Hopp til innhold

12.000 bur på flybase: – Ein redningsaksjon utan sidestykke

I ein teltleir på rullebana ved Ramstein-flybasen bur det no 12.000 menneske. Evakueringa frå Afghanistan er ei enorm oppgåve for det amerikanske flyvåpenet, fortel kommandanten ved basen.

Ramstein

Ved registreringssenteret i hangar fem. Ungar leikar medan foreldra ventar på ein sakshandsamar.

Foto: Nicola Zini / NRK

Hundrevis av meter med nettinggjerde deler opp den enorme hangaren ved Ramstein flybase utanfor Kaiserslautern i Tyskland.

Ungar spelar fotball, medan dei litt eldre borna nysgjerrig tittar ut gjennom gjerdet.

Det er lenge å vente på å bli registrert og mange kjedar seg.

– Men vi er også takksame for no er vi trygge, fortel eit ungt par til NRK.

Ramstein

Hangar fem er delt opp i seksjonar med hønsenetting. Her må dei vente på å bli registrert og det blir gjort ein bakgrunnssjekk.

Foto: Nicola Zini / NRK

– Vi hadde ikkje noko anna val, vi måtte flykte

Ein middelaldrande mann fortel han og familien hans klarte å kome seg til flyplassen i Kabul ved å dekke til ansiktet.

– Taliban veit eg arbeidde for amerikanarane, så hadde dei funne meg ville dei ha drepe meg, seier han.

Han er uroleg for slektningane som ikkje har kome seg ut.

– Taliban leiter etter folk som har arbeidd for dei militære eller for utanlandske mediehus, fortel han.

Reiser vidare til USA

Etter registrering blir familiane forlagt i ein stor teltleir på rullebana. 340 telt er sett opp og det er også laga til for overnatting i fleire hangarar på flybasen.

Sidan 20. august har basen teke imot 20.500 afghanarar. Berre 5.000 av dei har reist vidare til USA.

Det amerikanske flyvåpenet nyttar Ramstein som mellomlanding når dei evakuerer folk frå Kabul.

Det amerikanske flyvåpenet nyttar Ramstein som mellomlanding når dei evakuerer folk frå Kabul.

Utfordringa har vore at det tek lang tid å klarere afghanarane for avreise til USA og kapasiteten for å huse folk er sprengt.

Kapasiteten ved kantinene på flybasen som har over 50.000 tilsette, viss ein reknar omliggande installasjonar, er også sprengt. Lokale restaurantar hjelp difor til med å lage mat til afghanarane. Ein reknar med at dei treng 60.000 måltider kvar dag.

Ramstein

Ein gut vandrar mellom telta på rullebana.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Pause i evakueringa

Da NRK besøkte basen på laurdag, kom det ingen fly frå Kabul.

Basesjef brigadier Joshua Olson fortel til NRK at det var nødvendig å gjere ei ny sikkerheitsvurdering etter bombeangrepet ved flyplassen i Kabul, både i Kabul og ved Ramstein-basen.

Dette har gjeve dei ved Ramstein-basen eit lite pusterom slik at dei kunne få fart på uttransporten til USA.

Utsending ved den amerikanske ambassaden, Elizabeth Horst, forsikrar at evakueringa vil halde fram til tidsfristen går ut på tysdag.

Ho vil ikkje kommentere om denne tidsfristen vil bli utvida.

– Det må Washington svare på, fortel ho til NRK.

Ramstein Air Base

Utsending ved den amerikanske ambassaden i Berlin, Elizabeth Horst, og basekommandant Joshua Olson møter pressen.

Foto: Nicola Zini / NRK

Brigadar Olson legg til at for dei amerikanske soldatane på basen handlar det om å redde liv og gje folk håp.

– Dette er ein redningsaksjon utan sidestykke. Det er heilt utruleg kva våre unge pilotar, soldatar og marinesoldatar får til her, fortel han.

Terroroffer får behandling

Oberstløytnant Simon Ritchie er lege ved flybasen.

Simon Ritchie

Oberstløytnant og lege Simon Ritchie fortel om ein hektisk periode ved basen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Han fortel om lange dagar der han har behandla beinbrot og traume. Han har også sett mange babyar kome til verda.

Eit steinkast unna, ved militærsjukehuset i Landstuhl, får 20 personar som vart såra i bombeangrepet mot flyplassen i Kabul behandling.

Ritchie vil ikkje kommentere dette, men seier på generell basis følgjande:

– Vi behandlar alle som kjem av flya og vi spør dei ikkje kor dei kom ifrå eller kva det var som skjedde. Vi gjer berre det vi kan for å redde dei.

Følg utviklinga i NRK Nyhetssenter:

SISTE NYTT

Siste nytt