Hopp til innhold

14.000 er arresterte: Første dødsstraff gitt etter demonstrasjonar

Iranske myndigheiter har bedt om ei «tøff straff» for demonstrantane. Nå har den iranske domstolen gitt frå seg sin første dødsdom etter protestane.

Iran Protest

STORE PROTESTAR: Iranske kvinner og menn protesterer etter Masha Amini (22) døyde i moralpolitiet si varetekt. Bilde er tatt 1. oktober i år, og demonstrasjonen er ikkje knytt til dødsstraffene.

Foto: Middel East Images / AP Photos

Folkemengder på folkemengder roper av sinne. Knyttnevane er i vêret medan dei tar opp heile gater og vegar i Iran.

Dei roper «Død over diktatoren. Død over Khamenei» i kor.

Hijabar blir brunne eller vaia med i lufta. På universitet samlar studentar seg for å minnast kvinner som har døydd i moralpolitiet si varetekt.

Røyk siv opp frå byhorisonten. Demonstrantane raserer butikkar og stiftar brannar på gata.

På mobilvideoar frå Iran ser og høyrer ein handhevande styrkar slå ned på protestane med batongar, tåregass og skytevåpen.

Minst 300 menneske er drepne under protestane. Over 40 av desse skal vera barn, ifølge menneskerettsgrupper.

Iran Protests

Minst 14.000 demonstrantar er arrestert for å ha deltatt i demonstrasjonar mot regimet. Bilde er frå 27. oktober 2022.

Foto: AP

Er desperate

Demonstrasjonane har rast fleire stader i Iran sidan drapet på den unge kvinna Masha Jina Amini (21) i september.

Minst 14.000 demonstrantar har blitt arresterte.

Nå har Iran gitt frå seg si første dødsstraff sidan opptøyane starta, skriv nettstaden Mizan Online. Det melder AFP.

Den tiltalte blei dømd til døden for å ha sett fyr på ein offentleg bygning, ordensforstyrringar, «forsamling og konspirasjon med hensikt om å gjere lovbrot mot nasjonal sikkerheit», samt å «vera ein fiende av Gud» og for «korrupsjon på jorda». Dommen er ikke rettskraftig.

– Alt tyder på at myndigheitene har tenkt å bruka avretting av arresterte demonstrantar for å spreia frykt, seier leiar av Iran Human Rights (IMR) Mahmood Amiry-Moghaddam til NRK.

Ingen protest har vara så lenge sidan Den iranske revolusjonen i 1979, ifølge Amiry-Moghaddam.

– Akkurat nå har Irans regime behov for å gjera noko.

– Og det ser ikkje ut som folk har tenkt å gje seg. Derfor må regimet bruka endå sterkare middel, seier han.

Protests raging in Iran pose biggest threat to clerical rulers since the 1979 revolution

Protestane i Iran er den største trugselen mot det iranske regimet sidan revolusjonen i 1979. Bildet er henta frå ein video frå 30. oktober.

Foto: Privat / Reuters

Ber om «tøff straff»

Det iranske parlamentet har skrive under på eit utsegn der dei ber domstolane å «bestemt handtera» dei arresterte demonstrantane. 227 av 290 parlamentsmedlem stemte for dette utsegna.

Domstolssjefen, som er utpeika av Irans øvste leiar Ali Khamenei, skal torsdag ha oppfordra domstolane til å ikkje visa «unødvendig sympati» og «gje ei tøff straff» til dei som er skyldige.

Tidlegare har han oppfordra domstolane til å jobba raskare med sakene.

Både FN og fleire menneskerettsgrupper, mellom anna IMR, fryktar at dette betyr dødsstraff.

Skjermdump frå video der demonstranter brenn hovudskjerf.

Demonstrantar brenn hovudskjerf på gata.

Ifølge Iran Human Rights (IMR) har minst 19 menn og ei kvinne fått tiltaler som kan gje dødsstraff.

– Me er bekymra for at nokon av dødsdommane kan bli gjennomført i løpet av kort tid, seier IMR-leiar Amiry-Moghaddam.

Nå er den første dødsstraffa avgitt.

Akkurat kor mange av dei arresterte demonstrantane som risikerer dødsstraff er usikkert.

Vil at Noreg skal reagera

Ein av dei som risikerer dødsstraff er den kurdiske rapparen Saman Yasin (27).

Han blei pågripen i sin eigen heim etter at han viste støtte til demonstrasjonane på sosiale medium, skriv The Guardian.

Han er tiltala for å føra «Krig mot Gud», som ifølge iransk lov kan føra til dødsstraff.

Den kurdiske rapparen Saman Yasin (27) står med armane i ein vinduskarm.

Den kurdiske rapparen Saman Yasin risikerer dødsstraff for å ha vist støtte til demonstrasjonane på sosiale medium.

Foto: Privat / Instagram (skjermdump)

Amnesty-ambassadør i Storbritannia, Nazanin Boniadi, har namngitt ti personar som for tida står i fare for å bli, eller som blir, torturert i Iran for protestar mot regimet.

Amiry-Moghaddam seier at dei arresterte demonstrantane ikkje har hatt moglegheit til å velja forsvarar sjølv.

– Dei har ikkje ein rettsstat.

Det einaste som kan redda dei, ifølge Amiry-Moghaddam, er press utanfrå.

– På dette stadiet er det behov for ein sterk reaksjon. Noreg har i mange år vore ein av verdas fremste motkjemparar av dødsstraff, så det er absolutt på sin plass at Noreg kjem med ei sterk åtvaring, meiner han.

EU: Nye sanksjonar

For tida held EU på med ein ny sanksjonspakke mot Iran, ifølge Litauens utanriksminister Gabrielius Landsbergis.

Sanksjonane er både ein respons på regimet sine dødelege reaksjonar mot demonstrasjonane i landet, samt deira støtte til Russland under krigen i Ukraina, seier Landbergis.

Ifølge Litauen skal EU bli einige om sanksjonane på måndag.

EU har tidlegare innført sanksjonar mot Iran som følge av undertrykkinga av demonstrantar. Desse er retta mot både moralpolitiet, dei rettshandhevande styrkane og elleve myndigheitspersonar for deira visstnok innverknad i denne undertrykkinga.

Laurdag sa den tyske kanslaren Olaf Scholz at dei vil støtta seg til EUs sanksjonar. Dette er ein av måtane Tyskland vil auka presset mot regimet i Iran på, skriv Scholz på Twitter.

– Me vil fortsetta å auka presset på revolusjonsgarden og det politiske leiarskapet, seier Scholz i videotalen sin.

Talen kom etter at FN-ambassadørane til Tyskland og Island bad om eit ekstraordinært møte om uroa i Iran i FNs menneskerettsråd. 44 land skal ifølge brevet støtta oppfordringa.

I brevet frå ambassadørane står det at møtet burde bli haldt før 24. november eller ein annan dag same veke.

SISTE NYTT

Siste nytt