Hopp til innhold

Ledig plass i britisk tv-debatt – Boris Johnson nekta å stille

Berre fem av dei seks kandidatane som kan bli ny statsminister i Storbritannia stilte til tv-debatt på Channel 4 i kveld. Favoritten Boris Johnson nekta å delta.

Bilete frå debatten til Channel 4

Channel 4 markerte at Boris Johnson ikkje ville stille i debatt med å lage ein ledig plass til han midt mellom motkandidatane Michael Gove, Jeremy Hunt, Sajid Javid, Dominic Raab, og Rory Stewart.

Foto: Tim Anderson / Channel 4

Ein plass var ledig då det var duka for tv-debatt mellom toryane som knivar om å bli ny leiar i partiet.

Då programleiar Krishnan Guru-Murthy i Channel 4 introduserte kandidatane som kan bli ny statsminister i Storbritannia, gjorde han eit poeng ut av Boris Johnsen nekta å stille til debatten, og viste til den ledige plassen.

Like etter kom reaksjonane på Twitter. Politisk redaktør i The Sun, Steve Hawkes, meiner det ser dumt ut og lurer på om kandidatane likar ideen.

Laster Twitter-innhold

Også motkandidatane reagerte. Før utanriksminister og motkandidat Jeremy Hunt starta på sine argument, gjekk han til angrep på Johnson.

– Viss han ikkje kan handtere fem vennlege kollegaer, korleis skal han takle dei 27 i EU, spurte Hunt retorisk og viser til at det er 27 medlemland i EU.

Boris Johnson hevdar at grunnen til at han ikkje vil stille er fordi småkrangling på direktesendt TV verkar mot hensikta.

Boris Johnson

Storfavoritt Boris Johnson nekta å stille i direktesendt tv-debatt.

Foto: Toby Melville / Reuters

Han har fått kritikk for å vere lite tilgjengeleg for pressa. I forkant av kveldens debatt fekk han sterk kritikk for avgjersla. Johnson skal likevel delta i ein debatt på BBC tysdag.

Boris Johnson er favoritt til å bli ny leiar for det konservative partiet – og den neste statsministeren i Storbritannia.

Møtte partiet laurdag

Laurdag møtte alle dei seks kandidatane som kjempar om å bli toryane sine nye leiar partiet bak lukka dører på eit hotell i London. Dei fekk kvar si runde på talarstolen for å overbevise om sitt kandidatur.

Storfavoritt Johnson skreiv på Twitter i etterkant at det er på tide å levere på brexit-saka.

Laster Twitter-innhold

På møtet skal Johnson ha sagt at han ønskjer å bringe nytt liv i partiet.

– Det vi må gjere er å stå fram med vårt grunnleggande konservative bodskap, sa Johnson, ifølgje valapparatet hans.

Uravstemming om to kandidatar

I dagane som kjem skal parlamentarikarane frå det konservative partiet halde fleire rundar med avstemmingar for å sile kandidatane. Om ei veke skal partiet stå igjen med to namn til leiarvervet i partiet.

I ei uravstemming skal dei 160.000 medlemmane i partiet stemme over dei to kandidatane. Ny leiar blir kunngjort i slutten av juli.

Også i forkant har fleire av motkandidatane til Johnson har vore kritiske til at den tidlegare London-ordføraren ikkje stiller i den 90 minutt lange tv-sendinga.

– Det geniale med britisk politikk er at vi ikkje oppfører oss som amerikanske presidentar, som feiar inn i ein bilkortesje. Hos oss handlar det om å snakke med folk, var bodskapen til motstandar og utviklingsminister Rory Stewart.

SISTE NYTT

Siste nytt