Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Kva kan Europa lære av Nürnbergprosessen?

Det var ei rettssak som endra verda. Kva kan vi lære av den no, snart 80 år seinare?

Hermann Göring i svarte solbriller. Ved sidan av sat Rudolf Hess og skalv.

Det er slik eg hugsar desse svart-kvitt-bileta som har blitt vist på fjernsyn igjen og igjen.

Nürnberg

Ved museet kan ein sjå bilete av alle som sat i tiltaleboksen med forklaring om kva rolle dei hadde i Det tredje riket.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Gjerne kryssklippa med grufulle bilete frå konsentrasjonsleirar. Utmagra fangar og massegraver. Krematorieomnar som framleis var varme.

Rettssaka som varte frå 20. november 1945 til 1. oktober 1946 var eit vendepunkt i verdshistoria.

Her sat Adolf Hitlers mest fortrudde menn og hånflirte eller såg tomt ut i lufta medan traumatiserte vitne forklarte seg. Alt blei tolka på fire forskjellige språk.

Dei som var skuldige for andre verdskrigen skulle no få sin dom i ein rettssal.

Kva kan Europa lære av Nürnbergprosessen?

Göring og Hess på fremste rad i tiltaleboksen. 21 sat på tiltalebenken, alle saman var toppleiarar i naziregimet i Tyskland. Mellom anna utanriksminister Joachim von Ribbentrop, og fire militære leiarar: Wilhelm Keitel og Alfred Jodl frå overkommandoen, samt marinesjefane Erich Raeder og Karl Dönitz (som også hadde blitt utpeikt av Hitler til etterfølgar).

Foto: Ap

Rettssal 600

Nyleg fekk eg sjansen til å besøke denne berømte rettssal nummer 600 i Nürnberg.

Eg sette med ned på tilhøyrarbenken og ser utover.

rettssal 600

Tiltalebenken fotografert frå tilhøyrarbenken. Foran boksen sat forsvararane.

Foto: Roger Sevrin Bruland

Boksen der dei tiltalte nazistane sat ser klaustrofobisk liten ut, eg kjenner det går kaldt nedover ryggen på meg.

Kvifor Nürnberg?

Nazipartiet hadde arrangert overdådige paradar i denne bayerske byen heilt tilbake til 1923.

1934 Nurnberg

Nazistane marsjerer i Nürnberg i 1934.

Foto: Wikimedia Commons

Difor var det symbolsk viktig for dei fire allierte sigerherrane etter andre verdskrigen, USA, Storbritannia, Frankrike og Sovjetunionen, å ta det store oppgjeret her.

Samtidig hadde byen eit romsleg justispalass som var relativt uskadd etter krigen og hadde rikeleg med celler

Eit vendepunkt i verdshistoria

I etasjen over rettssal 600 er det laga ei utstilling der ein kan lære om utviklinga til internasjonale straffedomstolar og tribunal.

Slobodan Milosevic

Ei utstilling viser forbindelsen mellom Nürnbergprosessen og Den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia.

Foto: Roger Sevrin Bruland

På ein vegg stirar Serbias sterke mann Slobodan Milosevic mot meg.

Ved sidan av bilete frå Gacaca-domstolar i Rwanda etter folkemordet der.

Utstillinga legg vekt på at det var her i Nürnberg at nokon første gang var tiltalt for «brotsverk mot menneskeslekta».

Det var også første gang omgrepet folkemord blei brukt. Poenget var at personar vart forfølgde fordi dei tilhøyrte ei spesiell gruppe.

Folkemord var ikkje ein del av tiltalen ved Nürnberg, men i 1948 blei Folkemordkonvensjonen vedteken av FN generalforsamlinga.

Putin på tiltalebenken?

Det er lett å la tankane fare når ein sit i rettssal 600. Utanfor skin sola og gardinene blafrar i den milde brisen.

Vil vi nokosinne sjå Vladimir Putin som tiltalt i ei krigsforbrytarsak?

Putin Nürnberg

Ein kampanje for å gje Vladimir Putin sitt Nürnberg i Wroclaw, Polen

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Den internasjonale straffedomstolen har tiltalt Putin for 11 grove brot på Genèvekonvensjonen.

Den ukrainske presidenten Volodomyr Zelenskyj peikar på at tusenvis av ukrainske born er blitt kidnappa og deportert til Russland. Han kallar det folkemord.

Likevel er det få som trur Putin ein dag vil sitte i tiltaleboksen med svarte solbriller. Til det er slike prosessar alt for politiske, meiner kritikarane.

