Hopp til innhold

Opprør mot svensk opposisjonsleiar

Halvparten av fylkeslaga til det svenske høgrepartiet Moderaterna krev at Anna Kinberg Batra går av som partileiar. Men ho nektar å gå. I formiddag har Moderaterna kalla inn til pressekonferanse.

Anna Kinberg Batra

Anna Kinberg Batra frå Moderaterna deltok på landsmøtet i søsterpartiet Høgre i mars.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

To fylkeslag til – Jämtland och Östergötland – slutta seg til opprøret mot partileiaren i går kveld. Dermed er det no til saman elleve fylkeslag som krev at ho trekkjer seg.

– Fleirtalet i vårt styre oppfordrar Anna Kinberg Batra og heile partileiinga til å stille plassane sine til disposisjon, seier Saila Quicklund, som er riksdagsrepresentant og leiar for Moderaterna sitt fylkeslag i Jämtland til SVT Nyheter.

18 prosent oppslutning

Uroa i det svenske opposisjonspartiet kjem etter lang tid med dårlege meiningsmålingar. Det har ikkje blitt betre etter at partiet i januar opna for samtalar med det innvandringskritiske partiet Sverigedemokraterna.

Ei meiningsmåling i mai viste at Moderaterna hadde lågare oppslutning enn Sverigedemokraterna – berre 18 prosent.

Leiar for Moderaterna i Stockholm, Joakim Larsson, seier at det er med blanda kjensler Stockholm no krev at Anna Kinberg Batra skal gå av.

Har også støtte

– No ønskjer vi at partileiaren vurderer alle sider av saka, og sjølv tek ei avgjerd, seier Larsson.

Han legg til at Batra også har stor støtte i Stockholm by, men at ein ikkje kan gå til val om ein ikkje har nesten 100 prosent støtte som partileiar.

Også Moderaterna sin ungdomsorganisasjonen seier at dei ikkje har tillit til partileiaren. Men Batra sjølv seier at ho ikkje har planar om å gå av.

Anna Kinberg Batra

2015: Nyvald leiar for Moderaterna, Anna Kinberg Batra saman med avtroppande partileiar Fredrik Reinfeldt (t.v.) og Carl Bildt, som var Moderaterna sin utanriksminister i regjeringa Reinfeldt fram til 2014.

Foto: HENRIK MONTGOMERY / TT, Henrik Montgomery / NTB scanpix

Vil ikkje gå

– Eg arbeider hardt, og vil ikkje trekkje meg. Eg er vald for å leie partiet, og sørgje for at Sverige får ei ny regjering. Det är Stefan Löfven som ska bytast ut, sa Anna Kinberg Batra på ein pressekonferanse onsdag.

Men ho vedgjekk at ho ikkje er nøgd med oppslutninga på meiningsmålingane.

– Eg trur ikkje at nokon i partiet er nøgde med stoda no. Det er ikkje eg heller. Men eg er stolt over dei politiske forslaga vi har. Eg ser fram til å vise innhaldet i politikken vår til det svenske folket, sa Batra.

Anna Kinberg Batra tok over som leiar for Moderaterna i januar 2015. Ho avløyste Fredrik Reinfeldt.

SISTE NYTT

Siste nytt