaga vi har. Eg ser fram til å vise innhaldet i politikken vår til det svenske folket, sa Batra.

Anna Kinberg Batra tok over som leiar for Moderaterna 10. januar 2015. Ho avløyste Fredrik Reinfeldt.

SISTE NYTT

Siste nytt