Kherson oblast

NRKs korrespondent vitjar ein skule i Kherson fylke, få dagar før Kherson by blei frigjort. Dei russiske soldatane hadde nyleg forlate skulen, og vitne kunne fortelje at den hadde blitt brukt som torturkammer. Dette er berre ei av mange saker som blir etterforska av ukrainsk og internasjonalt rettsvesen.

Foto: Andras D.Hajdu

«Sigerherrejustis»

Kritikken mot Nurnbergprosessen har heile tida vore at dette var sigerherrane si rettssak.

Det hjelpte ikkje at den brutale diktatoren Josef Stalin sende sine «spesielle» advokatar, som hadde sendt hundretusenvis av menneske i gulag eller galgen under utreinskinga i det som no blir kalla Den store terroren i Sovjetunionen på 30-talet.

Russland har heilt fram til invasjonen av Ukraina samarbeida tett med museet i Nürnberg.

Men formålet har ikkje vore spesielt edelt. Det har handla om å finne argument til propagandamaskineriet, meiner den amerikanske historikaren Francine Hirsch i ein artikkel i magasinet Time.

Det handlar om ein ting: Å framstille den ukrainske regjeringa som arvtakaren etter naziregimet i Tyskland.

Kan vi lære noko av Nürnberg?

Den amerikanske aktoren Robert Jackson la vekt på at nazistane sine brotsverk var så kalkulerte og så vondskapsfulle at sivilisasjonen vår ikkje ville overleve skulle dei skje igjen.

Over 75 år seinare er Vladimir Putin ein etterlyst mann i fleire land, og arrestordren er skrive ut av nettopp Den internasjonale straffedomstolen.

Det vil ikkje nødvendigvis seie han blir arrestert i land som Sør-Afrika og Ungarn, men likevel, han slepp ikkje heilt unna.

Truleg er frøet som blei sådd under Nürnbergprosessen ei viktig årsak til dette.

Nürnbergprosessen plakat

Nürnbergmuseet understrekar at det var her grunnlaget for Den internasjonale straffedomstolen (ICC) blei lagt.

Foto: Roger Sevrin Bruland

Karismatisk og farleg

Tilbake i 1945 sat Hermann Göring på fremste benk i rettssalen – som ein slags lagkaptein.

Han var massemordar, men også den første superskurk-kjendisen.

Herrmann Göring forklarar seg i vitneboksen.

Den mektige sjefen for Luftwaffe, Hermann Göring, forklarar seg. Han var ein av dei siste i den indre sirkelen til Adolf Hitler som hadde overlevd krigen.

Foto: Wikimedia commons

Göring var dekorert krigsflygar frå første verdskrigen og gift med ei svensk adelskvinne som døydde av sjukdom. Den alkoholhaldige drikken Jegermeister heitte opphavleg ein Hermann Göring.

Han gjekk på morfin som gjorde han pløsete og forfengeleg. Varemerket var ein kvit uniform med eit lass av medaljar.

Hugs, dette var lenge før Libyas Muammar Gaddafi blei modell for Sasha Baron Cohens hovudperson i filmen «Diktatoren».

Justispalasset Nürnberg

Bakgarden til justispalasset i Nürnberg.

Foto: roger Sevrin Bruland

I fangenskap hadde Göring blitt nykter og fokusert.

Han naut rampelyset og duellane med aktor Robert Jackson.

Göring hevda at han visste ingenting om konsentrasjonsleirar og massedrap. Han var ein fredens mann og ein diplomat, sa han. Det var Sovjetunionen som var den eigentlege fienden, og kva myndigheit hadde eigentleg denne domstolen?

Seinare har verda høyrt mange vitnesbyrd som er slåande like.

Dei grufulle handlingane er grundig dokumentert.

Göring og Hess i eit tysk magasin frå 50-talet

Göring og Hess i eit tysk magasin frå 50-talet.

Foto: Roger Sevrin Bruland

Natta før han skulle bli hengd tok han sjølvmord med cyanid. I Tyskland blei det kviskra at «Göringen» hadde lurt bøddelen og forbløffa verda ein siste gang.

Ein guide kjem inn i rettssal nummer 600 med ei gruppe amerikanarar. Ho fortel at dei amerikanske vaktene likte Göring. Han var spanande å snakke med. Karismatisk. Og det var truleg ei vakt som hadde gjeve han cyanid-kapselen.

Kanskje var han ein Göring-fan og kunne skryte av dette til venane sine?

Det er uansett ei åtvaring om ikkje å dyrke vonde menneske, uansett kor karismatiske og fargerike dei er.

SISTE NYTT

Siste nytt