Hopp til innhold

Kvinner i den konservative delen av Iran tar del i protestane

Til nå har stort sett berre mennene i den iranske provinsen tatt til gatene i protestar mot regimet.

Kvinner protesterer i regionhovudstaden Zahedan i Sistan-Balutsjistan i Iran.

Ein video verifisert av AFP viser fleire kvinner protestere mot det iranske regimet i den meir tradisjonelle delen av landet. Fleire av innbyggjarane her er både etniske og religiøse minoritetar.

Foto: Skjermdump / Twitter

Svartkledde kvinner i den meir religiøse og tradisjonelle regionshovudstaden Zahedan i provinsen i Sistan-Balutsjistan tok fredag del i protestane mot det iranske regimet, skriv nyheitsbyrået AFP.

Det er sjeldne bilde, seier leiar i menneskerettsgruppa Iran Human Rights (IHR), Mahmood Amiry-Moghaddam.

– Det har vore nokon mindre og små episodar der dei tar til gatene, men ikkje så organisert og omfattande som nå, seier han til NRK.

Kvinnene bar på plakatar med slagord som «Kvinner, liv, fridom», og ropte «Med eller utan hijab, vidare mot revolusjon», viser ein video publisert på Twitter, som er verifisert av AFP.

Ein stor del av innbyggjarane i provinsen tilhøyrer den etniske og religiøse minoriteten baluchere, som er sunnimuslimar.

– Eg trur effekten av dei pågåande protestar i Iran har gjort at menneske som har blitt undertrykka og følt seg som annanrangsborgarar i fleire år ikkje lenger føler seg makteslause, seier Amiry-Moghaddam.

Les også Fire ting du bør vite om opptøyene i Iran

Demostrasjoner etter dødsfallet til Mahsa Amini i Teheran, Iran.

Ekstra utsette

Dei iranske sikkerheitsstyrkane har drepe minst 499 menneske i Iran i løpet av 2022, ifølge IHR. Talet på drepne er størst i provinsen Sistan-Balutsjistan, ifølge gruppa.

Menneskerettsorganisasjonen Amnesty International sa tidlegare denne veka at minoriteten i Balutsjistan-regionen står overfor inngrodd diskriminering.

Kvinner protesterer i regionhovudstaden Zahedan i provinsen Sistan-Balutsjistan i Iran.
Foto: Skjermdump frå video / Twitter

– Balutsji-minoriteten har bore hovudbyrda av sikkerheitsstyrkane sine grufulle angrep under opprøret som har skylt over Iran sidan september, sa Amnesty i ei utsegn.

Organisasjonen har dokumentert 100 drap utført av iranske myndigheiter i provinsen i løpet av perioden 30. september til 10. november i år.

Organisasjonen trur det faktiske talet på drepne er mykje større. Ifølge IHR er talet 128.

Den 30. september blei meir enn 90 menneske drepne i Zahedan under eit samanstøyt mellom demonstrantar og sikkerheitsstyrkane etter fredagsbønna. Datoen har blitt kjend som «Bloody Friday», eller «den blodige fredagen».

Les også 14.000 er arresterte: Første dødsstraff gitt etter demonstrasjonar

Iran Protest

Protestane større enn Iran

Amiry-Moghaddam i IHR meiner protestane i Iran er eit viktig steg i kampen om likestilling og kvinner sine rettar generelt.

– Om dei lykkast, og dei kjem til å lykkast før eller sidan, så vil det ha ei svært stor innverknad på politikken og situasjonen mange andre stader i verda, trur IHR-leiaren.

Mahmood Amiry-Moghaddam

Leiar i Iran Human Rights (IHR) Mahmood Amiry-Moghaddam.

Foto: PETTER BERNTSEN / AFP

– Verdssamfunnet har tolerert apartheidsystemet mot kvinner for lenge. Det må me slutta med. Dette er ikkje kultur, det er undertrykking.

Vil sjå på endringar

Ifølge den iranske riksadvokaten skal no påbodet om hovudplagg for iranske kvinner vurderast.

– Både nasjonalforsamlinga og rettsvesenet jobbar med dette – om loven trenger noko endringar, uttalte riksadvokat Mohammad Jafar Montazeri på fredag da han var i den heilage byen Qom.

Kva som eventuelt kan bli endra i loven, sa ikkje riksadvokaten noko om. Han er sitert av det nasjonale iranske nyheitsbyrået ISNA.

Skal granskast av FN

Amiry-Moghaddam er nøgd med at menneskerettsrådet i FN har bestemt seg for å gjennomføra ei gransking av det iranske regimet, men etterlyser samstundes tydelegare kritikk frå verdssamfunnet.

Iran skuldar på USA, Storbritannia og Israel for å skapa det iranske myndigheiter kallar opptøyar.

Den iranske utanriksministeren Hossein Amir-Abdollahian sa i ein telefon til FN-sjef Antontio Guterres, at USA og andre vestlege land sine handlingar oppfordra til opptøyar i Iran.

Les også Norge slutter seg til EU-sanksjoner mot Iran: – En tydelig protest fra Europa

Statsministeren orienterer om gasslekkasjen

SISTE NYTT

Siste nytt