Hopp til innhold

Le Pen: – Franskmenn er sinte

Presidentkandidat Marine Le Pen vedgår at ho var sint under TV-debatten onsdag. Men sinnet var uttrykk for eit raseri ho seier ho har opplevd over heile Frankrike.

France Election Marine Le Pen

Presidentkandidat Marine Le Pen har fått kritikk for den krasse tonen under TV-duellen onsdag. Sjølv understrekar ho at mange i Frankrike faktisk er sinte.

Foto: Thibault Camus / AP

Det blei ein heftig TV-duell mellom dei to sluttkandidatane Marine Le Pen frå ytre høgre og sentrumskandidaten Emmanuel Macron onsdag. Det var mange personangrep og mange avbrot.

Fredag er siste dag med valkamp før folket går til urnene søndag. Ei fersk meiningsmåling viser at Macron får støtte frå 62 prosent av dei spurde. Marine Le Pen får 38 prosent på målinga frå Elabe for BFM TV og L'Express. Dermed går Macron fram tre prosentpoeng sidan førre måling frå same selskap tidlegare i veka.

I eit radiointervju med RTL fredag kommenterte Marine Le Pen debatten som «alle» snakkar om. Ho sa at dei sterke kjenslene ho gav uttrykk for, var velfunderte.

France Election

Det er siste dag med valkamp i Frankrike før presidentvalet blir avgjort søndag.

Foto: Bob Edme / AP

– Sinnet vil eksplodere

– Det eg sa, var ingen ting anna enn ein refleksjon av det sinnet som kjem til å eksplodere i dette landet, sa ho.

Ho kritiserte Macron for å vere elitens kandidat, og sa at Frankrike no har fått nok av den politikken og økomien som eliten står for.

Emmanuel Macron er samd i at franskmennene er misnøgde med det han meiner er ei lite effektiv regjering, men han avviser Marine Le Pen sin påstand om Frankrike har eit rasande folk.

– Spelar på hat

– Le Pen snakkar ikkje på vegne av nokon som helst. Le Pen spelar på sinne og hat, seier han til RTL.

Fredag formiddag fekk ti vidaregåande skular blokkert inngangen av studentar som protesterte mot begge kandidatane.

Rundt 100 studentar kasta søppelbøtter framfor inngangen til skulane. Dei bar plakatar med påskrifta «verken Le Pen eller Macron, verken fedrelandet eller sjefen», med referanse til Le Pen som nasjonalist og Macron med band til næringslivet.

France Election

Banneret i Eiffeltårnet blei hengjande i 45 minutt før det blei fjerna fredag morgon.

Foto: Michel Euler / AP

Også ved Eiffeltårnet var det demonstrasjonar. Seks miljøaktivistar tok seg inn i tårnet ved femtida fredag, og hengde opp eit banner med ein tekst som var retta mot kandidaten Marine Le Pen.

Banneret, med det franske slagordet «fridom, likskap og brorskap», fekk hengje i 45 minutt før det blei fjerna. Tolv demonstrantar blei arresterte.

SISTE NYTT

Siste nytt