Tidlegare denne veka vart 90 personar arresterte i fleire ulike land i ein internasjonal aksjon mot den italienske mafiagrupperinga 'Ndrangheta. Aksjonen er ein av dei største mot organisert kriminalitet i Europa dei siste åra.
– Vi er har gjort framgang, men vi må ikkje tru at desse arrestasjonane har knekt mafiaen. Likevel er det eit viktig bevis på at internasjonalt politisamarbeid er vegen å gå framover. Denne aksjonen er eit direkte resultat av at Italia endeleg har ratifisert ei lov som opnar for nettopp eit auka samarbeid med utanlandsk politi, seier Laura Garavini til NRK.
Antimafia-kommisjon
Ho er senator i det italienske parlamentet, valt inn av italienarar som er busette i andre europeiske land. Sjølv bur ho i Berlin i Tyskland og pendlar mellom dei to byane. Ho er medlem av det italienske parlamentet sin antimafiakommisjon.
Det starta etter
, der seks unge menn vart tekne av dage utanfor ein italiensk restaurant i byen.Det viste seg å vere del av ein intern krig i 'Ndrangheta-mafiaen, og Laura Garavini og mange andre italienarar busette i Tyskland hadde fått nok.
«Mafia Nein Nein»
– Eg starta aksjonen «Mafia Nein Nein». Eg var berre ein vanleg borgar og ikkje politisk aktiv på den tida. Vi opplevde at mafiamedlemer i Berlin pressa eigarar av italienske restaurantar i Berlin til å betale for det mafiaen kallar vern. Det var tilfelle der dei også tente på ein restaurant, seier Laura Garavini.
Ho fekk med seg fleire til å nekte å betale utpressarane, og i løpet av dei første månadene vart to medlemer av den napolitanske mafiaen Camorra arresterte og dømde. Aksjonen førde til at stadig fleire torde å gå mot mafiaen, og snart var Laura Garavini politikar.
No har ho vore senator i det italienske parlamentet i 11 år, valt inn frå det sosialdemokratiske partiet Partido Democratico.
– Vi nærmar oss
Kampen mot mafiaen fyller også mykje av kvardagen hennar i parlamentet. Ho er overtydd om at internasjonalt samarbeid er einaste måten å stanse dei stadig meir internasjonale mafiagrupperinga.
– Det skjer mykje no. Vi får stadig betre metodar til å kjempe mot organisert kriminalitet, og politiet i dei ulike landa som samarbeider, lærer av kvarandre. Vi har langt igjen, men vi nærmar oss, seier Garavini.
'Ndrangheta-mafiaen, som starta opp i det små med smugling av sigarettar i den fjellrike og isolerte provinsen Calabria, har vakse seg til å bli truleg den mektigaste av alle dei italienske mafiagrupperingane. Dei har i hovudsak kontroll over smuglinga av kokain frå Sør-Amerika til Europa, og det har skaffa dei enorme inntekter.
«Lovleg» forretningsverksemd
Medan dei tidlegare stort sett dreiv med typiske mafiaaktivitetar som utpressing og bortføringar, så har dei no flytta mykje over på «lovleg» forretningsverksemd, ikkje berre i Calabria, men også i det nordlege Italia og i land som Tyskland, Nederland, Belgia og fleire land i Sør-Amerika.
'Ndrangheta har heile tida vore prega av interne krigar, og i åra frå 1985 til 1991 vart 800 personar drepne i krigen mellom ulike familiegreiner. I 1991 vart denne krigen avslutta og organisasjonen samla seg om den nye internasjonale strategien.
Fleire viktige leiarar er arresterte dei siste åra, men det ser ikkje ut som om det har sett organisasjonen særleg tilbake.