Kanskje hotelleigaren var ein av dei døde? Eg hadde følgt google maps til døra. Eg burde kanskje ha skjønt det der eg køyrde slalåm mellom samanrasa gangbruer og heimar.
Det er alltid krevjande å forstå omfanget av slike naturkatastrofar som råka Rheinland Pfalz i Tyskland. Relativt små elvar hadde skapt eit ragnarok midt på svarte natta. Folk hadde drukna i sengene sine i den idylliske landsbyen Bad Neuenahr.
Ein bamse ligg i gjørma ved Bad Neuenahr.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKOg det var der eg hadde bestilt eit hotellrom for å vere i posisjon for å levere rapportar om redningsarbeidet.
Hotellet hadde til og med teke førehandsbetaling, slik er det jo i denne verda vi lever med aukande automatisering. Men vel framme var straumen gått i heile nabolaget og inngangsdøra fylt av gjørme.
Eg snakka med ein nabo som gjorde det vesle han kunne for å rydde rundt den raserte heimen sin. Han fortalde at minst tre som budde i gata der var døde.
Då flaumen kom til Tyskland
Gata i Bad Neuenahr der NRK hadde bestilt overnatting.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKFlaumkatastrofen kom midt i den viktigaste valkampen i Tyskland på snart to tiår. Tre kandidatar kjempar om å ta over som forbundskanslar etter Angela Merkel. Før sommaren var det Dei grøne sin kandidat Annalena Baerbock som var den store favoritten.
Mange ungdommar i Tyskland er urolege for klimaendringane, og det er ikkje lenge sidan Greta Thunberg stod på kontoret til Merkel og kravde handling. Den mektige bilindustrien har gått frå dieselskandalar til å satse på elbil, og i utkanten av Berlin bygger Elon Musk ein gigantisk Tesla-fabrikk.
Men Baerbock var allereie før flaumen på sett og vis avskilta. Skulda for plagiat og juks med godtgjeringar.
Annalena Baerbock slit på meiningsmålingane.
Foto: AXEL SCHMIDT / AFPSo alt låg til rette for at Merkels kandidat no kunne vise kva som budde i han. Som regjeringssjef i ein av dei råka delstatane, Nordrhein-Westfalen, reiste Armin Laschet og Merkel rundt for å trøyste knuste lokalsamfunn.
I staden vart han fanga opp av TV-kamera der han stod og smilte og lo bak president Frank-Walter Steinmeier. Støvlar hadde han heller ikkje på seg der han gjekk rundt i gjørma.
Armin Laschet smiler og ler medan Frank-Walter Steinmeier held tale til dei flaumråka. Bilete har blitt eit symbol på den mislukka valkampen til CDUs kanslarkandidat.
Foto: Marius Becker / AP- LES: Då flaumen kom heim
Frå ferieparadis til helvete
I sommar byrja det endeleg å bli nok vaksinar til alle i Berlin. Desse karakteristiske gule vaksinehefta har blitt utselt på dei fleste apotek og tyskarane kunne endeleg flokke til strendene langs Middelhavet.
Vi veit det jo eigentleg. At det å blande barnefamiliar frå heile Europa på tettpakka all-inclusive hotell er den perfekte måten å spreie virus på.
Midt i ferie-overmotet vart Mallorca mørkeraudt som frampeik på korleis dette ville ende.
Underteikna rapporterer frå brannane på Sicilia. Øya var full av turistar og det er tydeleg at når europearane skal på ferie så skyr dei ingenting. Sjølv ikkje 48 varmegradar og skogbrann.
Foto: Nicola Zini / NRKNo er dei tyske turistane vel heime og smitten stig. Takka vere vaksine fyllast ikkje sjukehusa opp like fort som før, så politikarane slepp å bruke valkampen på å snakke om nedstenging og restriksjonar.
Obligatorisk vaksinering slik vi har sett i Italia, Hellas og Frankrike er også ei ikkje-sak.
I Tyskland er det no krav om vaksine, gjennomgått sjukdom eller test for å gå på restaurant og kino for å nemne noko.
Foto: Roger sevrin Bruland / NRKI staden fyllast Berlin med kjærastepar på helgetur og guida turistar på Segway. Denne veka var eg på Kino i Berlin for første gang sidan 2019, og i helga kanskje eg skal prøve å gå på ein konsert?
Det følast som om tida har stått stille og at nokon plutseleg har trykt på play-knappen.
Berlinarane kan igjen danse vals etter korona og nedstenging.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKMidt i alt dette skal altså tyskarane velje arvtakaren til landsmoderen Merkel. Kva meir er det som kan gå gale?
Ved Ramstein flybase i Tyskland. Det er visse gjenstandar som dei militære ikkje har i beredskapslageret sitt. Som damebind, bleier tåteflasker. Over 20 pallar med hjelp hadde blitt samla inn og levert til afghanske evakuerte.
Foto: Nicola Zini / NRK«Der Untergang» i Kabul
Kabuls fall treff ein vond nerve i Tyskland.
«Das schreckliche finale» kalla magasinet Der Spiegel det. Mange berlinarar hugsar framleis det å vekse opp i ein utbomba by, og foreldre som måtte leve med nederlag og skam.
Angela Merkel kalla det eit bittert endelykt. – Det verkar som alt var forgjeves, sa ho under ein pressekonferanse 16. august.
Afghanske evakuerte ventar på å bli registrerte ved Ramstein-flybasen utanfor Kaiserslautern.
Foto: Nicola Zini / NRKVed Ramstein-flybasen hadde det amerikanske flyvåpenet sett opp fleire hundre telt på rullebana for å huse afghanske evakuerte som skulle vidare til USA.
Tåteflasker donert frå lokalsamfunnet ved Ramstein.
Foto: Ida Stende JensenI lokalsamfunnet rundt var det mange som ville hjelpe med bleier og tåteflasker til dei minste.
Men kva skjer med denne godviljen? Skulle afghanarane bli verande i Tyskland, sa ein lokal mann til meg spørjande.
Innvandring er eit betent tema i Tyskland. Dei etablerte partia fryktar at ein ny flyktningstraum kan bli ein gåvepakke for dei høgreradikale i innspurten av valkampen.
«Der Scholzinator»
Kanskje er det difor sosialdemokratane sin kanslarkandidat har blitt så populær? SPD har i regjering med Merkel sakte men sikkert tapt terreng.
Olaf Scholz satsar på det trygge.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKSå plutseleg: Ut av det blå leder SPD med fem prosentpoeng på Merkels kristendemokratar.
Scholz blir kalla kjedeleg og robotaktig. Til det har han lakonisk svart at han stiller til val som forbundskanslar, ikkje sirkusdirektør.
For Scholz har skjønt at stabilitet og kontinuitet kanskje det viktigaste prinsippet i tysk politikk. Og i ei tid med omveltingar er det nok mange som lengtar etter det trygge uansett kor fargelaust og kjedeleg det måtte vere.